søndag, januar 20, 2008

Leik i mørketid

Var ute og leika ein ettermiddag med femåringen. Me tok på oss hovudlykter. Leika gjemsel. Femåringen er ikkje akkurat blant dei mest tolmodige. "Si et lite pip" ljoma i ett medan han leita. Så var det å køyra med akebrett. Me har ein lang og fin nedkjørsel, utan fare for trafikk. Me sat på kvart vårt brett oppe ved porten. Venta på startskotet.
Så satte me i veg. Hetta på scooterdressen min la seg over hovudlykta, så det blei ekstra mørkt. Femåringen susa der framme. Og alt skildra i den snart prisløna filmen min.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, januar 18, 2008

Mysteriet på himmelen

Er opptatt av mysterier av og til. Og nå på den eine lyse timen me har hatt i mørketida, såg eg dette fenomenet på himmelen.
Så kva er det? Berre ein sky som har fått ein rar form? Laga av vind som ikkje klarer å avgjera kva retning den skal ta? Sidan dette er observert i rett retning aust, får eg fantasiar om storpolitikk. Kanskje det er sporet frå eit russisk jagarfly? Styrt av ein pilot som har tatt litt for mykje vodka?
Eller kanskje eg berre skal slutta å koma med fleire gode idear?

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.