fredag, april 29, 2005

Læstadius i gåve

Salmebok lys
Har fått ei uvurderleg gåve. Ei lita, vakkert innbunden, læstadiansk, finsk salmebok. Var på besøk hos eit spanande, pensjonert ektepar i byen. Og kona viste seg å tilhøyra den innerste, læstadianske krets. Den sekta frå Finland og Tornio som har utvikla seg direkte frå Lars Levi Læstadius. Etter hennar eige utsagn.
Fleire gonger i året kjem det finske trusfrender og har møte hos ho. Held sekta levande.

Må presisera at eg ikkje er noko særleg religiøs. Men er veldig interessert i musikken deira. Og fascinert av miljøet. Å treffa henne var omtrent som det måtte ha vore for Rolling Stones då dei første gong traff Muddy Waters.

Me sat der i stova og sang "Armon Lapset" og andre finske salmar. Brått gjekk ho ut, og kom tilbake med den vesle salmeboka. Ville gjerne at eg skulle få den i gåve.

Eg følte eg måtte vera ærleg og fortelja at eg er med på å laga desse salmane annleis. Og ho likte ikkje heilt "jazzsalmar", som ho sa sjølv. Mest av alt likte ho den tradisjonelle sangmetoden; Å dra tonane lengst mogleg ut. Men ho aksepterte det som var annleis.
(På denne sida; http://www.home.no/daap kan de forresten høyra nokre eksemplar på "jazzsalmar".)
Salmebok orgel

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, april 25, 2005

Snø og vår

snø og tre
Det snøar. Og det er vår.
To sterke motsetnader, skulle ein tru.
Men denne type snø skal vera eit sikkert vårteikn.
"Klette" trur det var at folk her kallar det. Ein type snø som skal fjerna den snøen som allereie ligg på bakken.

Trudde lenge at dette berre blei sagt for å trøsta ein stakkar søring. Men det skal visst vera noko i det.
Så nå får eg òg faktisk ein vårfølelse i kroppen når eg ser slikt snøver.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, april 24, 2005

No problem

Det burde eg ha visst.
Finnmarkingar veit korleis ein vellykka fest skal haldast!
Forbrødringa på tvers av langborda starta omtrent før festen var i gang.
Det var reinbuljong piffa opp med chili og diverse. Finske salmar, rock og joik i skjønn forening.
Jubilanten såg ut til å vera svært nøgd.
Og det osa fred og kjærleik over heile lokalet.
Etter det eg kunne sjå.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, april 23, 2005

På fest med indre og ytre strøk

Vårbrudd før festen
Stille før festen

Skal på fest i kveld. 40 års lag på Vårbrudd. Ein fin måte å feira på. Eit spleiselag der alle bidrar med mat og underhaldning. Har opplevd slike festar før, både i mitt eige 40 års lag (som er alt for lenge sidan) og med andre.

Denne gong er det musikkprodusenten i Varangerfestivalen, Runar som står for tur.

Men det er noko som gjer denne festen annleis enn tidlegare festar.
Runar kjem opprinneleg frå Kautokeino. Og det er venta mange gjester derfrå.
Samkvemet mellom indre og ytre strøk i Finnmark kan nemleg illustrerast med korleis det er møblert på Vårbrudd for kvelden; To langbord i passeleg avstand.
Skal bli spanande å sjå om folket frå Kautokeino blir sitjande ved det eine langbordet og Vadsø-folket ved det andre.

På den andre sida er dette ein kulturell kveld. Og kultur har denne eigenskapen å skapa gode relasjonar. Så kanskje me endar opp med slagordet; "Kautokeino-Vadsø; Hånd i hand". Eller kanskje det er nokon som tar oppfordringa til Are og Odin på alvor.

Eg skal i alle fall avgi ny rapport i morgon... Trur eg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, april 17, 2005

Vadsørennet Grand Prix

VAdsørennet himmel og lys
Har delteke i det årlege Vadsørennet i dag. Tre mil på ski på fjellet, mellom Vestre Jakobselv og Vadsø. Saman med omlag 200 andre.
VAdsørennet skog
Føret var vanskeleg. Det lugga og var bakglatt om ein annan. Passa godt at eg stilte i turklassen. Etter berre nokre kilometer rasa konkurranseløparane forbi.
Vadsørennet skihytta
Og endeleg kom eg meg til skihytta. For første gong i år. Fekk litt varm saft der.
Vadsørennet blå himmel
Då det nærma seg mål skein det litt opp. Var blant dei siste. Kom akkurat tidsnok til målområdet for å bli kommentert av speakeren, Gundersen, før han pakka saman mikrofonen for dagen. Klarte så vidt å spurta forbi to eldre damer innan eg kom over mål.
Fire timar hadde eg brukt.
Sonen min hadde òg gått løpet. Men han var allereie ferdig dusja. Hadde brukt halvparten av tida. jaja...
Vadsørennet i mål

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, april 16, 2005

Frå far til sønn

Stua om morgonen

Sit her i alt rotet i stova ein laurdags føremiddag og filosoferer.

