fredag, november 25, 2005

Kultur i Vadsø

Om du skulle ha lyst på litt mental føde, så kan eg tipsa deg om at det er "Kulturuke" i Vadsø nå.
Med store og små, kulturelle hendingar overalt i byen.
Programmet finn du her;
http://www.vadso.kommune.no/

Og MusikkiFinnmark arrangerer saman med KoriFinnmark og innleigde koristar frå Amadeus i Murmansk fleire førjulskonsertar i Aust Finnmark. Dette skjer i Tana, Vadsø og Kirkenes på søndag, måndag og tysdag.
Programmet for dette finn du her;
http://www.musikkifinnmark.org/index.asp

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, november 19, 2005

Affas har opna


Endeleg har Arnfinn fått opna kafè-puben sin, Affas. Dermed har Vadsøværingane eit sårt tiltrengt supplement til utelivet sitt.
Arnfinn og ein gjeng ildsjeler har brukt tida til å pussa opp. Borte er dei begredelige veggene, baseball-bileta og mørke møblene.
Dei nye lokala er lyse og romslege. Malt panel på veggene. I eit hjørne står eit gammalt pumpeorgel.
Den nye utestaden har nærast eit strøk av læstadianisme i seg. I ein "publeg" variant. Det lovar godt.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, november 17, 2005

Swahili mix


Ein eldre kar frå Varanger stod i døra. Han hadde kome på besøk til Lutanda og familien. Lutanda som opprinneleg er flyktning frå Kongo. Og nå busett i Vadsø.

Lutanda har unnsluppe dødsstraff i heimlandet. Budd i lang tid i ein flyktningeleir i Tanzania. Blant tusenvis av andre flyktningar. Vore ein av 170 svært heldige som fekk lov å koma til Noreg.
Blei sendt direkte til Vadsø med familien.
Høyrde seinare på kvelden ei nyhendesak på fjernsynet. Om at det er våpenkvile i Kongo. Men at mange menneske døyr i landet på grunn av for lite medisinar. Fekk eit lite innblikk i kva Lutanda flykta frå.

Den eldre karen som kom på besøk, overrekte ein pose med klær til Lutanda. Ei kjærkommen gåve for vinterfrosne kongolesarar.
Men det var noko anna som overraska meg med denne eldre karen, som eg skal koma tilbake til litt seinare.

Endå tidlegare på kvelden hadde Lutanda og eg hatt ein liten konsert på ei kunstutstilling. Nordisk/kongolesisk, musikalsk blanding. Slik me pleier å ha av og til.
På veg tilbake frå konsert blei eg med han inn i huset for å hjelpa han litt med pc-en hans.
Og akkurat då kom den eldre, Varanger-karen inn. Han overrekte posen med klær.
Og kom med nokre gloser. På swahili.
Eg stussa litt. Høyrde og såg eg rett? Ein innbarka, gammal fiskarbonde (når sant skal seiast, veit eg ikkje om han er eller var ein fiskarbonde, men det passa så bra å skriva det slik) frå Varanger som snakka det afrikanske språket swahili??
Jo, det stemte det.
Han hadde berre funne ut at swahili er eit bra språk å kunna. Språket blir brukt over store deler av Afrika. Og sidan det er så mange kongolesarar i Vadsø, tok han kontakt og fekk hjelp til å læra swahili litt. På sine gamle dagar. Av blant andre Lutanda.
Så der sat han. I stova til Lutanda og familien. Med sitt arktiske Varangerliv planta i andletet. Drakk litt kaffe. Og konverserte enkle setningar på swahili.

Det var ikkje til å koma at eg stod der, ganske forbløffa, og ikkje så reint lite imponert over dette synet.

