mandag, juni 26, 2006

Ferie og st. hans


Har akkurat byrja på ferien. Starta den med å setja meg på ein utestad. Som har uteservering, vel og merka. Bøytde hovudet bakover. Og berre såg rett opp i fridomen.
Å koma i gang med ferien på sjølve St. Hans er heller ikkje å forakta. Sat utpå kvelden i ytrebyfjæra med eit par kameratar rundt eit bål. Nokre ungar våga seg uti det 2-3 grader varme (!) vatnet. Elles var det berre det jamne bølgesuset og den lette drøsen rundt bålet som kunne høyrast...og ein og annan måse, sjølvsagt.
Ja. Og så mykje meir er det vel ikkje å sei enn at det alt i alt var ein temmeleg fin dag.
...og det heile er foreviga i ein video òg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, juni 20, 2006

God blandings

Kongolesisk pop, afghansk dans, norsk-afghansk jenterock (med blant anna ei afghansk jente på bass, som spelte svært bra), Vadsø Trekkspillklubb i samspel med Liberiansk Gospelkor.
Med andre ord; God, lokal markering av Verdas Flyktningedag.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juni 18, 2006

Stor konsert

Det blir ein stor og flott konsert tirsdag 20. juni på Vårbrudd, i anledning Verdas Flyktnigedag.
Store delar av musikklivet i Vadsø vil delta, i ei salig blanding.
Kongolesiske Music Star har først ein eigen konsert frå kl. 14 til 16. Deretter startar eit tettpakka program med masse forskjellig musikk, frå kl. 16 til 17.
Matservering blir det òg.

Arrangørar er; Asylmottaket, Music Star, Vadsø Kommune og Verden i Varanger.

Meir informasjon på;
http://verdenivaranger.blogspot.com

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juni 11, 2006

Mysteriet med midnattsola


Har tenkt å avmystifisera denne sola som viser seg om natta.
Det er jo berre ei sol. Som sørger for at det er lyst heile tida.
...og som avslører at vindauga treng ein alvorleg vask...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.