søndag, desember 17, 2006

Lys i heimen


Syns det er så kjekt med slike snølykter og islykter. Prøvde å få med meg ein fireåring på prosjektet mitt. Men måtte i staden verna snølykta mot bombardement.
Islykt er òg kjekt. Laga av nedfrosen vatn i ei bøtte. Før den frys heilt til, blir vatnet inni tømt ut.
Eit anna tips er å ha eit stort kubbelys inni eit syltetøysglas. Dermed brenn det lenge.
Og fireåringen har lova å inngå fredsavtale med snø og islykta.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, desember 16, 2006

Ein vinterdag før jul


Har starta juleferie. På med scooterdress og ut i isande, kald føremiddagsluft.
Møtte ei ung, afrikansk jente som ikkje lot seg merka av kulden, der ho vandra bortover gata utan lue.
Ei eldre dame streva nedover på sparken, medan det kvein i stålis og grus.
Nede ved Ytrebyfjæra gjekk ein fjæraplytt og kosa seg.
Og sola var det ikkje så mykje å sjå til. Bortsett frå eit lite skimmer i sør.
Fin start på jul.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.