lørdag, april 23, 2005

På fest med indre og ytre strøk

Vårbrudd før festen
Stille før festen

Skal på fest i kveld. 40 års lag på Vårbrudd. Ein fin måte å feira på. Eit spleiselag der alle bidrar med mat og underhaldning. Har opplevd slike festar før, både i mitt eige 40 års lag (som er alt for lenge sidan) og med andre.

Denne gong er det musikkprodusenten i Varangerfestivalen, Runar som står for tur.

Men det er noko som gjer denne festen annleis enn tidlegare festar.
Runar kjem opprinneleg frå Kautokeino. Og det er venta mange gjester derfrå.
Samkvemet mellom indre og ytre strøk i Finnmark kan nemleg illustrerast med korleis det er møblert på Vårbrudd for kvelden; To langbord i passeleg avstand.
Skal bli spanande å sjå om folket frå Kautokeino blir sitjande ved det eine langbordet og Vadsø-folket ved det andre.

På den andre sida er dette ein kulturell kveld. Og kultur har denne eigenskapen å skapa gode relasjonar. Så kanskje me endar opp med slagordet; "Kautokeino-Vadsø; Hånd i hand". Eller kanskje det er nokon som tar oppfordringa til Are og Odin på alvor.

Eg skal i alle fall avgi ny rapport i morgon... Trur eg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.