torsdag, juni 30, 2005

Kamerat

Kamerat
Har ein kamerat sørpå. Frå Siem utanfor Molde. Studerte media saman med han i Volda for lenge sidan, uteksaminert i 1989. Budde med han og andre i eit kollektiv av glade studentar.
Han er ein kar som har gjort uutsletteleg inntrykk på dei fleste rundt seg. Med historiar og spilloppar.
Som då han innførte hundehalsband og tvungen bjeffing for dei som braut husreglar i kollektivet. Eller då han bestemte at me skulle kle oss i fotballdraktar, bondecaps OG nettingstrømper på ein "typisk-mannfolk-student-fest".

Etter ein drøymejobb med reising over heile verda, har han slått seg til ro i heimbygda. Bygd seg hus i nærleiken av slekta. Saman med barn og kone.
Og med ein enorm utsikt over Romsdalstindane.
Romsdalstindane
Me har ikkje hatt noko særleg kontakt etter studietida. Han har sendt eit julekort av og til. Ein og anna sms og sjelden telefonprat har det vore. Felles for dei alle er at dei stort sett inneheld dei verste injurierande kraftgloser.
Det er vår form for humor. Å kalla kvarandre for dei mest forferdelege ting. Desto verre, desto meir morosamt blir det.
Men det kan gå eit år mellom kvar gong det skjer.

I slutten av juli skal han og kona feira bryllup. Det får eg ikkje anledning til å delta i. Så eg tok turen innom nå, på vegen til Vestlandet.
Å treffa han igjen var som om det berre var ein dag sidan sist. Sjargongen vår var der med ein gong. Ein kunne sjå det i augnekroken hans, kor lyst han hadde til å slynga ut nokre kraftgloser.
Men me haldt oss i skinnet begge to. Berre små fornærmelsar.
Sidan det var kvinner og barn til stades.
Middag
Etter ein dag var det å dra derifrå. kanskje det går eit år før det brått kjem ein sms med nokre nyfunderte kraftgloser igjen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Mot nord og sør

Nokon drar nordover ved å haika.
Imponerande.
Eg er meir makeleg anlagt, og har samstundes dratt sørover i fly.
Fyrst til Tigerstaden. Så til ein kamerat frå Siem utanfor Molde. Så Hurtigruta. Så Bergen. Så barndomsstaden i Sunnhordland, Halsnøy. Så Tigerstaden igjen. Og tilbake til Vadsø. Er tilbake den 6. juli, viss nokon skulle lura.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, juni 28, 2005

Festival i nord

Vil gjerne ta ei rask anbefaling av nokre festivalar i sommar:

-Skiippagurrafestivalen, i byrjinga av juli.
Den får eg ikkje anledning til å koma på sjølv. Men skulle gjerne. Det store blir svenske Hedningarna saman med Wimme.
-Tusenårsmarkering i Vardø i samband med Pomorfestivalen, i slutten av juli. Masse som skjer.
-Riddu Riddu i midten av juli.
-Varangerfestivalen frå 10. aug.

Viss det er nokre andre festivalar du synes eg og andre burde få med oss, gi beskjed.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juni 26, 2005

Safari i Varanger

Krabbe
Safari i Varanger er spennande. For ikkje så lenge sidan kåra til det mest spennande du kan gjera av eit finsk mannfolkblad.
Og det er sjarkfiskaren Geir som står bak.
Geir
Ein driftig fiskar som har funne sin nisje. I å transportera turistar ut på fjorden. Med sjarken "Varangergutt".

I helga inviterte han oss, ein gjeng vener ut på fjorden. Det er i grunnen det beste me kan finna på ein fredags kveld. Å ta ein tur ut i sjarken. For det skjer meir ute på fjorden enn inne i byen.
ombord på sjarken
For der ute såg me straks nokre kvalar. Ein gjeng med kvitfisk som boltra seg i havet.
Så var det bort å sjekka ei krabbeteine. Som er satt ut for turistane.
Og teina var full, ja.
krabbeteine
Så var det å dra ut til Kibygrunna. Ei grunne som er full av liv. Av Måsar. Små fisk. Og stor fisk.
Så mykje fisk er det her, at ekkoloddet blir farga raudt.
Ekkolodd
Det byrja å blåsa opp. Regn og nordleg, stiv kuling var meldt. Men fiskarane var ivrige.
Blåse
Men så var det vendereis.
Den omsorgsfulle skipparen varta opp med sin eigen variant av baccalao, med fersk sei.
mat
Det var godt.
...og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur.
mat 2

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, juni 24, 2005

St. hans de luxe

St. hans bål og folk
Kor mykje meir kan ein forventa av ein St. Hans?