Har sonen min her i helga. Det er over ein månad sidan sist han var her. Han blir berre meir og meir opptatt med idretten. Var på Nord Norsk mesterskap på ski like før påske. Reiser til Finland neste helg. Så den einaste måten å halda kontakt, er vel å reisa med han på desse stevna.

Tenkjer på at me er ved eit skilje. Der han blir meir og meir uavhengig. Merkar endringa godt.
Hugsar ein dag me sat på favoritt-kafèen vår, Hildonen. Eg fekk den gode idèen å fortelja han om pubertet, bier og humler og sånt. Tenkte at det måtte gjerast før det var for seint.
Han sat taus medan eg la ut i det vide og breie.
Då eg endeleg var ferdig, sa han;
-Nei, nu e æ lei av det hær skitpratet. Ska vi gå nu?

Nå skal me ta turen til Hildonen igjen. Utan bier og humler.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, april 15, 2005

Kjøkkenbordet

Kjøkkenbord 1
Har mange ting på kjøkkenet som eg likar svært godt. Det er ikkje så fint alt saman. Men til veldig god hjelp. Oppvaskmaskinen. Kva skulle eg gjort utan den? Vannkokar. brødbakemaskin. Bakar brød kvar veke, takka vera denne hendige oppfinninga. Mikrobølgeovn. Kjekt å ha. Og eit kjøleskap som eg har hatt i femten år og som nesten dett frå kvarandre. Men går, det gjer det.

Og så var det dette kjøkkenbordet. Fekk det i sommar av ein kamerat. Kunne hatt eit nyare, trekvitt bord. Men valgte dette.
Ingenting er som eit nedslitt treverk. Tenk på alle historiane som er knytta til dette bordet. På alle menneska som har stått rundt det.
Går du nær nok, kan du høyra eit svakt ekko av historiane...
Kjøkkenbord 2

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, april 10, 2005

Talisman med skiftande uttrykk

talisman 1
Dette er talismanen som står og stirrer øverst oppe i hjørnet av bloggen min. Og som observerer alt som foregår i huset.
Den har denne eigenskapen at den skiftar uttrykk. Kan både smila og vera meir alvorleg. Alt etter dagsform og lys. Blir ikkje heilt klok på den. Men det ser ut til at den forstår det meste. Ser litt lur ut.

Talismanen heiter Thalia og er ein teatralsk muse som gøymer sanninga i komedien. Står det i papira som fulgte med.
Og musene skjenka musikken til menneska, ifølgje gresk mytologi. Etter det eg hugsar.

Den er ein av desse tinga som eg set ekstra pris på å ha i huset.
Den er laga av Mats Jonasson frå Målerås i Sverige. Får ingenting for å reklamera for det. Men syntes at Mats fortente litt merksemd for å ha laga Thalia som set slik preg på heimen.
talisman 2

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, april 09, 2005

Barnlege synder

skog


Dagens tekst er henta fram frå gjengrodde stiar (den var fiks, ka?)
Den gamle ungdomsskulen på Vestlandet som eg gjekk på skal feira jubileum. Og dei har i den anledning bede blant andre meg om å skriva ein tekst kor det blir mimra over gamle dagar.
Det eg er mest spent på nå, er om dei godtar teksten min. Om det har skjedd noko endring sidan eg flytta derifrå.

Og dersom du skulle bli sjokkert over historia, så må du hugsa på at dette skjedde på det pietistiske Vestlandet for lenge, lenge sidan. I ei tid då seksualundervisning var like usannsynleg som at det skulle finnast liv på andre planetar. Eller at menneska skulle vera i slekt med apene.

