tirsdag, oktober 24, 2006

It`s Mårtn Gamst Pidersn

Kom over ein engelsk elektronikamusikar som lagar musikk med eitt tema; Morten Gamst Pedersen.
Kjende eg blei stolt.

Musikaren er på MySpace. Eit nettsamfunn der musikarar og andre utvekslar kontaktar, eller såkalla "friends".
Og Daap er hermed ven med elektronikamusikaren MGP4Mayor.
(...Og til alle medier som vil hiva seg på denne saka; Vil de sjå til å sitera meg?)

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, oktober 11, 2006

Krabbefestival i gang

Vadsø Mannssangforening deltar under Polar Spectacle og Verden i Varanger på søndag.

Så er krabbefestivalen Polar Spectacle i gang.
Anbefaler Musikk og Lyrikk i Pikkuskitsi i Vestre Jakobselv, torsdag 12. okt. kl. 18.
Og Verden i Varanger søndag 15. okt. kl. 18, som byr på noko så spesielt som musikalsk samarbeid mellom Vadsø Mannssangforening, afghanske sangarar og Vadsø Storband.
Og Kvinnfolkgruppa serverer spennande mat frå kl. 17, og etter konsert.
Pluss at det skjer masse anna forskjellig.
God krabbe.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Kultur på høgt nivå

Var på Ordkalotten i Tromsø i helga. Og opplevde å sjå og høyra Jan Erik Vold saman med den erfarne, japanske haiku-diktaren Shuntaro Tanikava.
Var så gripen av stemninga, at eg knapt våga å ta bilete. Så det blei eit langt ifrå, med diverse hovud i vegen. Så eg satte meg fort ned igjen.
Og kunne ha høyrt japansk diktopplesning resten av livet, viss det gjekk an.

Kom seinare i helga heim til nok ein kulturell happening. Dokketeater framført av to av bamsane i huset.
Kultur er fint. Året rundt.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, oktober 09, 2006

Tynne greier


Kom ut for ei bok denne veka. Den heiter "Forsvarets rolle i Norges historie". Det var ikkje akkurat ei stor bok. Berre 70 sider. Men enkelte forhold kan jo seiast med få ord.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.