lørdag, september 24, 2005

Farvel til ein trufast slitar

Har det slik at eg hatar å kasta ting. Typisk mannfolk og typisk vestlending, reknar eg med.
Og har eit møblement i huset som i stor grad ikkje har kosta meg noko. Slikt som er gitt bort av vener og kjente.

Og denne sofaen har tent meg trufast i mange år. God å sitja i. God å liggja i òg.
Men så har den fått seg ein knekk både her og der. Slik at den etterkvart fekk ein temmeleg rar fasong.
-Kan du ikkje berre kasta den og kjøpa deg ein ny, var det ei som spurte.
Men eg bles av forslaget og uttrykte høgtideleg at eg aldri, ALDRI kom til å betala 10 til 15 tusen for ein sofa.
Nepp.
Måtte seinare forklara min kongolesiske kamerat at norske kvinner er slik at dei berre vil kasta ut det som er gammalt og etterpå kjøpa nytt.
-Åja, men slik er det i Kongo òg, svara han.
Tenkje seg til.

Ein gong såg eg ein slik fin sofa med trekvite rammer på bruktbutikken ”Det Hvite Hus”. Den kosta 3000. Men så var eg for sein og andre kom meg i forkjøpet.
Men så har det seg slik at ho som foreslo ny sofa, ein dag kunne fortelja at eg kunne få ein gratis sofa igjen.
Nokon ho kjenner hadde arva litt møbler og ville bli kvitt sofaen. Og lagnaden ville det slik at det er akkurat den sofaen eg sikla etter på ”Det Hvite Hus”.
Så der sparte eg 3000, gitt!

Dermed er den gamle, grå sofaen bært ut.
Nå ligg den ute i regnværet med buken i været og skjønar fint lite.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, september 21, 2005

Verden på veg til Varanger

Biletet er malt av Hannah Bråten.

Det er født ein ny organisasjon i Vadsø; "Verden i Varanger". Siktemålet med organisasjonen er å få menneske frå ulike kulturar saman for å arrangera felles forestillingar.

Omlag fire konsertar skal haldast i året. Kanskje meir.
Den første kjem torsdag 13. oktober 2005 kl. 21.00 på Boksen i Hermetikken, under krabbefestivalen Polar Spectacle i Vadsø.
Då opptrer tradisjonsrike Vadsø Trekkspillklubb med sprudlande Liberiansk Gospelkor og salme-folk-rockgruppa Daap. I tillegg blir musikken sydd saman av den dyktige perkusjonisten Nasra Ali Omar frå Tromsø. Og det heile blir leia av den anerkjente folkemusikaren Unni Løvlid frå Sogn og Fjordane.
Korleis ein felles konsert med så vidt forskjellige, musikalske uttrykk vil høyrast ut, det veit berre dei som kjem på konserten.

...og ja. Dette er eg temmeleg engasjert i.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, september 20, 2005

Månelyst


Det har vore månelyst for tida. Då er det mykje som kan skje. Og det skjer...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, september 19, 2005

Oss potetbønder imellom

Har eit lidenskapeleg forhold til potetene mine.
Det var nå òg noko å ha eit lidenskapeleg forhold til.
Men det er ein fantastisk plante.
Går på våren innom butikken og får nokre gamle poteter. Set dei i jorda. Og vips, så har eg masse fine nypoteter å ta opp om hausten.

Samstundes er det litt stress. For når eg går bortover gata ser eg naboane sine potetåkrar. Og dei har alltid høgare potetris enn meg. Så eg blir litt misunneleg. Og uroleg.
Tenkjer at;
-søren, nå har naboen allerede satt potetene, og eg er sein som vanleg. Og;
-søren, nå veks det veldig fort i åkeren hans, og hos meg har det knapt byrja å koma opp noko skudd i det heile.
Og så vidare.
Ein del av naboane mine er nemleg gamle kvenar som i fleire generasjonar har forska på beste måte å dyrka poteter i vårt arktiske klima.
Medan eg strevar og gjer stadig nye feil.

Men det endar som regel bra.
Det blir ein del poteter til slutt. Nokre er rett nok veldig små. Men du så gode…

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, september 18, 2005

Gulrotdrink hos Gandalf


Var og feira geburtsdag hos ”Gandalf” igjen i helga. Dette er femte gong han feirer 30 års dag, fortel han.
Han som feirer på hobbitmåten; Der geburtsdagsbarnet deler ut gåver til gjestene. Han som ikkje på nokon (kroppsleg) måte liknar på ein hobbit, men som i alt sitt vesen er svært lik Gandalf. (Dette har eg fortalt om før. Men ei god historie kan jo forteljast fleire gonger.)
Men denne gong kunne han avsløra at han innerst inne ynskte at hans tradisjon blei fulgt opp av alle andre. Og akkurat det har eg ikkje tenkt på. Ingen andre gjester heller, trur eg.

”Gandalf” er uansett ein svært gavmild mann. Han diska opp med store mengder mat og drikke. Og i god ytreby-tradisjon (innbiller meg i alle fall at det er ein god ytreby-tradisjon) kunne dei i huset tilby diverse mat som dei har dyrka sjølve. For eksempel paprika og chili som har hatt eit godt liv i kjøkkenvindauget deira.
Og ein velkomstdrink med gulrotparaply. Der paraplyen var henta frå hagen.
Ingenting gleder mitt hjarte meir enn å få slike gåver.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, september 13, 2005

Haust


Det er ikkje så mykje å sei om det. Enn å konstatera at hausten er på plass med sine sentimentale fargar og med luft som smakar mentol.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, september 11, 2005

Fredsarbeid på eit kjøkken


Var på fest i helga. Eit par skal ut på reise i den store verda for eit halvt år. Og tok avskjed med fest. Deriblant med nokre afghanske ungdommar.
På kjøkkenet stod nokre og prata. Ein afghansk ungdom klimpra på ein gitar. Det spesielle med gitaren var at den berre hadde to strenger. For at den skulle likna mest mogleg på eit tradisjonelt afghansk instrument.
Han som spela skal visstnok ha vore gjetar der han kom frå. Og nå sat han på eit norsk kjøkken og klimpra på gitaren.
Og, som alltid når det er fest, så klarer eg ikkje å la vera synga på salmane mine.
Så dermed blei det læstadianske og nordiske salmar, akkompagnert av eit afghansk strengeinstrument.
Verre var det ikkje. Slik blei det fred den kvelden.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, september 02, 2005

Rødvin og talglys i hagen

Helgefreden har senka seg.
Temperaturen ute held seg fint over grensa med to siffer.
Feira det med rødvin og talglys ute i hagen.
God helg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.