onsdag, mars 30, 2005

With a little help from some friends

smykke



Er ikkje så veldig teknisk begava av meg.
Så når eg i tidlegare feberrus kjøper ein ny bilstereo, kan det by på problem. Som å installera ein moderne stereo i ein gammal bil.

Men når nauda er størst, er kompisane like rundt hjørnet.
Fekk først hjelp av ein til å ordna straumoppkoblinga. Han heiv på seg skuter-dress, ordna til med ledningar og kontaktar og vips så var det lys i spelaren. Hadde eg aldri klart.

Fekk seinare hjelp av andre til å få på plass høgtalarar.
Borte er den gamle kassettspelaren med skrapande lyd og båndsalat.
Vippar inn ein mp3-cd med hundrevis av sangar, og musikken flaumar rundt i den vesle Mazdaen.
Nestan så eg skulle hatt meg ny bil òg...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, mars 27, 2005

Livet er godt

smykke


Har det ikkje så verst for tida.
Var i fjæra og spidda pølser saman med ein toåring og mora hans i går. Toåringen sprang høgt og lågt i steinura.
Var seinare på kvelden på middag hos ein familie og blei severt lammelår. Hm.

I dag drog eg tilbake til fjæra, åleine.
Fyrte opp bål igjen og spidda litt tørka reinkjøtt. Las i boka "Profeten" av Kahlil Gibran.
Medan eg låg på reinskinnet, kom floa sigande innpå, samstundes som bålet blei mindre og mindre. Varma hendene på det som var igjen av bålet, innan eg måtte pakka saman før sjøen nådde meg igjen. Og oppdaga at det var seint, seint på ettermiddagen.

Livet er godt, ja.

smykke

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Dødssmykket er klipt av

smykke



Det ser kanskje litt skummelt ut dette. Men det er enkelt og greit eit smykke som heng til spott og spe i vindauget. Fekk det i gåve i Hellas for mange år sidan. Det skal illustrera nokre knokkelbein. Likte det godt. Identifiserte meg litt med det. Men dei siste åra satte smykket seg fast i ein knute. Så eg har hatt det konstant på veldig lenge, slik at det har blitt passe slitt med åra. Samstundes som det sannsynlegvis har slitt på meg òg.

Men i går tok eg steget. Fann fram saksa. Og med høg puls....klippa eg det av.
Det var som å skjæra av seg ein kroppsdel... Men når det først var gjort, så kjendest det lettande. Befriande.

Så nå heng det i augneblinken i vindauget som eit dødt trofè. Med døde bein, slik bein eigentleg skal vera.
Medan eg kan ta turen ut i sola.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, mars 25, 2005

La Luna dukka opp

måne 1



Åt kveldsmaten, og oppdaga natt-vennen utanfor vindauget.
Ho dukka brått opp mellom skyene, og viste seg fram omtrent i all si prakt.
Det er visst mykje som kan skje når det er rundt fullmåne...

måne 2



måne 3



måne 4

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, mars 24, 2005

Vår i lufta

cd


Vakna til lyden av rennande vatn frå takrenna i dag. Nokre småfuglar kvitra. Og måsen skreik i det fjerne.
Det kunne berre bety ein ting; Det er vår!

Normalt burde eg ha blitt glad. Men det kom litt tidleg, dette. For i dag hadde eg tenkt meg til skihytta, omlag ei mil innover fjellet. Hytta som er open for alle skigåarar. Ei stor, fin hytte der dei sel kaffe, saft og vafler. Der skulle eg.

Men med rennande vatn utanfor soverommsvindauget betydde det at skia mine kom til å bli veldig bakglatte. Har berre blå swix i lomma.

Vel, gjorde nå eit forsøk. Men ga opp etter ein kilometer, då skia spann i alle retningar.
Og nå i påsken er sportsbutikken stengt. Får ikkje tak i rød swix eller klister. Som dessutan er noko svineri.
Blir uroleg av dette. Det er fem grader ute. Reine sydentemperatur. Og snøen fortset å smelta.
Skal eg verkeleg ikkje koma meg til skihytta i år?

cd

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, mars 23, 2005

Musikken er død, lenge leve...

cd


Det er ein platebutikk i denne byen.
Snart er det ingen.
To ungdommar som har dreve denne uavhengige plateforretningen gir opp. Var innom der i dag og kjøpte fem plater med rabatt.
Det kjendest som å trampa på grava deira.

Det har alltid vore noko magisk med ein plateforretning. Hugsar då eg som unge satte øyreklokkene på og opna midtsida på LP-plata. Hoppa inn i ei anna verd. Lot meg hypnotisera. Slik at eg brukte opp alle sparepengane på plata. Måtte berre.

