mandag, mai 30, 2005

Biletlaus

Bloggen var biletlaus nokre timar ein dag.
Det var krise.
Den blei ganske så bleik og kjedeleg ei stund.
Det skuldast at servaren for bileta (VG nett fotoalbum) var nede for telling.
Satsar på at det ikkje skjer særleg ofte.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, mai 29, 2005

Halleluja!

Liberiansk kor
Etter Bobby McGee og soltilbedinga i natt, var det på tide å koma seg i kyrkja.
Til konsert.
Med det Liberianske Gospelkoret, Kongolesisk kor og oss, den norsk/kongolesiske trioen Daap.
Både liberianarane og kongolesarane er drivande dyktige sangarar. Samstundes er dei befriande avslappa. At ein av ungane kom opp og var med litt, det gjorde ingenting.
kongolesisk kor og barn
På slutten tok det skikkeleg av, slik det skal gjera på ein gospelkonsert. Liberianarane dansa omkring. Nokre (afrikanarar) kom fram og deltok i dansen. Nordmennene blei stive av skrekk, og trudde at dei blei nødt til å gå fram og dansa dei òg.
Liberianarane tok kvarandre i hendene og løfta dei opp, og fekk nokre andre med. Yngve og eg, den norske delen av Daap sat lengst framme i kyrkja og byrja å kaldsvetta.
Me trudde nemleg at me blei nødt til å ta kvarandre i hendene og synga "halleluja". Det var me ikkje heilt klare for, nemleg.
Men det blei med skrekken.

Uansett, slike norsk/afrikanske møte er spanande. Blandinga av afrikansk gospel og "Norwegian stiffness"; Det kan jo bli noko særeigent og godt ut av det.
-La oss møtast igjen, sa den liberianske dirigenten til oss i Daap etterpå.
Og det vil me gjerne.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Slaget mellom lys og mørke

lys og mørke
Har eit svært festleg lag her. Med allsang og gitar. Og svært gode forsøk på Bobby McGee.
Bobby McGee
Det har vore kaldt. Så vedovnen har putra i bakgrunnen.
Sangen har ljoma.
Alt medan det har foregått eit heftig slag utanfor.
Mellom lys og mørke.
Skyene virvla nervøst rundt i slaget.
Virvlande skyer
Og brått var ho der.
Som me har venta på. Midnattsola. Ho braut gjennom. Og lyste opp alt. Gjennom mørket. Gjennom Bobby McGee. Gjennom alt.
Ingen vits i å avslutta sangen. Lang tid i vente utan søvn. Berre lys.
Midnattsol

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mai 28, 2005

Kafè liv

Kafè liv
Spørsmålet var: Kva skulle me finna på i dag?
Svaret var å gå på laurdags kafè.
Er for min del litt lei av Opticom, som er det einaste alternativet sånn utpå dagen. Det er så innestengt der. Vindauga peikar ut mot innestengte, trafikerte gater. Det er ikkje ein einaste utestad som klarer å ha utsikt mot fjorden og naturen. Det einaste som er verdt å sjå på. Som om ikkje det er nok, så er persiennene på Opticom alltid halvvegs lukka. I beste "Byen bak gardinene"-stil.
Får klaustrofobi av mindre.

Vel framme på kafèen kom i tillegg dagens store skuffelse; Byens afrikanarar hadde hatt kafè på Vårbrudd. Servert ei mengd spanande kaker. Afrikansk middag til 40 kroner. Sikkert underhaldning òg. På Vårbrudd. Den finaste staden byen har å visa fram til. Med malt himmel i taket og greier.
Men afrikanarane var akkurat ferdige. Dreiv og pakka ned. Og eg hadde ikkje fått med meg at det skulle skje.
-Pokker....

Vel. Traff nå nokre kjenningar straks me kom inn på Opticom. Dei smilte strålande. Vinka oss bort til bordet deira. Bestilte kaffe og "Verdens Beste". Drøsa, lo og fjolla. Ein kar gjekk. Ein ny kom like etter.
Så var det ut i vinden og røyka litt. For dei som måtte det. Og gjera avtale for kvelden. Det var jo fint. Trass alt.
Kafè liv med røyk

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Han e hard...

