mandag, november 14, 2005

Når ein mann tenkjer ingenting


Det er mange som spør seg om det. Leste ein blogg der to kvinner lurte på dette (hugsar ikkje kven det var. Typisk mann å gløyma det, sikkert). Og dei lurte særleg på kva som skjula seg bak det tradisjonelle, mannlege svaret; "ingenting".

Nå har eg tenkt å gi dette spørsmålet litt lys.
Om dette vesle lyset gjeld for fleire menn skal eg ikkje påstå. Kanskje det er kvinner som har liknande erfaringar òg.
Men i alle fall fungerer ein bestemt mann sine tankar omtrent slik;

Nokre gonger er det som å sitja inne i ein svær kinosal. Og sjå ei mengd med filmar som rasar i 190. På kryss og tvers over heile salen. Ikkje berre over kinolerretet. Men i taket. På golvet. Like framfor. Overalt. Og altså i eit voldsomt tempo. Bilete av ting som har skjedd. For lenge sidan og i nær fortid. Og nåtid. Og framtid. Og ting som ikkje har skjedd i det heile tatt. Det heile kan vera ei kraftig bearbeiding av diverse inntrykk.
Når mannen tenkjer slik, kan han sjå litt bekymra ut. Nesten sint.
Viss nokon då bryt inn og spør kva han tenkjer på, blir det nærliggjande å svara "ingenting". For det er så og seia umogleg å gjenfortelja alt dette på ein gong.

Nokre gonger er det som om lyden og bileta i kinosalen brått bremsar kraftig ned og forsvinn. Så ein sit i eit stummande mørke. Mannen er i eit ingemannsland. I eit "ingenting". Han tar seg ein god pause.
Det kan sjåast når mannen får dette litt tomme blikket retta ned i eit hjørne.
-Kva tenkjer du på?
Jo, her stemmer det faktisk når svaret blir "ingenting".

Nokre gonger kan det vera meir verbal tenkning. Viss han har krangla med nokon. Og ikkje fått sagt alt som burde blitt sagt. Så fortset gjerne argumenta ein gong på ettermiddagen.
Slik tenkning kan vera lett å sjå. Og blant nokon kan ganske pinlege situasjonar oppstå når mannen finn seg sjølv i å tenkja høgt.
Viss nokon då spør kva han tenkjer på, er det lett for å svara "ingenting", sjølv om han forstår at ingen vil tru på det.

Nokre gonger blir det tenkt på svært enkle, praktiske ting. Som at huset hadde trengt eit malingsstrøk.
Slik tenkning er ofte så enkel og uspennande at det kan bli definert som eit "ingenting".

Så til det uunngåelege. Det som mange har mistanke til at han tenkjer på; sex.
Jo, det stemmer at det blir ein del tenkning omkring det òg. Det er ikkje så veldig analyserande. Det går mest i bilder, for å seia det slik. I ein temmeleg liten kinosal.
Og viss du då spør kva han tenkjer på, kan du vera ganske sikker på at svaret blir "ingenting". Det er som regel tryggast.
Blant dei som har lært seg den edle kunsten å utvikla pokerfjes, er det ikkje så godt å sjå. Dei som ikkje har lært det, er det verre med.

Medan eg skreiv dette, tenkte eg (og nå skal eg fortelja kva eg tenkjer) at det må vera ganske kjedeleg å vera kvinne i ein slik situasjon.
Og det er nok ein del situasjonar der mannen kunne vore flinkare til å dela tankane sine. Det kan jo gå inflasjon i "ingenting".

Samstundes vil eg trekkja fram "Venus og Mars" retorikken om at ein mann treng ei hule av og til. Ein stad å trekkja seg unna. Ein stad han på ein måte ikkje eksisterer i forhold til resten av verda.
Og med eit slikt behov kan det vera vanskeleg til ein kvar tid å fortelja kva han tenkjer.
Det endar fort opp med eit "ingenting".

5 Comments:

Blogger room217 said...

Der gjorde du et godt forsøk på å forklare hva mannens "Ingenting" ofte kan stå for. I min kinosal er det så lyst som om dagen; fantastiske former flyter over lerretet og i luften, ville dyr og banditter jager hverandre mellom stolradene, det gråtes og man ler. Og når noen spør hva jeg tenker på, sier jeg "det skulle du likt å vist!". La dem bare lure.

16 november, 2005 00:17  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

he-he...
Ja, det er jo ofte det greiaste...

16 november, 2005 09:28  
Blogger Ullsokk said...

aha... så deres "ingenting" er altså det samme som vårt "ingenting"! kult:-)

16 november, 2005 13:34  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Hm. Der fortalte du meg noko nytt...

16 november, 2005 16:05  
Blogger Ullsokk said...

jo, men det er sant. Saken er at det enten er så ubetydelig at du ikke gidder å gjengi det, eller at det er så ubetydelig at du glemmer det i det sekundet man blir spurt. Og når man glemmer det begyner man å stresse fordi man vil forklare at man ikke tenkte på noe hemmelig osv...

17 november, 2005 13:41  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.