Mi historie skjedde på slutten av det elles så syndige 70-talet. Me, ein gjeng gutar var i vår beste alder; rundt 14 år. Med hengslete armar og bein, tennene på tørk og kviser så store som pannekaker. Me trudde at me allereie då var Guds gåve til det motsatte kjønn. Så trua på oss sjølve var det ingenting i vegen med. Men me trudde samstundes at den einaste måten å nå fram til jentekroppen, var å ty til ulovlege metodar. Det var nå berre slik det var, meinte me.
Så slik var det ein mørk haustkveld at me hadde bestemt oss for å gå til aksjon.

Volleyball var umåteleg populært på den tida. Jentene hadde trening den kvelden.
Og me, sju til åtte gutar i vår beste alder, hadde planlagt å kikka på dette. Ikkje på treninga, men på dusjinga etterpå.
Den glimrande ideen var at me skulle klatra opp på taket og fira oss ned til vindauget og kikka inn. Me skulle lura oss ned eit forholdsvis bratt tak, bøya oss over takrenna og kikka inn vindauget.
Rett og slett.

Å klatra opp på den flate delen av taket var ingen problem. Me hadde jo vore ute ein haustkveld før.
Så byrja me å trampa bortover taket, så kvisene spratt og bein og armar haldt på å gå ut av ledd. Men akkurat i det me skulle over på det farlege ved oppgåva, til den bratte delen av taket, så skar det seg. Dei hengslete beina våre hadde laga eit alt for svært leven.
Og det viste seg at samtlege lærarar på skulen hadde møte den kvelden. Dei kunne forbløffa høyra eit forferdeleg rabalder over hovuda sine.
Når desse lærarane først aksjonerte, så var dei raske. Dei sprang ut og kommanderte at samtlege gutlarvar skulle hoppa ned.
Me prøvde først å gjera oss usynlege. Nok ein fiks ide som me trudde på. At ingen kunne sjå oss berre me stod stille nok. Men det var ikkje til å unngå. Me måtte til slutt hoppa ned og gå spissrotgang mellom oppstilte lærarar.

Neste dag var dommens dag.
Læraren vår kalla inn ein og ein gut-i-sin-beste-alder til avhøyr. Aldri hadde kvisene våre vore så store og raude som den dagen. Tennene hang ned til knærne. Hengslete armar roterte som to ustyrlege propellar. Beina stod som fastlimte for ein gongs skuld.
Det var vår første nær-døden-oppleving.
Men litt fortumla fann me ut at me overlevde. Og me innsåg faktisk etter ei stund at me hadde vore heldige. For viss me hadde kome så langt som å fira oss ned langs det bratte taket, så hadde me mest sannsynleg ramla fire-fem meter ned i ei steinur, utan å få så mykje som eit glimt av dei dusjande jentene.

Seinare har me lært eit par ting om korleis ein skal få innsyn til kropp og slikt. Men det måtte me finna ut av sjølve, og ikkje ved hjelp av den jubilerande skulen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Etterlysning

Sender ut ei lita etterlysning.
Og det er til alle frå Vadsø som bloggar.
Har frå før fire artsfrendar blant lenkene mine.
Men har plass til fleire.
Så viss du er ein av dei eg ikkje har oversikt over, eller du veit om nokon, legg gjerne igjen eit visittkort.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, april 08, 2005

Kunst i første

kunst1


Har etablert det reine kunstakademiet i huset mitt. Musikk og bloggskriving i andre etasje (blogging er vel ganske kunstnarleg, eller...) og maling i første.
Første etasje skulle ha vore pussa opp og gjort innflyttingsklar for lenge sidan. Men arbeidet er utsatt på ubestemt tid. Som alt anna viktig.
Har difor lånt etasjen ut til ein biletkunstnar.
Etasjen viser seg å passa godt som arbeidsrom for kunstnarar.
På tide det blei meir liv der.
kunst2

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, april 07, 2005

Når mannfolk konkurrerer

skihopp


Det er ikkje til å koma frå. Mannfolk hatar å tapa.
Har av og til vore med elevane mine og spela håndball og liknande. Men blei så ivrig at det var til fare for dei små.
-Du skyt alt for hardt, innvendte dei.
-Ja, ja, skal skjerpa meg, svarte eg. Men i neste augneblink fekk eg ballen igjen, og målet stod framfor meg, og så skaut eg i mål igjen, og løfta armen triumferande...og hugsa igjen at eg skulle ha tatt det med ro.