Og i dag når desse to ungdommane gir opp forretningen sin, kjenner eg meg skuldig. For eg må vedgå at eg har ein god del mp3-filer på datamaskinen min. Har det faktisk med ganske godt samvit òg. Sidan mine sparepengar på 70-talet blei brukt til å fylla opp champagneglasa til platedirektørane, medan rockestjernene kasta fjernsyn ut av hotellvindauga for morro skuld.
Syntes at direktørane og bortskjemte stjerner fekk som fortent då dei blei råka av "mp3-viruset".

Men likar ikkje at det går ut over to ihuga ungdommar frå Vadsø. Og det slår meg at platedirektørar og stjerner nok kjem til å overleva.

Plukka ut fem plater frå ei mager hylle.
Betalte og fekk rabatt.
Innehavaren ynskte meg ein god påske.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, mars 22, 2005

Hyttetur

Måne og fjell



"Alle" har hytte i Vadsø. Unntatt eg. Så då er det ekstra fint å bli invitert til ei.
Blei til og med henta med skuter. Rimeleg spesielt for ein søring.

skuter tur



Hytta eg kom til ligg ved enden av Nattfjelldalen, fleire mil innover frå Vadsø.
I hytta venta spente ungar på vitjinga.

hytte nært



Vadsøværingane legg mykje følelse og prestisje i hyttene sine. Mange av dei er enkle og spartanske. Og går i arv frå generasjon til generasjon.
Mange drar på hytta nestan kvar helg. Reparerer, ordnar og steller. Går i badstua. Inviterer venner og kjente. Nyt den nakne naturen. Slappar av.
Og i påsken er byen nestan tom på grunn av hytteaktivitetane.

hytte fjernt



Været i går var gnistrande. Måne og knall, blå himmel. Ein nordavind som strauk over fjellet. Som tok med seg snøfokk frå fjellet, langt der inne. Men som ikkje hindra store og små i å streva avgårde på skia.

på ski



snøfokk

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, mars 20, 2005

Påsketur

grautfest


Å dra på skitur frå Vadsø betyr ikkje akkurat å køyra mange mil til eit høgfjell, som sørpå. Det er i grunnen berre å gå ut døra og spenna på seg skia.
Og før ein veit ordet av det, er ein oppe på fjellet.

Gjekk etter ei skuterløype, passerte ein gard med hestar, gjekk vidare innover innan snaufjellet opna seg.

Turen vart kort. Snudde og kom tilbake til bebyggelsen i Ytrebyen. Med utsikt mot fjorden. Til den utydelege grensa mellom villmark og sivilisasjon.

grautfest

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mars 19, 2005

Grautfest for store og små

grautfest


Det er ferie! Påskeferie!
Det er svært godt. Og det har byrja bra. Nokre kjenningar hadde vore ein tur i Nuorgam i Finland og kjøpt Lapin Kulta, whiskey og indrefilet, og inviterte til storslagen middag i går. Var ikkje vond å be.

I dag tok me turen til Opticom, på ettermiddags kafe. Traff på nokre andre kjenningar som inviterte på grautfest.
Jepp! Det er jo det me stort sett et ein laurdags ettermiddag.
Dei serverte mange spesielle kombinasjonar til grauten, som stekte pølser og gløgg.
Eg tok med meg tørka reinkjøtt som endeleg er klart til å etast.
Og på bordet sat fire månader gamle Ailo og observerte det heile med stoisk ro.

Denne påsken lovar bra!

grautfest

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, mars 11, 2005

Kjente og "kjære" sangar me ikkje blir kvitt

Tenkte eg skulle gjera merksam på krigen eg har på gang med blant andre bloggaren Blixern.
Me gir kvarandre slike sangar som aldri går ut av hjernen når dei først har satt seg.
Det er reine terroren. Psykologisk krigføring.
Det starta i den gamle bloggen min. Men Blixern har visst ikkje tenkt å gi seg. Så det fortset både her og der.

Må berre åtvara dei som fortset å lesa nå. For nå kjem det ein del sterke tekstar.
Her kjem nemleg alle "hjerne-sangane" utveksla til nå:
(Viss du har fleire, er det berre å posta dei her, i dette horror-showet)

-Varangertankar og dk:
"mai-ia-hii, mai-ia-huu, mai-ia-haa, mai-ia-ha ha"

-Blixern:
""It was the Birmingham Hoe Hey, Hoe hey, now hold on a minute, now that's bullshit! You told me it was a microphone and wanted me to sing in it! "

-Varangertankar:
"Romeo! Romeo! Gudene skal vite at du aldri blir nån Romeo! ROMEOOOOOOOOOO!!!!!"

-Blixern:
"Gummihatt gummihatt, gummigummigummihatt, gummihatt sving, gummihatt gummigummihatt, gummihatt sving gummihatt gummigummihatt- gummigummigummihatt sving!"

-Varangertankar:
"Må, må, må, må må, må skynde meg å gå, gå, gå, gå, gå, gå, slik at jeg kan nå, nå, nå, nå, nå, nå siste bussen hjem."

