lørdag, september 06, 2008

Soga om bonden sitt sukkertøy

Dette er ei samling med sukkertøy som har ein svært høg verdi i Varanger. I eit område kor det etterkvart er fleire hestar enn folk. Og ikkje så mykje jord. Og slåtten berre kan gjennomførast ein gong i løpet av sommaren. Så kan ein slik rundball kosta 500 kroner. Difor kan alle som har grasetande dyr sjå med lange, våte auge etter kvar einaste rundball som ligg langs vegen. Så langt har det faktisk kome at nokon blei fråstjålen rundballar inne i Nesseby her om dagen.

Men altså. Mi soge om mitt sukkertøy er lang og pinefull. Som alltid.
Eg bestemte meg i år for å gjera alt sjølv. Dum som eg er. Fekk lånt meg ein gjødselspredar hos ein nabobonde. Fekk spredt godt med kunstgjødsel. Kjøpte ei brukt rundballepresse hos nokon inne i fjorden.
Men så måtte eg venta på å slå. For eg måtte låna ein pakkar, den maskinen som pakkar alt inn i plast. Andre bønder måtte jo trass alt få bli ferdig med sitt, og kunne ikkje ta omsyn til mitt hobbybruk.
Og graset vaks. Og eg venta og venta. Og graset byrja å frøa seg. Det var ikkje så heldig, etter som eg forstod. Og så var sommarferien ferdig. Og jobben krev jo sitt i oppstarten. Og så byrja det å regna. Og det var slett ikkje bra. Eg såg på værvarselet kvar time. Utpå seinsommaren var været meir ustabilt. Og natta meir fuktig. Uro og bekymring. Det knuga som ein verkande byll.

Den 24. august kom eg endeleg i gang. Og då snakkar me om ei tid når hausten er farleg nær.
Så. Byrja eg å slå. Har ein liten fingerslåmaskin som sannsynlegvis var blitt ganske sløv med åra. Måtte stoppa kvar femte meter og få laus gras som satte seg fast. Det gjekk ein time for kvar runde. Kona hjalp til, gjekk bak slåmaskinen og drog ut på gras, altså eg slo av maskinen kvar gong så ikkje fingrane forsvann (ja, det var kanskje i åtte timar). Alt i alt stod det vel på i over 15-16 timar. Då det var slått, såg heile jordet ut som ein skamklipt sau. Neste dag var det å rasa heim etter jobb og venda graset i strenger. Dagen etter det fekk eg ordna meg ein fridag frå jobben og montera den innkjøpte pressa. Den svære pressa fortona seg som eit monster som rulla og braka. Eg ringte og ringte han som hadde seldt pressa. Spurte og grov. Trudde aldri eg skulle få det til. Men det gjekk. Fascinerande å sjå korleis maskinen støvsugde bakken for gras og la ut bak seg ferdig pressa ballar som nokre egg. Eller kanskje noko anna.
Innemellom måtte eg demontera og montera pakkaren. Ballane kunne ikkje liggja for lenge utan plast før det gjekk varmgang i dei. Fascinerande det òg. Å sjå plasten som surra seg rundt, medan eg rygga rundballane bakover. I byrjinga trøbla eg. Plasten sleit seg stadig vekk av. Og det vart ganske ujamnt med plast rundt dei første.
Utpå natta var den jobben ferdig òg.
Den siste dagen kunne eg henta alle rundballane med klipa og plassera dei på tunet. Klare som vintermat.

Hah! Eg klarte det! Stod dødssliten og såg på verket. Så stolt og lukkeleg. I fjor fekk eg ikkje meir enn 12 rundballar. Denne gong hadde kunstgjødselen gjort det slik at eg stod med heile 30 rundballar.
Eg hadde klart det mot alle odds. Like dårlege odds som dei hadde på 60 talet då dei skulle landa på månen. At kona ga skryt hjalp òg på. Tenkte ei stund at eg kanskje hadde ein del å gå på ei tid framover, då eg kom inn og la beina på bordet.

Oppi alt dette er det ein ting eg tenkjer mest på. Og det er alle bøndene langs fjorden som hjalp til med råd og vink. Ingen av dei var overbærande over min manglande kunnskap. Men svarte tolmodig på alt eg lurte på. Og gratulerte meg med resultatet.
Så den enda nå lukkeleg denne soga. Om sukkertøyet mitt.

4 Comments:

Blogger goggen said...

At kona gikk i 8 timer bak slåmaskina og dro ut gras er vel hjelp;)

07 september, 2008 14:22  
Blogger Lars said...

Så flink du er! :-)

07 september, 2008 15:28  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Takk, Lars.
Øøøh, du er inne på noko der, Goggen.
Nå fekk eg eit stikk av dårleg samvit, sidan eg ikkje tok med kona sin grasutrivingsinnsats.
Det blei kanskje vel mykje fokus på eigen innsats i denne artikkelen.
Trur jammen eg skal retta det opp i artikkelen med ein gong.

08 september, 2008 09:02  
Blogger goggen said...

ja det er viktig at mannen ærer si kvinne...

09 september, 2008 16:22  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.