Ein gong blei det arrangert ein vennskaps-fotballkamp på skulen mellom nokre elevar og foreldra. Mødrene prøvde å ta omsyn og ga ballen litt frå seg. Men fedrene derimot; Dei gjekk på med dødsforakt i taklingar og skudd. Her skulle det vinnast for einkvar pris!

Denne veka har det vore ski-aktivitetar.
Nokre elevar laga ein dag til ein hoppkonkurranse.
Eg lot meg frista til å bli med.
Då eg kom ned unnarennet kjende eg kor adrenalinet brusa igjen. Her gjaldt å trø til! Og så hoppa eg, og klarte å stå og høyrde frå juryen bak meg at;
-du leder...
-JAAA, brølte eg, og tenkte samstundes at nå må eg roa meg igjen.
Men så fekk eg beskjed om at eg hadde vunne, og eg klarte ikkje halda jubelen tilbake.
Litt seinare kom ein annan, mannleg lærar. Og han slo meg med fleire meter...
skihopp 2

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Arktisk utsikt

utsikt


Utsikten frå stovevindauget i dag tidleg minna meg om at eg bur i arktiske strok.
Fjella på andre sida av fjorden var dekka av nysnø, og minna mest om isfjell.
Men etter å ha blitt bruna av sola i heile dag, kunne eg senda ein stille takk til dei varme havstraumane frå Mexico som gjer det ganske bra leveleg her.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, april 04, 2005

Isfisk

isfisk


Det blir mange naturopplevingar framover. Alle femteklasse-elevane skal vera ute heile veka.
I dag var det isfiske på Navarsvannet.

elev


Elevane låg langflate på isen, kikka spent ned i holet og venta på napp.

isfiskehol


Og det var mykje isfisk, eller rettare sagt piggfisk å få.
Fiskar på størrelse med ein peikefinger. Til ein femteklassing. Men størrelsen var ikkje så viktig. Når dei kunne få over hundre slike piggfisk på kroken, vart det mange spanande, små akvarium rundt omkring på isen.
Og heime venta enkelte kattar på eit luksusmåltid

piggfisk i akvarium

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Ny vadsøblogg

Blei frå Sofakroken merksam på ein ny vadsøbloggar.
Reknar med at Cruella er ei hesteinteressert jente som av og til har vore innom bloggen min òg.
Velkommen til blogg-fellesskapet i alle fall.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, april 03, 2005

Fjæra, bål og greier

bølger


Har hatt ein typisk søndag. Tur i fjæra. Denne gong langs vegen eit stykke forbi Golnes. To menneske innpakka i kvar sin skuterdress til ly mot den kalde vinden. Sat på reinskinnet. Det varma òg. Kikka på bølgene. I horisonten var det opne Barentshavet. Og russisk territorium. Drakk kaffe frå termosen. Åt pølser og sjokolade (rart kor godt det er ute i fjæra).
Pølsene varma opp frå eit bål som endeleg brann etter iherdig innsats. Sidan det bestod av litt fuktig drivved. Men når det først brann, så brann det godt.
Fin dag.

fjæra og bål

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, april 02, 2005

Det luktar hest...

hest2


Du trudde kanskje det skulle bli eit skikkeleg kinky innlegg her nå. Men her i bloggen er alt bokstaveleg og rett på sak.

Blei nemleg invitert til eit samfunn i byen i dag som eg ikkje har frekventert i før.
Til dei som driv med hest. Fleire bønder i byen (!) har starta med å leiga ut stall og jordstykke til dei som eig hestar.
Etter det eg veit er det omlag 40 hestar i byen. Og endå fleire, ivrige heste-for det meste -jenter.
Dei set av opptil fleire timar kvar dag til stelling og mosjonering.

Det var meininga at eg skulle få meg ein tur i dag. Men den aktuelle hesten var litt vill av seg, så eg fann det tryggast å halda meg på jorda.
Men fekk nå anledningen til å børsta dyret litt.
-Du må snakka med hesten, fekk eg instruksar om, medan eg strauk børsten litt vel forsiktig over ryggen.
-Hei, hei, prøvde eg.
Og svelga eit "kor det går" til dyret som uansett ikkje hadde svara noko fornuftig på eit slikt spørsmål.
Det blir nok lenge til det blir ein "hestekviskrar" ut av meg, ja.

Men det ser i alle fall artig ut, når vante hestepassarar travar bortover vegen på dei svære dyra.
Og lukta...den er nå i grunnen ikkje så verst...

hest1

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.