Det starta med ein flott regnboge ute i fjorden.
regnboge
Den såg me på veg opp til ein nabo, som hadde invitert til midsommarsfeiring med grillspyd og greier.
grillspyd
Me var ein gjeng rundt bordet. Gitar og sang. Gitaristen hadde gløymt grepa og teksten. Og ringte ein kamerat for å friska opp. Medan han spela.
gitar
Ein fiskar kom innom. Hadde med seg endå ein gitar. Og ein halvvegs levande kongekrabbe.
kongekrabbe
Den blei snart ikkje levande i det heile tatt, ved hjelp av koking.
Og skulle de vera i tvil: Kongekrabbe er veldig godt. Betre enn den beste hummar.

Så var det å dra ned til Ytrebyfjæra.
Der sat ein gjeng eldre kvenar og kosa seg rundt grillen.
kvenar
Lenger nede ved stranda sat ein god gjeng rundt bålet. Nokon bada. Det er på ingen måte varmt. Så desto tøffare er dei som hiv seg uti.
bading
Det var sang. Og det var spel. Og midnattsola skein der bak. På denne lysaste dagen i året.
Og bålet varma så godt.

Gjengen løyste seg etterkvart opp. Dei mest ihuga drog iveg til sjarken til krabbefiskaren.
Eg drog heim. Og skreiv litt i bloggen.
Vel vitande om at det er nok ikkje så mykje meir ein kan forlanga av ei St. Hans feiring enn dette.
bål

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, juni 22, 2005

Ferie og avskjed

himmel og skyer
Siste skuledag i dag. To månader ferie! Det kjennest vanvittig godt.
Tok avskjed med ungane på skulen.
Hadde ein seanse der me sat i ein ring og kasta eit garnnøste til kvar og ein i klassen. Den som kasta nøstet skulle seia noko positivt om den som fekk det. Så danna det heile eit mønster av garntråd inne i ringen.
Ungane sa mykje fint om kvarandre.
Og ved avskjed spanderte dei alle ein klem til oss lærarar.

Det er ikkje vanskeleg å kjenna kor glad ein er i desse ungane etter ein slik avskjed.
Gløymt er alle tunge stunder. All frustrasjon. Alt slitet. Tilbake sit ein med inntrykket av kor fine dei er.

På lærarrommet vanka det stor, flott lunsj, slik det pleier etter endt skuleår. Og i avskjedsbyen Vadsø er det kvart år nokre lærarar som takkar for seg og reiser sørover.
For dei som blir igjen, kan dette opplevast som svært tungt.
Ein i kollegiet haldt med tungt hjarte avskjedstale for kameraten sin. Desse to typane er dei næraste eg har sett av teikneseriefigurane Pondus og Jokke. Den eine ihuga Liverpool-fan, den andre litt av kvart.
Kameratskapen mellom dei var så sterkt at "Pondus" hadde husnøkkelen til "Jokke", og at han kunne finna på å stikka innom midt på natta for å låna dvd-spelaren til "Jokke".
Og i dag reiste altså "Pondus" bort.
I avskjedstalen samanlikna "Jokke" tapet av kameraten sin med å skjæra av seg venstre testikkel.

Men som me veit, så høyrer det med i denne byen å ta avskjed av og til.
Nå ventar ferien. Avslapping. Litt reising. Festivalar. Og masse hagearbeid...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, juni 21, 2005

I dag er han...vestleg

vimpel i vind
I Vadsø kjem vinden stort sett frå to retningar. Frå aust eller vest. Med visse nyansar. Ja, forsåvidt er det ganske vesentleg om nyansane for eksempel er nordaustleg eller søraustleg. For det kan bety enten snøstorm eller tropevarme.
Men slik eg ser det i alle fall, er den stort sett austleg eller vestleg.

For ein syklist i byen kan det utgjera ein svært stor forskjell. Nesten på liv og død. I alle fall såpass at det kan innebera at arbeidsdagen enten blir ein god ein, eller ein dårleg. Eller at ei lang arbeidsøkt endeleg blir avslutta på ein god måte, eller sånn reint forjævleg.

For det å sykla med eit kjempande og grinande uttrykk i motvind er veldig annleis enn å berre segla bortover med eit salig smil og ein, i augneblinken velsigna medvind i ryggen.

