søndag, september 28, 2008

Stein på stein

Det blei drenert rundt huset i sommar. Det avdekka at det er mykje stein i jorda her. Det visste eg forsåvidt frå før. Har streva forferdeleg med å slå gjerdestolpar i den steinrike jorda, blant anna.
Så nå ligg det haugevis med stein rundt huset som må bort. Har så smått byrja på ryddinga. Tre tilhengarlass er fjerna, men mykje gjenstår.
Det med stein er i grunnen interessant, viss ein ser bort frå alt strevet med det. Ein gong for lenge sidan var det ingen Varangerhalvøy. Berre hav og sandbotn. Så kom istida. Og når isen forsvann, heva det seg eit nytt land; Varangerlandet, som bestod av sandstein, pressa saman av all isen. Oppover terrenget finn me mange strandsoner og steinmorener etterkvart som landet heva seg. Og nederst, når menneska busette seg, blei det laga jord. Mykje av jorda langs fjorden er laga av utlagt tang og tare. Så det er ikkje så rart at det er eit tynt jordsmonn her.
Samstundes som det blei danna sandstein under istida, drog isen med seg ein og annan stein sørfrå. Og medan eg plukka og løfta på steinen min, fann eg av og til nokosom ikkje kunne vera sandstein. Ein grøn her. Ein kvitspraglete der. Og så denne svarte. Som fekk æra av å bli med inn til pynt i huset. Akkurat nå sit den i vindaugskarmen og får med seg soga om steinen i Varanger.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.