-Ukjent:
"Voi voi, langt oppi lia, mens jeg venter på kjæresten min! Voi voi, langt oppi lia- når jeg venter på deg."

-Varangertankar:
"Jag trodde englarna fanns. Bara, bara i himmeleeeenn, boe, boe boe bo boeeee"

-Ragnhild:
"En fiskehandler stod bak sin disk, og pakket inn en sleip liten fisk, å kyss meg kyss meg, ropte den ut. kyss meg med din fiskhandler trur. Jeg er en forhekset prinseeeeeesseeee.
og fiskehandleren såg på sin fisk, og løftet opp en sleip liten fiiiisk, med hånden rundt den kald og dvask, klar til å gi den en fiskhandler-smask, jeg er en forhekset prinseeeeeeeeeeeeeessseeee."

-Blixern:
"I'm a Barbie girl in a Barbie world.
Life in plastic, it's fantastic
You can brush my hair, undress me everywhere. Imagination, life is your creation."

-Varangertankar:
"Kvakkkvakkkvakk-kvakkkvakk, neiii, neiii, neiii, neiii. Kvakkkvakkkvakk-kvakk-kvakk, neiii, neiii, neiii, neiii. Kvakk-kvakkkvakk-kvakk-kvakk-kvakkvakk-kvakk-kvakk-kvakk-kvakk.kvakk kvakk.... KVAKKKVAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAKKKKK!!!!!!!!"

-Blixern:
"Ta en potet! Ta gjerne fire, ta åtte ta alle!
Ja, ta en potet! Stek dem og kok dem og spis gjerne skallet, men ta en potet!

Er du litt lei deg, litt trist og litt trett?
Har du forspist deg, på søtt eller fett?
Sååå,

Ta en potet!...."
(Har ikkje tatt med HEILE teksten, som Blixern har vore så vennleg å postleggja i bloggen min)

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, mars 08, 2005

Gratulerer med dagen!

Dette er dagen. 8. mars. Kvinnedagen.
Dagen har vore feira ganske bra, her i Vadsø. Tidlegare år med store forsamlingar på Vårbrudd.
Mannfolka i Finnmark veit å setja pris på sine kvinner. Såg i Finnmarken at mannskoret i Båtsfjord hadde tatt på seg å arrangera det komande midnattsolrennet, eit skirenn for kvinner. Bestemt på sjølve kvinnedagen.
Har vore med og sunge i kor (OmSåKor) mange år på akkurat denne dagen. Det har vore ganske fint. OmSåKor blei faktisk etablert den 8. mars.
Men dei siste åra ser det ut til at markeringa har avtatt litt. Sjølv har eg slutta i OmSåKor. Så Kvinnedagen har kome litt på avstand for min del.
Men det er framleis ildsjeler som held ut.
Blir provosert kvar gong debatten dukkar opp på 8. mars og 1. mai; "Er det nå nødvendig å markera desse dagane lenger?"

Til det er det berre å svara; "Jepp. Det er det".
Så stå på, alle ildsjeler!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, mars 06, 2005

Verda der ute

oljefartøy



Langt der ute mot aust kan me sjå lysa av dei. Store fartøy som transporterer olje. Dei færraste av oss tenkjer så mykje over det. Dei er jo så langt der ute. Så me nestan ikkje kan sjå dei.

Men dei har blitt fleire og fleire. Dei siste åra har trafikken auka merkbart. Går i skytteltrafikk mellom Murmansk og Rotterdam med den dyrebare og farlege lasta si.
Mykje av råolja kjem frå langt sør i Russland, til og med frå Aust Europa. Men i staden for å bli transportert direkte vestover, går den omvegen mot nord. Og blir så lasta ombord i fartøy langs norskekysten.
Det er ein av desse merkelege mekanismane i verdsøkonomien vår. At alt på død og liv skal transporterast så veldig langt.

Død og liv, ja. Exxon Valdes-katastrofen i Alaska tilsvarte ein strekning frå Finnmark og langt nedover Nordland.
Og dersom ein oljetankar skulle mista olja si, er norsk politikk å ha ein og annan slepebåt (veldig få i forhold til strekninga langs kysten), slepa tankaren inn til kysten slik at oljesølet berre skal avgrensa seg til eit mindre område.
Kor lite område? Finnmarkskysten, kanskje?

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mars 05, 2005

Matrix med gitar

pc med gitar



Brått vakna eg.
Som i Matrix.
Splitter naken (mentalt, altså). Med masse vakker nysnø rundt meg. Og med ein gitar mellom be...hendene.
Herre Jeremias! Kva har skjedd?? Best å sjekka mitt historiske arkiv.
Tumla forvirra inn i huset. Fann bustaden min rydda og vaska!
Og julestjerna var tatt ned!! Allereie!!
Satte på pc-en.
Og fann ein ny blogg. Ny adresse. Ny utsjånad.
Dette betydde berre ein ting: Har kome meg ut av skuggenes dal. Nytt liv. Nye moglegheiter...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.