I dag var han vestleg utpå ettermiddagen.
Og etter mykje slit og arbeid kunne eg ta sykkelen ut på vegen heim. I retning aust. Med vestleg vind i ryggen.
sykkel på veg

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, juni 20, 2005

Flyktningane sin dag

underhaldning
I dag er FNs flyktningedag.
Den blei markert i Vadsø med eit stort arrangement på Vårbrudd av asylsøkarar og flyktningar i byen.
Vårbrudd var fullstappa. Ein del vadsøværingar hadde òg funne vegen.
På bakrommet kunne me kjøpa spanande mat i alle variantar.
Og på scenen nærast spruta det i underhaldning frå dei nye landsmenna.
Ikkje berre på scenen, forresten. Forskjellen på ein slik fest og ein vanleg norsk ein, er at det er minst like mykje underhaldning blant publikum. Der dei jublar, dansar og syng saman med artistane.
Snakka med ein kar frå Iran. Han gjorde noko så spesielt som å laga tradisjonelle, iranske instrument. Me avtalte å utveksla musikalske erfaringar ein gong seinare.

Gjekk ein tur bort på Bajasso, der nokre få sjeler tok kveldens måndagspils. Og kontrasten kunne ikkje ha blitt meir slåande. Resten av byen låg berre og døsa slapt og apatisk.
I bakgrunnen lokka dei pulserande rytmane.
Kanskje ikkje så dumt å ta ein liten tur tilbake, til fleire spanande kaker og rytmar.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juni 19, 2005

Tærne fri i Ytrebyfjæra

Ytrebyfjæra
Trur ikkje det var så veldig varmt i sjøen i dag. Det pleier det forsåvidt aldri å vera. Men denne fine søndagen var det i alle fall eit par jenter som fann turen ned til Ytrebyfjæra for å dyppa tærne.
Og snart er det sommarferie!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Kommunikasjon på høgt plan

pc i hagen
Fekk fiksa platting og levegg i hagen i dag.
Og tok straks ut den bærbare pc-en.
Hadde besøk av nokre kjenningar. Prata med dei rundt hagebordet.
Ein nabo kom innom med sykkelen sin. Prata litt han òg.
Og samstundes chatta eg med ein kamerat busett i Bodø via pc-en. Og han såg attpåtil alle folka i hagen via eit webkamera som eg hadde kobla på.
Det kallar eg kommunikasjon på høgt plan!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, juni 15, 2005

Amerikansk geburtsdag

Barne-geburtsdags-bord
Var med på eit slikt overraskings-geburtsdags-selskap i går. Mi oppgåve var å avleda merksemda til jubilanten. Grei oppgåve.
Dei andre var inne i bustaden og ordna.
Jubilanten sa ho alltid hadde ynskt seg eit slikt barneselskap.
Og det skulle ho få.

Så i bustaden dreiv fleire jenter og fiksa og ordna. Slik berre jenter kan få det til. Med diverse kaker. Solboller. Gele i plastkopp. Rødbrus. Og mange oppblåste ballongar.

Så var det tid for den store overraskinga.
Jubilanten gjekk inn i bustaden sin...
Men i staden for eit rungande "surpriiiise", eller noko slikt som me har sett i amerikanske fjernsynsprogram, så kom det berre eit gedigent
-OOOOOOÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆHHHHH!!!!
Først frå jubilanten som brått oppdaga at det var folk i bustaden.
Og eit minst like kraftig "ooooææææææææææhhhhh" frå jentene som stod, overspente og forventningsfulle og gøymde seg.
Så var det masse latter. Og klemmar. Og litt grining. Og opning av pakkar. Og innhogg i "barnematen". Ingen forskjell på korleis ungar og vaksne forsynte seg. Her var me alle barn. For ein dag.
Gåver
Gåver blei det òg

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juni 12, 2005

40 mil for friidrett

Løp
Det er ikkje uvanleg i Finnmark å dra 40 mil eller lengre for å transportera ungar på idrettsstevne. Avstandane mellom idrettslaga er stor. Så skal det bli noko konkurranse, er det berre å køyra. Finnmarkingane reflekterer ikkje så mykje over det. Fyller berre bilen opp og køyrer. Mil etter mil. Avstandar lik Trondheim Oslo. Eller lengre. Berre for ei helg.

Og det var eg altså med på i helga. Køyrde 40 mil mellom Vadsø og Hammerfest. På friidrettsstevne. Saman med sønnen min, to andre foreldre, tre bilar og mange ungar.
Kom fram halv tolv på kvelden.

Overnattinga foregjekk på ein skule. For enkelte med berre eit tynt liggeunderlag på eit hardt skulegolv.
Soverom
Så var konkurransen i gang. Springing og hopping. Ivrige ungar. Nokre veldig flinke. Andre som var med på skøy. Foreldre som hjalp og støtta.
Tre ungar frå Seiland, ei lita øy i vest med hundre innbyggarar og 14 ungar, hadde sendt tre av borna på stevnet, men mangla vaksne. Foreldra frå Vadsø tok seg av dei og hjalp dei gjennom konkurransane.