Grov sjø 1
Det bles hardt i dag. Vestleg kuling.
Jaja, hardt og hardt. Vestleg vind i Aust Finnmark er jo ikkje allverda. Og samanlikna med Vardø var vel dette for flau bris å rekna.
Men det reiv nå i skrotten på ein søring, i alle fall.
Og alle tinga som elles ligg og solar seg i fjæra fekk fart på seg i dag.
Grov sjø 2 med drivved og ting og tang

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Konsert

Søndag 29. mai kl. 19 er det konsert i Vadsø Kirke. Liberiansk Gospelkor, Kongolesisk Kor og Daap opptrer.
Kom, kom, kom...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, mai 26, 2005

Borte

fjord og fjell
Det har vore ein strålande dag. Varmt og solfylt. Ungane på skulen tok lærebøkene med seg ut. Slapp å sitja inne i varmen ein del av dagen.
Samstundes har det vore ein ganske trist dag.

Ein av ungane er i dag sendt tilbake til Tsjetjenia saman med familien.
Verken lærarar eller klassen hans fekk anledning til å ta farvel med den ti år gamle guten. Berre ein kort beskjed frå Asylmottaket om at han var sendt bort. Politi på døra om morgonen, beskjed om å pakka sakene fort og transport ut til flyplassen.

For borna på skulen er det vanskeleg å forstå kvifor dette skjedde.
-Kvifor måtte dei gjera det, spurte dei.
Denne guten var godt etablert i byen. Hadde budd her i tre år. Snakka norsk som alle andre. Leika som alle andre. Og brått er han borte.

Snakka sjølv med han seinast i går.
Me sat ute, saman i friminuttet og kosa oss i sola. Han var blitt så stille dei siste vekene. Kanskje han merka kva som kom til å skje. Klappa han til slutt på skuldra og spurte om han var klar til time igjen. Han fulgte lydig med inn igjen. Og det vart altså ein av dei siste, norske skuletimane hans.
Håpar det går bra med han der borte.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, mai 23, 2005

Ung fotograf

ung himmel
Dette er eit av dei første bileta tatt av sønnen min. Han har nemleg fått seg digitalkamera. Og himmelen over Varanger fanga merksemda hans med ein gong.
ung fotograf
Biletet hans går nærast i eitt med bakgrunnen på bloggen min.

Det neste biletet han tok er av steinane som ligg ved Vadsø og Nesseby kommunar. Merke etter der sjøen ein gong var. Då istida var over heva landet seg og etterlot seg mange sjømerke oppover i terrenget.
ung sjømerke
Og det siste biletet hans er tatt ved Isvann, ein stad kor mange tar ein utflukt når det er tid.
Flott debut av den unge fotografen, kva?
(Ja, kor har han det frå, skal de spørja då...)
ung isvann

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mai 21, 2005

Made in hagen

hagen mai 2005
Dette er den fyrste artikkelen som er laga ute i hagen i år.
Med bærbar pc og trådlaust nettverk er det ingen sak.
Hagen ser ikkje særleg ut etter graving og drenering i fjor. Men det blir vel ei ordning med det etterkvart.
Sat i alle fall med kaffekoppen og skreiv og såg på livet.
På tre eldre damer som stod ved hagegjerdet og prata, flirte og kosa seg.
På ei skorsteinspipe haldt måsane på med det dei driv med nå på våren. Ved sida av den vanlege skrikinga.
To måsar
To afrikanske gutar susa forbi på syklane sine.
Ein eldre, afghansk mann rusla opppover (lurer på kva han tenkte då han såg meg med kaffekopp, caps og bærbar pc ute i sola).
Og mellom husa lyste fjorden blått og fint.
Fjord mellom hus

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, mai 20, 2005

Mannfolk kan òg lesa dikt

rødvin
Var i ei unik forsamling i kveld.
10 mannfolk samla i eit hus. Unge og gamle. Dei unge var i stova og såg på Idol.
Idolgenerasjonen
Idolgenerasjonen

Dei eldre var på kjøkkenet. Og leste dikt!
Jepp!
Sjå nøye på desse mannfolka. Det er sjølve kremen som er samla her. Ein gjeng med musikk, foto, lese og skriveglade menn i sin beste alder.
I eit hus med stor takhøgde. Det er nemleg plass til både dikt og rødvin der. Og Idol.
Diktgenerasjonen
Diktgenerasjonen

Det er ikkje umogleg at det blei født nokre nye dikt ut av denne kvelden. Får sjå om me får presentert dei i bloggen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, mai 17, 2005

Grå 17.

