onsdag, juli 26, 2006

Skogen min

Aldri har den vore så fyldig, rank og struttande som nå. Skogen min. Som eg planta for omlag ti år sidan. (Nå er det for så vidt ikkje så mykje eg kan kalla "min", lenger. Men eg dristar meg til.)
Det kosta kollossale mengder med arbeid. Graving i jord og masse stein. Vatning og atter vatning. Sakte, men sikkert har den utvikla seg frå krypvekst til busk og oppover. Og i år er den verkeleg fin!
Ja, den ruver kanskje ikkje i nabolaget, akkurat. Men for meg er den eit lite under.

Samstundes døyr bjørkeskogen rundt overalt. Den forferdelege lauvmakken et opp alt som er. Dei mest pessimistiske trur det vil ta minst hundre år før skadene er reparert. Og kva verre er, så tar den visst for seg av andre vekster òg.
I Tana er det svart alle vegar. Og i fjor kom lauvmakken krypande til Vadsø.

For meg er det viktigast av alt at den ikkje kjem til min skog. Difor går eg og vaktar kvar dag. Kikkar på blada. Og skulle det koma ein slik krypande, liten jævel, så er det kort prosess.
Er klar til kamp.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, juli 22, 2006

Raud kultur i nord


Har kome heim frå Madeira. Full av inntrykk. Men vegen frå Madeira til Vadsø syntes ikkje å vera så lang, når Affas frista med raudvinskveld.
Inne på Affas var det ikkje så mange. Men kjente og kjære lydar frå våre standhaftige kompisar rundt eit bord. Alle glade for at det var eit raudt kulturtilbod for kvelden.
-Kan vi få den dær Diablo, igjen?
I nord, som mange andre stader i landet er det med raudvin som med brunost. Når det først er smakt på ein type, vil ein gjerne ha same type ein gong til. Trygt og godt.
Problemet var berre at serveringsstaden hadde kun ei flaske av kvar sort. Og Diabloflaska var altså tom.
Dessutan hadde dei berre to flasker igjen.
-Ja, da tar vi.....den ene flaska.
Ein av vinkjennarane greip tak i den eine flaska, serverte ein liten smaksprøve til seg sjølv. Han smatta og såg opp i taket.
-Fruktig og god. Akkurat som dæ, sa han, henvendt til serveringsdama.

Så gjekk det som det pleier å gå når nordmenn har raudvinskveld. Glasa klirra for mykje. Nokre overdrevne handtrykk på tvers av bordet førte til at edle dråpar flaug i alle retningar.
Tilbake til humor og gode vibrasjonar.
Og utanfor var himmelen lys og blå.
Godt å koma heim.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, juli 08, 2006

Varangertankar er ute og reiser. Men tenkjer like mykje.

Har funne ut at det er best å ha ein eigen reiseblogg.
Varangertankane passar liksom ikkje heilt utanfor Varanger. Bortsett frå i særskilde tilfelle.
Men behovet for å tenkja og skriva er like mykje til stades.
Difor blir det ein liten pause her, og ein del høgtflygande tankar i Tankar frå ei reise.
God tur.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Mormor på 97


Har framleis ei mormor. Ho bur på Utsira. Øya vest i havet utanfor Karmøy. Og ho har rukke å bli 97 år.
Det er lenge sidan eg har sett henne. Alt for lenge. Men denne gong kunne eg setja meg ved sida av henne på aldersheimen.
Så der sat ho. Like karrig og fast som landskapet på øya. Men med det same glimtet i auget.
Det byrjar å gå i surr for henne med barnebarn og oldebarn. Særleg når ho blir presentert for moderne "mine og dine"-familiar.
Men ho hugsa meg. Sjølv om det var lenge sidan sist.
-E det deg, spurte ho undrande.
-Er du ennå oppe i Nordland?
Alt nord for Trondheim er Nordland på ei lita øy som Utsira.

Mormor blei enke i 1966. Mannen hennar døydde av ein sjukdom som kunne vore lega i dag.
Sidan den tid budde ho mykje åleine i huset sitt på øya. Gjekk i fjæra om vinteren for å henta drivved. Gleda seg over det som kom av vitjing frå barn og barnebarn om sommaren.
Det at ho til slutt måtte flytta til aldersheimen har ho aldri forsont seg med.
-Eg får vel bli nokre dagar til, innan eg fer heim igjen, sa ho inne på aldersheimen. Medan rullatoren stod klar ved sida av henne.

Hugsar ein gong eg som tenåring skulle ta avskjed med henne, etter å ha vore ei stund på øya. Som tenåringar flest ville eg etterkvart markera at eg var uavhengig. Og ga henne difor ingen avskjedsklem.
Ein klem fekk ho denne gong. Innan eg måtte dra ifrå henne igjen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, juli 04, 2006

Teltfestivalen 2006


Etter å ha opplevd Skiippagurrafestivalen frå alle kantar, kom eg på ein glimrande forretningside.
Det er å arrangera ein teltfestival. Unge (særleg dei som er evig unge) frå fjern og nær blir invitert til å ta med teltet sitt og setja det opp på eit inngjerda jordstykke.
For dette kan dei betala 750 kroner for ei helg. Alle kan sitja rundt båla og festa så mykje dei orkar, medan Shakira dunkar frå ein ghettoblaster i nærleiken.

Har etter fleire års festivalopplevingar i Finnmark erfart at det er dette dei fleste eigentleg vil. Betala mange hundrelappar for å treffa gamle og nye kjente, og festa med dei rundt eit leirbål.
Med eit slikt opplegg har arrangøren så og sei ingen utgifter til musikkgrupper og diverse. Dei vil i grunnen få eit kraftig overskot.

Under Skiippagurrafestivalen var det mykje bra musikk å høyra. Arrangørane har gjort ein imponerande innsats for å bringa kultur til folket.
Til glede for alle som orka å letta på stompen og ta ein rusletur bort til scenen.

Ja, det var nå slike tankar eg hadde, då eg til slutt la meg på ryggen i ein lavvu. Og høyrde Shakira dunka frå ein ghettoblaster ein stad i nærleiken.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.