mandag, desember 05, 2005

Vaffelrøre blues


Det var ein av desse dugnadsjobbane for eit av idrettslaga til sonen min igjen.
Denne gong var oppgåva å laga vaffelrøre og selgja vafler på eit arrangement.

Er ikkje noko ihuga vaffelrøremann. Men tok oppgåva på alvor. Så eg kjøpte inn store mengder melk, mjøl og egg. Og ville gjera den litt ekstra pikant med krydder, kefir, vaniljesukker og litt havregryn.
Det skulle bli århundrets beste vafler!
Tenkte eg.

Og så kjøpte eg ei stor, fin bøtte med lokk til å ha røra i. Med plass til 10 liter. Det skulle vel halda.

Så var det i gang med "Operasjon Vafler ut til folket". Oppgåva var så stor at eg fekk hjelp.
Knusing av uhorveleg mange egg. Mange liter melk. Og mjøl og diverse. Ei salig røre (!). Og iherdig røring i bøtta.

Men bøtta var ikkje så fin likevel.
For brått var det hol i ho. Nederst.
Det var ein augneblink at verda stod stille. At me berre stod og såg på ei stråle som stod ut av bøtta og ned på golvet. Sånn inntil det var igjen omlag fem liter.
Før me endeleg fekk summa oss, redda resten opp i ein kasserolle og tørka opp.

Så var det å koma seg til idrettsarrangementet. Og håpa på at fem liter var nok.
Det var det forsåvidt.
I den forstand at når eg kom fram, hadde idrettsarrangørane avslutta heile greia. Det hadde kome så lite folk at dei stengte av tidlegare enn planlagt.

Så der måtte eg tusla slukøra heim med fem liter vaffelrøre mellom hendene.

Og nå lurer eg på om det er nokon som har lyst på vafler...

6 Comments:

Blogger Are Karlsen said...

God historie!

05 desember, 2005 23:18  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Takk. Det er jo ein trøst.

08 desember, 2005 14:28  
Blogger othilie said...

Sorry, men jeg måtte le høyt da jeg leste dette. Er det ikke typisk hvordan alt som kan gå galt går galt? Og så deilig det er noen ganger å få le at at det skjer med andre for det er ikke vidre morsomt når en selv er hovedperson. Håper du har fått avsetning på vaflene!

08 desember, 2005 21:04  
Anonymous Anonym said...

Hei
God historie og flotte nettsider.
Som ein av dine tidlegare arbeidskameratar er eg imponert!!
Du får ta deg ein tur til Sogndal når du er på ei av dine mange reiser!! pog

08 desember, 2005 23:27  
Anonymous Anonym said...

Du skal berre le, Othilie. Ein latter forlengar jo skisesongen.
Og dersom du er interessert, kan eg senda deg nokre vafler i posten.

Tja, mange og mange. Det er nå ikkje så mykje reising for tida, Per Odd.
Synes heller du skulle ta deg ein tur nordover igjen. Hadde vore fint med litt sogndalsk energi her i mørketida.

09 desember, 2005 00:11  
Anonymous Anonym said...

Ja, kanskje det. Savnar faktisk Vadsø - både folket og naturen...
Per-Odd

10 desember, 2005 19:14  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.