17. mai tog
Det er eigentleg naturstridig å feira 17. mai i Vadsø. Folk har sett på fjernsyn korleis det blir gjort sørpå, og prøver etter beste evne å finna på noko liknande.
Difor kan ein sjå ungar som et is med polvottar og lua langt nedover øyrene.

I dag var det grått. Slik det pleier å vera den 17. Rundt 4-5 grader. Ein sur austavind haldt på å riva fanene ut av hendene på ungane.
Ein av ungane syntes derimot det ikkje var så verst i år. For han hadde høyrt at det snøa i Trondheim. Og det gjorde det ikkje i Vadsø.
-Hah!
Uansett gjaldt det å traska i vei i toget, fortast mogleg for å få det overstått. Koma seg inn i Vadsøhallen, håpa at ein fann sitjeplass, og at ikkje all kaffen var drukke opp alt.

Litt trivelegare var det å bli invitert heim til ein familie på 17. mai-kaffebesøk.
Som gode vadsøværingar flest, hadde dei bakt diverse, kulinariske kaker.
Som denne i jordbærrødt, kremkvitt og blåbærblått.
-Hurra for 17. og alt det derre der...
17. mai kake

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, mai 15, 2005

Festleg lag frå a til båt

Bajazzo
Me tok han ut i går. Fullførte heile løypa. Ein slik tradisjonell laurdags kveld i Vadsø.
Det starta med pizza og hyggjeleg konversasjon hos Arnfinn og Louise. Ein god gjeng snakka om vårt fleirkulturelle fellesskap. Blant anna om eige opphav. Folk som trudde dei berre hadde kvenar i slekta si, men som har funne ut at det er nå eit og anna samisk element der òg.
Stadig fleire som finn ut det.
Og at noko burde gjerast for å få afghanarar, kongolesarar nordmenn og andre i byen meir saman. For eksempel arrangera felles kulturelle festar.
-Det er mange som har lyst, men ingen som gjer noko, sa ein.

Så gjekk turen til Bajasso. Dette er ein pub som har vore brunare enn den brunaste brunost (var den litt blaut, eller?...ja, den var vel det...)
Den har overlevd den kalde krigen, seg sjølv og stått som den einaste pålen i Vadsø sitt næringsliv. Korleis den har overlevd alle omveltningane er ei gåte. Seinare skifta den til namnet Pintos, og blei endå brunare. Nå er namnet Bajasso tatt tilbake igjen. Og etter andres pub-død har den svinga seg skikkeleg opp. Med masse musikk og masse folk.

I går var det Gemmen som spela med gruppa si. Diverse låtar av Creedence med meir. Ein sikker vinnar blant svingande vadsøværingar. Ekstra godt å høyra Roald på stødig bass. Viss dei får skifta ut trommemaskinen med ein levande ein, blir det endå betre.

Vorspiel, musikk og fest måtte avsluttast med nachspiel på ein båt. Nærare bestemt i sjarken til Geir. Gitar, sang (ja, salmane kom fram igjen) og positivt samvære i den trange kahytten.

Då det var på tide å dra heim utpå morgonen, så snøa det.
-Ja, nu e visst vinteren tebake, sa drosjesjåføren.
-Ja, jammen er den visst det, svara eg.
jordbær og fløyte
Jordbær og fløyte på veg til byen. Som Jeltsin ville ha uttrykt det.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mai 14, 2005

Snart midnattsol

skyer i mai
Midnattsola er like rundt hjørnet nå.
Faktisk skal den vera her den 17. mai.
Men allereie nå er kveldane lyse og fine.
Tok desse bileta klokka 11 om kvelden i går.
skyer i mai 2
fugl i mai
måne i mai

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, mai 13, 2005

Første smak av sommar

byen i mai
Dette har vore ein fantastisk flott dag! Sola skein, og det var varmt! Den første dagen då jakka og lua kunne pakkast ned i sekken.
Vel, varmt er vel eit relativt omgrep alt etter kor ein er i landet. Og pluss 8 grader er kanskje definert som kaldt andre stader.
Men det var nok til at det var ein ekstra lang kø på Vinmonopolet.
Andre ordna seg ein piknikk i solveggen ved Hermetikken. Såg innover den speilblanke fjorden og det rolege landskapet.

