lørdag, desember 31, 2005

Rudolf er tilbake


Så kom han tilbake. Rudolf. For å feira nyttår i hagen. Føler meg priviligert. Han dreiv og beita på natta. Medan ein nysgjerrig katt låg og observerte i bakgrunnen. Den ville så gjerne ha kontakt. Gjekk ein gong heilt inntil beina på det svære dyret. Men blei fullstendig ignorert av Rudolf.

Utpå morgonkvisten kunne me framleis observera dyret.


Og sidan me snart går inn i eit nytt år, kan denne seansen observerast i eit nytt medium;
Klikk her for å sjå min eigen reinsdyr og katt video

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, desember 30, 2005

Med løfte om ei lysare tid


Det har vore nokre lyse timar dei siste dagane. Lyset kan skimtast midt på dagen på sørhimmelen, frå sola som ligg og gøymer seg ein stad i sør.
På ettermiddagen kjem mørket og gir ekstra farge til det heile.

Himmelen, luftskipsmasta og byen gir alle løfte om lysare tider nå. Med ein farge som alltid gjer meg melankolsk.

Vart meir og meir ivrig etter å fanga det heile med kameraet. Kraup lenger og lenger ut i fjæresteinane. Inntil eg måtte flykta frå nokre bølger som haldt på å ta både meg og kameraet.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, desember 28, 2005

Rudolf stakk innom


Kom heim rundt midnatt frå middagsbesøk inne i fjorden. Fekk servert rødsei av Yngve og Monica. Ein lokal matrett som består av sei som ikkje er tappa for blod, men salta og lagt i ei tønne for nokre månader. Heftig nok det.
Så mette på mat og inntrykk var me endeleg heime.
I det min betre halvdel satte i eit kraftig hyl i stova. For utanfor stovevindauget var det ein skikkelse som rørte på seg.
Og det var altså gode, gamle Rudolf som ville smaka litt av hagen vår.
Sikkert fått fri av nissen etter å ha flydd omkring med gåver og greier.

Det er forsåvidt ikkje ei veldig stor sak at eit reinsdyr er i ein hage i Vadsø.
Men det kjendest litt spesielt sånn i jula og mørketida.
Dyret sjølv brydde seg ingenting om verken hyling i huset eller innpåtrengande fotografering.
Sparka berre i snøen og åt vidare av plenen.
Og det er i grunnen greit. Trur det vil bringa oss lykke...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, desember 26, 2005

...og det var den dagen...


I den mørkaste tida, med omlag ein time med skumringslys om dagen, er det lett å gå glipp av det vesle som minner om dag.
Eller for å sei det slik; Nå når det er ferie er det lett for å sova bort heile dagslyset. Det skal ikkje så mykje til.

Vakna i dag av ein stor flokk med kråker som skreik og kryssa soveromsvindauget mitt. Trur det må ha vore i ellevetida.
Så var dei borte og då var det ikkje så mykje meir å sjå der ute.
Og når eg vakna igjen, var det i alle fall ikkje mykje å sjå. Anna enn mørke.
Så der gjekk den dagen...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, desember 24, 2005

Jul i gullbyen


I vintermørket blir alt til gull.
God jul!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, desember 15, 2005

Byens finaste ungdom


Røffe, norske punkrockarar. I samspel med sprudlande, kongolesiske hip hop-arar. Og det heile overdryssa med klare tonar frå blåsarar frå skulekorpset.
Byens finaste ungdom var samla. Med veldig forskjellig kultur og musikalske stilartar. Men som klarte å samarbeida og sy saman ein felles konsert, og med samanblanding av stilartane.
Saman fekk dei vist ein del av Verden i Varanger, slik den ser ut i dag.

Etter fleire kveldar med beinhard øving, stod dei til slutt lukkeleg og slitne, og tok imot fortent applaus frå publikum.


Meir om dette på sida til Verden i Varanger.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, desember 14, 2005

Interkulturell ungdomswok


Verden i Varanger arrangerer ein ungdomskonsert torsdag 15. desember frå kl. 20, på Boksen i Vadsø.

Det blir eit svært spennande møte mellom norsk punk, kongolesisk hip hop og blåsarar frå Vadsø Skolekorps.
Til saman representerer dei ein del av den fleirkulturelle "Verden i Varanger", slik me opplever den i dag.
Ungdommane har i mange øvingstimar jobba hardt for å laga ein felles konsert og blanda noko av musikken saman.

