lørdag, mars 19, 2005

Grautfest for store og små

grautfest


Det er ferie! Påskeferie!
Det er svært godt. Og det har byrja bra. Nokre kjenningar hadde vore ein tur i Nuorgam i Finland og kjøpt Lapin Kulta, whiskey og indrefilet, og inviterte til storslagen middag i går. Var ikkje vond å be.

I dag tok me turen til Opticom, på ettermiddags kafe. Traff på nokre andre kjenningar som inviterte på grautfest.
Jepp! Det er jo det me stort sett et ein laurdags ettermiddag.
Dei serverte mange spesielle kombinasjonar til grauten, som stekte pølser og gløgg.
Eg tok med meg tørka reinkjøtt som endeleg er klart til å etast.
Og på bordet sat fire månader gamle Ailo og observerte det heile med stoisk ro.

Denne påsken lovar bra!

grautfest

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

ååå no fekk eg so utruleg lyst paa graut. fytti katta!

tenk på smörauga og kanel og sukker. hjelpe meg.

eg åt berre eit rått kamskjell i går. og so fish & chips. og öl. men graut altso. mmmmmmmm

20 mars, 2005 01:13  
Anonymous Anonym said...

den kommentaren var fraa meg altso.

20 mars, 2005 01:13  
Anonymous Anonym said...

den kommentaren var fraa meg altso.

20 mars, 2005 01:14  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Det var ikkje så vanskeleg å sjå,...altso.
Kamskjell høyrdest ikkje så dumt ut, det heller.

20 mars, 2005 20:33  
Anonymous Anonym said...

Jau, so var det rått altso, men supert godt og sött!

Du e so heldig som for på hyttetur! og har so lyst!
Ragnhild

24 mars, 2005 01:07  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.