Det er ikkje vanleg med slike varme dagar i mai. Og den 17. er det kanskje sur vind og snøfiller igjen. Isen i Kvitsjøen ved Kola har vel ikkje smelta seg ferdig ennå. Klar til å senda mengder med tung skodde innover mot oss.
Og det var noko som minna mistenkeleg om skodde der ute i aust.
Men det gjer ikkje noko. Ein slik dag som denne set seg fast i kroppen uansett.
fjorden mot aust

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, mai 11, 2005

Hurra....

plakat
Rimi kunne like gjerne ha lempa traktorlass med fiskeavfall i hagane til folk for å gjera måsen glad.
Skrikande måsar og yre ungdommar med vanngevær; Månaden mai har sin sjarm.
Takk, Rimi!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, mai 08, 2005

Detaljar

sjø ved kai
Ekkerøy er staden å dra om våren, viss ein vil sjå på himmelen, fuglar eller små detaljar.
Her er eit knippe av det siste frå ein tur denne helga.
kai

opprørt sjø

stein og blått

mur

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mai 07, 2005

Elsk og hat

Krykkjer nært
Har eit slikt elsk/hat forhold til måsar. Litt meir nyansert enn Odd Børretzen, altså.
Nå er det vår. Natta er lys. Og måsen skrik noko forferdeleg. Som regel alltid like utanfor soverommet mitt.
Då hatar eg dei. Så intenst. Det får ikkje hjelpa at dei er våryre og vil laga mange ungar.
Krykkjer fjernt
Men når eg tar turen ut til fuglefjellet på Ekkerøy og ser tusenvis av krykkjer som jobbar og slit dagen lang med å gjera redet klart for komande familie...Vel, at eg då elskar dei, er kanskje å ta litt for mykje i. Men dei får i alle fall meir sympati...
Krykkjer veldig nært

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, mai 05, 2005

Made by Skiklubben

Dugnad
I morgon, fredag skal det stå klar ein ny butikk i Vadsø. Og den er laga av skiklubben. Fedre og mødre til håpefulle skitalent har stått på i 90 for å bli ferdig med dugnadsarbeidet.
Min innsats er nå sånn ymse. Er så lite praktisk anlagt. Så eg står der, klør meg i hovudet og håpar at nokon skal fortelja meg kva eg skal gjera.

I kaffepausane sit fedrene og diskuterer siste nytt innan skipreparering. Mange av dei legg ned ein masse tid og pengar på å få til den beste glien på skia til sønner og døtre.
Og eg sit taus med kaffekoppen min og forstår null og niks. Eg kjem nok ikkje langt med vindanorakk, blå swix og klister i dette miljøet.

Butikken som snart skal stå ferdig er ein ny klesforreting. Har inntrykk av at det snart berre er klesforretningar og frisørar i denne byen.
Men det er nå greit. For skiklubben tener vel godt med dette dugnadsarbeidet. Og innsatsen og iversen som alle foreldra legg ned er berre imponerande.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, mai 01, 2005

Himmelen over Ekkerøy

Ekkerøy og himmel
Himmelen er det stadig tilbakevendande tema i det flate Aust Finnmark. På Ekkerøy, to mil utanfor Vadsø er det meir enn nok av den.
Ekkerøy og fjell
Utsikt, som det blir betalt så mykje for elles i landet, er det berre å supa i seg her, heilt gratis. Uansett kor ein måtte snu seg.
Ekkerøy og luftgevær
Var der i helga. Vaksne og unge. Kosa oss på reinskinnet. Skaut litt med luftgevær. Og såg meir på himmelen.
Ekkerøy og meir himmel

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Pinnekjøtt og 1. mai

Pinnekjøtt
Nei. Denne matretten og denne dagen har i utgangspunktet ingenting med kvarandre å gjera.
Men det har seg i alle fall slik at eg har sluntra unna heile 1. mai feiringa i år. Er ikkje så stolt over det, forsåvidt. Har likt det å vera blant trauste arbeidarar og synga Internasjonalen og høyra på flammande talar frå byens kommunistar (litt mindre flammar frå SV-talaren og berre litt lunk frå Arbeiderpartiet).
Men eg byrjar vel å bli sedat. I fjor møtte eg langt ut i arrangementet og stod heilt bakerst i lokalet. Og i år var eg ikkje der i det heile tatt. Hm.

I staden har eg tatt meg av familie og nære folk. Vore på ein sykkeltur til Thomaselv. Og servert pinnekjøtt til middag. Som eg har salta og tørka sjølv. Ganske stolt av det.
Så det er dei nære ting som har prega heimen denne helga.
Men det kan henda at det blei nynna litt på Internasjonalen imellom pinnekjøttbitane.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.