Dei som deltar er;
Pike, Sveis og Tommy, Music Star og blåsarar frå Vadsø Skolekorps.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, desember 10, 2005

Magiske bøker


På bruktbutikken "Det Hvite Hus" i Vadsø har dei ei stor avdeling med gamle bøker.
Det er eit aldri så lite skattkammer når ein berre kikkar litt nøye etter.

Ein kamerat av meg er stadig inne der og kikkar. Traff han ein dag medan han vandra mellom bokreolane.
Sjølv var eg komen for å kjøpa meg eit lite bord.
Visste det stod eit i bokavdelinga som passa meg.

Akkurat i det eg bøygde meg ned for å løfta opp bordet kom eg til å sjå rett fram i den eine bokhylla. Og kva anna enn ei eldgammal salmebok stod der, rett framfor meg, mellom andre permar.
Sidan eg er ein ivrig samlar av salmar (salmar av samlar), har etterkvart ei stor salmesamling (samlesalming) heime, blei kameraten og eg raskt enige om at dette måtte vera ein magisk augneblink.
Det var som om salmeboka hadde kommunisert med meg. Ville at eg skulle koma og plukka den opp. Akkurat der og då.

Så gripen av den lett religiøse stemninga i bokavdelinga, gjekk kameraten min resolutt fram til ei hylle, bøygde seg fram og plukka ut ei tilfeldig bok, opna den på ei tilfeldig side og la peikefingeren på ei tilfeldig linje.
Så leste han høgt der fingeren hans peika;

"Og mot ham åpenbarte det seg to overdådig store bryster..."

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, desember 09, 2005

Bil i mørke


Mellom Vardø og Vadsø er det sju mil.
Køyrde to gonger på denne strekninga ein kveld. For å henta nokon, og så bringa dei tilbake. Og så køyra heim igjen, åleine.
Det blir ganske trøsteslaust når det er vinter, mørkt og kaldt å køyra ei slik strekning fram og tilbake, fram og tilbake. I neste veke skal eg gjera det same tre kveldar på rad.
For ein del innfødte er det inga sak å gjera slikt.
Men for min del kunne eg godt tenkt meg å bruka tida til noko anna.
Synes ikkje det så festleg å berre møta ein og annan fisketrailer som truar med å kasta meg av vegen. Viss eg ikkje oppfører meg.
Å susa forbi ei og anna lita bygd. Som kvar og ein har mange spennande historiar å fortelja. Men som ikkje får trekt pusten innan historia forsvinn i vindsuget frå bilen min. Og eg er ute av bygdelyset og inne i det evindelege mørket igjen.

Ja, det er nå litt av eit liv, det her...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, desember 05, 2005

Vaffelrøre blues


Det var ein av desse dugnadsjobbane for eit av idrettslaga til sonen min igjen.
Denne gong var oppgåva å laga vaffelrøre og selgja vafler på eit arrangement.

Er ikkje noko ihuga vaffelrøremann. Men tok oppgåva på alvor. Så eg kjøpte inn store mengder melk, mjøl og egg. Og ville gjera den litt ekstra pikant med krydder, kefir, vaniljesukker og litt havregryn.
Det skulle bli århundrets beste vafler!
Tenkte eg.

Og så kjøpte eg ei stor, fin bøtte med lokk til å ha røra i. Med plass til 10 liter. Det skulle vel halda.

Så var det i gang med "Operasjon Vafler ut til folket". Oppgåva var så stor at eg fekk hjelp.
Knusing av uhorveleg mange egg. Mange liter melk. Og mjøl og diverse. Ei salig røre (!). Og iherdig røring i bøtta.

Men bøtta var ikkje så fin likevel.
For brått var det hol i ho. Nederst.
Det var ein augneblink at verda stod stille. At me berre stod og såg på ei stråle som stod ut av bøtta og ned på golvet. Sånn inntil det var igjen omlag fem liter.
Før me endeleg fekk summa oss, redda resten opp i ein kasserolle og tørka opp.

Så var det å koma seg til idrettsarrangementet. Og håpa på at fem liter var nok.
Det var det forsåvidt.
I den forstand at når eg kom fram, hadde idrettsarrangørane avslutta heile greia. Det hadde kome så lite folk at dei stengte av tidlegare enn planlagt.

Så der måtte eg tusla slukøra heim med fem liter vaffelrøre mellom hendene.

Og nå lurer eg på om det er nokon som har lyst på vafler...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, desember 03, 2005

På ski over Nordlyset


Tok min første skitur i kveld. Innover fjellet i mørket. Fann brått meg sjølv seglande oppover nordlyset. Hoppa frå stjerne til stjerne.
Det var ganske fint, i grunnen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.