Sola skein. Det glimta til med skikkeleg godvær under stevnet.
Ungane sprang og svetta, foreldra jubla. Nokre reinsdyr like ovanfor kikka dovent ned på spetakkelet, før dei fann ein hage og åt fleire av byens tulipanar.
Reinsdyr
Og så; Søndags ettermiddag var det på tide å venda heim igjen. 40 mil tilbake til Vadsø.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, juni 10, 2005

Korsang i Vardø er ikkje som korsang i Vadsø

Vardø
Er like forbløffa kvar gong over kor stor forskjell det er mellom Vardø og Vadsø. Ganske like namn. Men elles...
Forskjellen er like stor innan korsang.
Var der denne helga for å øva litt til ei tusenårsmarkering i sommar. Då me kom inn i øvingslokalet, blei me først møtt av ein vegg med tobakksrøyk frå fire skrattande kvinner i beste alder.
Resten av gjengen sat i neste rom, der det var kaffe og to flasker vin på bordet, til kveldens vinlotteri.
Frå Finnmark kjem forresten uttrykket;
-Ka førr et kor drikk du i?

Det blei diskutert rundt bordet at det kunne bli aktuelt med mikrofonar til alle sangarane under "tusenårs-forestillinga".
Ei av sangarane blei litt betenkt og sa at;
-Ja, men hvis vi e mange nok, så træng vi vel ikke nån mikrofona..."

Litt sang blei det. Eit par sangar blei sunge. Før det var tilbake til kaffen og vinlotteriet. Og til og med utlodning av ei konjakkflaske.
Ville hyl blei utstøytt då vinnarane blei utropte.
Men noko meir korsang trur eg ikkje det blei, innan vadsø-folket takka for seg, og gjorde seg klar til å dra heim.
Bak oss kunne me høyra avskjedsrop, hujing og hojing frå det kaffe (og kanskje etterkvart vin og konjakk)drikkande korfellesskapet.

Gler meg til tusenårsmarkeringa.
Kor og vin

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juni 05, 2005

Vi e herfra

Avslapning
Så fann me det heldigvis ut. Kor me er frå. Me er nemleg herifrå.
Og det klarte me ved hjelp av konserten "Kor kommer vi fra?" ute på Vadsøya.
Med KoriFinnmark og MusikkiFinnmark.
Konsert Vadsøya m KoriFinnmark
Men det var inga lett oppgåve me hadde satt i gang med. Været i Finnmark er lunefult. Temperaturen skifta alt etter skylaget. Og vinden stod rett på, så det buldra i mikrofonane, medan notar og utstyr flaug alle vegar.
Agregatet til lydanlegget måtte skiftast. Posisjonar måtte prøvast ut. Mikrofonane måtte tildekkast med koristane sine (sure) ullsokkar for å hindra den verste vindstøyen.
Heile dagen dreiv me på.
Og vinden berre hyla verre og verre.
Kva skulle me gjera?
Flytta konserten innandørs?

Nei, berre ein time før konsert flytta me alt utstyret nokre meter lenger bort, der det var meir ly.
Flytting av utstyr
Så kom folk for å høyra på. Overraskande mange.
Publikum
Så sang me. Og spelte.
Litt sus var det vel i mikrofonane.
Men trur nå det gjekk bra.
Artig var det i alle fall. Å leva slik på kanten av det trygge. For å finna ut kor me kjem frå.
konsert

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, juni 04, 2005

Ja, kor e vi nu egentlig fra?

skyer og solstråler
Det er nå i grunnen litt vanskeleg å finna ut av det. Kor me eigentleg er frå. Særleg her i Finnmark. Kor det er både vestlendingar og diverse raritetar.

Synes at det å stilla slike spørsmål blir som å skrella av den berømte løken til Peer Gynt. Til det ikkje er noko igjen av den.

Men om du går og lurer på det, er det mogleg å få svaret (trur eg) på søndag den 5. juni kl. 18, ute på Vadsøya. Då har nemleg KoriFinnmark konsert. Med tittel "Kor kommer vi fra?"
Eit kor samansett av sangarar frå forskjellige stader i Finnmark. Som samarbeider med musikarar frå MusikkiFinnmark.
Og meininga er å ha ein friluftskonsert ute på Vadsøya. Berre følg skilta. Så får du spanande finnmarksmusikk med Varangerfjorden som kulisse.
Viss været tillet det. Viss ikkje blir det på Hermetikken.

Koret har arbeidd intenst i helga. Så musikken kjem til å bli flott.
korifinnmark øving

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.