Elles har Lutanda tatt sine første steg ut i bloggverda.
Kva han tenkjer, kan de etterkvart lesa i;
http://mayembe.blogspot.com

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, november 14, 2005

Når ein mann tenkjer ingenting


Det er mange som spør seg om det. Leste ein blogg der to kvinner lurte på dette (hugsar ikkje kven det var. Typisk mann å gløyma det, sikkert). Og dei lurte særleg på kva som skjula seg bak det tradisjonelle, mannlege svaret; "ingenting".

Nå har eg tenkt å gi dette spørsmålet litt lys.
Om dette vesle lyset gjeld for fleire menn skal eg ikkje påstå. Kanskje det er kvinner som har liknande erfaringar òg.
Men i alle fall fungerer ein bestemt mann sine tankar omtrent slik;

Nokre gonger er det som å sitja inne i ein svær kinosal. Og sjå ei mengd med filmar som rasar i 190. På kryss og tvers over heile salen. Ikkje berre over kinolerretet. Men i taket. På golvet. Like framfor. Overalt. Og altså i eit voldsomt tempo. Bilete av ting som har skjedd. For lenge sidan og i nær fortid. Og nåtid. Og framtid. Og ting som ikkje har skjedd i det heile tatt. Det heile kan vera ei kraftig bearbeiding av diverse inntrykk.
Når mannen tenkjer slik, kan han sjå litt bekymra ut. Nesten sint.
Viss nokon då bryt inn og spør kva han tenkjer på, blir det nærliggjande å svara "ingenting". For det er så og seia umogleg å gjenfortelja alt dette på ein gong.

Nokre gonger er det som om lyden og bileta i kinosalen brått bremsar kraftig ned og forsvinn. Så ein sit i eit stummande mørke. Mannen er i eit ingemannsland. I eit "ingenting". Han tar seg ein god pause.
Det kan sjåast når mannen får dette litt tomme blikket retta ned i eit hjørne.
-Kva tenkjer du på?
Jo, her stemmer det faktisk når svaret blir "ingenting".

Nokre gonger kan det vera meir verbal tenkning. Viss han har krangla med nokon. Og ikkje fått sagt alt som burde blitt sagt. Så fortset gjerne argumenta ein gong på ettermiddagen.
Slik tenkning kan vera lett å sjå. Og blant nokon kan ganske pinlege situasjonar oppstå når mannen finn seg sjølv i å tenkja høgt.
Viss nokon då spør kva han tenkjer på, er det lett for å svara "ingenting", sjølv om han forstår at ingen vil tru på det.

Nokre gonger blir det tenkt på svært enkle, praktiske ting. Som at huset hadde trengt eit malingsstrøk.
Slik tenkning er ofte så enkel og uspennande at det kan bli definert som eit "ingenting".

Så til det uunngåelege. Det som mange har mistanke til at han tenkjer på; sex.
Jo, det stemmer at det blir ein del tenkning omkring det òg. Det er ikkje så veldig analyserande. Det går mest i bilder, for å seia det slik. I ein temmeleg liten kinosal.
Og viss du då spør kva han tenkjer på, kan du vera ganske sikker på at svaret blir "ingenting". Det er som regel tryggast.
Blant dei som har lært seg den edle kunsten å utvikla pokerfjes, er det ikkje så godt å sjå. Dei som ikkje har lært det, er det verre med.

Medan eg skreiv dette, tenkte eg (og nå skal eg fortelja kva eg tenkjer) at det må vera ganske kjedeleg å vera kvinne i ein slik situasjon.
Og det er nok ein del situasjonar der mannen kunne vore flinkare til å dela tankane sine. Det kan jo gå inflasjon i "ingenting".

Samstundes vil eg trekkja fram "Venus og Mars" retorikken om at ein mann treng ei hule av og til. Ein stad å trekkja seg unna. Ein stad han på ein måte ikkje eksisterer i forhold til resten av verda.
Og med eit slikt behov kan det vera vanskeleg til ein kvar tid å fortelja kva han tenkjer.
Det endar fort opp med eit "ingenting".

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, november 07, 2005

Stem på Daap!


Her kjem århundrets mest kommersielle artikkel i Varangertankane.
Men alt blir prøvd for ei god sak:

Du kan nå stemma på at musikkgruppa Daap frå Vadsø får spela på festivalen by:larm i Tromsø, februar 2006.

Du kan gi di stemme til gruppa på denne sida;
http://www.bylarm.no/mp3catalog.php?letter=d#browse

Over 1000 grupper konkurrerer om 40 plassar. Dersom du vil ha med Daap, klikker du på "stem" ved sida av namnet til gruppa.
(Dersom du prøver å stemma frå arbeidsplassen, kan det henda at stem-knappen er grå og inaktiv, fordi andre har stemt frå den same ip-adressa). I tilfelle kan det gå betre å stemma frå privat pc heime. Etter det eg forstår.)

Meir musikk av Daap finn du på nettstaden;
http://www.home.no/daap

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, november 06, 2005

Perspektiv


Ein bilist stoppa framfor ei menneskemengd. Menneska stod der midt i vegen og flytta seg ikkje.
Bilisten rygga og spant irritert tilbake der han kom frå.
Det var vel hans perspektiv, sett frå eit bilvindauge. Kor irriterande det er med folk som ikkje gidd å flytta seg for bilen hans.

Ei ung jente på 12 år var djupt fortvila då ho høyrde at kameraten hennar skulle tvangsflyttast.
Guten har gått i klassen i fire år. Og nå skal han og familien tvangssendast til eit land i krig. Foreldra hans meiner at dei kan bli arrestert.
Guten og søskena hans opplever situasjonen som svært skremmande. Han forstår ikkje kvifor politiet skal koma på døra ein tidleg morgon og beordra dei til å bli med til flyplassen. Nestan halve livet sitt har han budd her. Etter så mange år i byen kjenner han seg like norsk som dei andre borna.
Den unge jenta, klassevenninna hans fann ut at noko måtte gjerast. Så ho arrangerte eit fakkeltog i byen i protest mot utsendinga.
Heile 200 vaksne og ungar fekk ho med seg. Til og med ordføraren var med.
Engasjementet lyste ut av henne. Og ho ensa knapt bilisten som spant ifrå menneskemengda.

Ei gruppe som prøver å hjelpa familiane som skal tvangsflyttast, kjenner det fortvilande i situasjonen. Angst for kva som skal skje med dei. Fortvilt når den viktigaste nyhendeformidlaren, NRK Dagsrevyen ikkje bryr seg om saka. Fordi ein trur at nettopp denne kanalen kan bidra til å snu situasjonen. Så ein kjenner frustrasjonen når den gamle statskanalen heller vil fortelja om sinte fotballspelarar og om born frå Oslo sin vestkant som går Halloween.
(Etter det eg veit, har Dagsrevyen i alle fall ennå ikkje hatt noko om situasjonen).
Argumentet i Dagsrevy-redaksjonen er kanskje at slike saker har dei hatt mange av før. Eller at ein ikkje kan la seg styra av diverse aksjonsgrupper. Eller at ein har det for travelt til å bry seg om det heile. Eller at det er vanskeleg å finna engasjement for noko som skjer så langt borte frå Oslo. Eller noko liknande.
Perspektivet til ei aksjonsgruppe og ein redaksjon som formidlar nyhende må nødvendigvis bli forskjellig. Forsåvidt perspektivet til ein bilist som ikkje kjem seg fram, òg.
Men det hjelper så lite for dei som skal rivast bort. Og for menneska rundt dei.

Og sjølv kikkar eg som vanleg ut vindauget.
Det skal ofte så lite til for å endra dette "vindaugs-perspektivet". Ta ein liten tur ut. Gå ein tur ned i fjæra. Sjå byen frå ein ny vinkel. Treffa folk. Bli fortalt noko eg ikkje visste frå før.
La meg riva med av andre menneske sine liv og lagnader.

Sjå elles denne sida;
http://beskyttdem.blogspot.com

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.