torsdag, august 23, 2007

Høyet er i hus


Høy er ein vitskap, ja.
Har gått med konstant angst dei siste vekene.
for det skal ikkje mykje vitskapleg innsikt til for å forstå at høy må ha sol og vind for å tørka på ei hesje. Og at regn er heller dårleg sort.
Og dei siste vekene har det regna. Ja, det har hølja ned enkelte dagar. Så ein nestan skulle tru me hadde hamna på Vestlandet.

Me, eit relativt ungt (...ja,ja...) par, nyetablerte hobbysmåbrukarar, fanga av tidsklemma og med to jobbar me eigentleg ikkje har tid til. Me kjenner eit eldre ektepar som veit alt om høy. Blant anna. Dei er omtrent fødde ved ei hesje begge to. Og dei visste råd.
-Gi hesja to dagar med tørke, og få det så inn på låven i ein fei, råda dei.

I går var det andre dagen utan regn. Dei hadde allereie ringt og råda oss om å gjera det nå. Med ein gong. Så det var å rasa bort utpå ettermiddagen til hesja med traktoren.
Me lukta og kjente. Noko av det lukta mugg. Noko var fuktig. Berre å hiva. Noko var knust tørt og lukta friskt. Særleg alt det som dei hjelpsame pensjonistane hadde raka saman og hengt opp på ein luftig måte. Opp på tilhengaren med det. Kjenna. Lukta. Eg har for sikkerhets skuld høysnue. Så snørret rann. Det føltes som ein kilo med høy hadde satt seg fast i hovudet. Fram og tilbake med traktoren.

Klokka 2 på natta var alt inne på låven. Dandert så luftig som mogleg. Grovsalt strødd i lag på lag for at høyet skal halda seg.
Me la oss stup trøtte. Berre nokre timar til klokka ringte og ny arbeidsdag venta.

Neste morgon kikka me ut.
Det høljeregna.
Så visdomen er: Høyr på gamle folk.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, august 20, 2007

Multepsykologi


Stod opp tidleg ein laurdags morgon. Stilt og fint ute. Pakka sekk og spann. Klar for multetur.
Klatra først opp gjennom kratt og ur eit stykke. Og var brått oppe på snaufjellet. Ganske befriande å pusta i den opne fjellufta, etter å ha streva seg gjennom bratt terreng og buskar.
Byrja å leita oppe i det flate terrenget. Fann litt her og der.
Og brått...eit større flak kor bæra stod tett.
Mange av bæra var framleis umodne. Men når ein kjem over slike mengder. Så gjer det noko med deg. Pulsen stig. Jaktinstinktet overtar. Plukkinga går så fort og effektivt som mogleg. Ikkje tid til noko anna.
For med eitt. Tadaaa, tadaaa! Eit appelsinskal. Det hadde altså vore folk her før meg. Og då eg kikka opp ein augneblink, så satte det ein støkk i meg.
Langt der borte i horisonten kunne eg nemleg skimta noko veldig forstyrrande. To individ. Nærare bestemt to menneske. Og dei plukka òg bær.
-Pokker, pokker, tenkte eg.
-Hald dykk borte herfrå!
Og så plukka eg endå fortare.

Dei kom aldri nærare. Så eg gjorde meg ferdig og rusla nedover mot fjorden igjen.
På vegen traff eg på to pensjonistar som gjekk ein laurdags føremiddagstur på fjellet. Dei kom gåande langsmed platået. Det såg så koseleg ut. To spreke pensjonistar som hadde gått mange kilometer her oppe, og som var på veg tilbake til hytta, kaffe og kos.
-Var det dæ vi så oppe på multemyra, spurte dei.
-Øøøøh, ja, svara eg.
Og vart litt flau over at eg nærast hadde hatt mordtankar der oppe.
For dei var jo så koselege. Fortalte at det var meir enn nok bær ennå, etterkvart som dei modnast. Og snart var det rypejakt. Eg skulle berre koma innom hytta deira, så hadde dei sikkert ei rype å gi etterkvart.
Eg takka, tok farvel og rusla siste biten ned mot fjorden.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, august 08, 2007

Værvariasjonar

For ein dag! Kor varmt det har vore, veit eg ikkje. Men blikk stille og sol skapte fornemmelsar av Syden eller liknande. Småfuglane kosa seg i tretoppane. Gøymde seg for ei havørn som sigla forbi. Ørn er det forresten mykje av for tida. Ser dei kvar dag.
Plukka eit halvt spann med jordbær. Og jobba i varmen.
Elles er det store variasjonar for tida. Med både dyr og vær. Ein liten hareunge hoppar rundt på garden om kveldane.

Må vera eit harekull her i nærleiken.
Sist natt var det lyn og torden og styrtregn. Ein morgon tjukk skodde ikring oss. Ein dag grått og austavind. Innan det stilnar av lyser opp til eit sølvblå skue.
Ikkje akkurat kjedelege dagar, nei.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Hesjedans


Me samlar på gras for tida. Noko er i rundballar. Og borte hos Ewald og Ann Mari har me fått anleding til å hesja på gamle måten.
Det er ein teknikk med dette som eg ikkje ante noko om før nå. Korleis sjølve hesja blir satt opp, ikkje minst. Og korleis høyet blir raka saman. Det blir fletta på ein måte. For at det skal liggja fint. Dei to gamle kunne det så godt. Hjalp godt til. Så er det ein patent her oppe. Med å leggja eit gammalt fiskegarn over, så høyet ikkje bles vekk.
Men det kjekkaste av alt er når folk kjem forbi. Ein hoppa ut av bilen, kom springande og hjalp til med hesja. I fleire timar var han med og hjalp. Ein pensjonist kom syklande. Og måtte stoppa og prata. Om korleis det var før i tida. Når dei som ungar måtte på fjellet og henta torv. Og vera ute på bakken med hesjinga. Det var tydelegvis mange minner som kom hoppande med me haldt på.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Vakker kveld, hard morgon

Det var ein slik vakker kveld. Sol og regn. Blikkstille. Og ein heil regnboge som strålte.
Så. Grytidleg om morgonen. Det var ikkje kjekt. Å stå på flyplassen og sjå at ein viktig livsfase var forbi.
Det er ikkje til å unngå. Det skjer jo med oss alle ein dag. Burde eigentleg ha applaudert det modige steget.
Andre stader går det òg hardt for seg. I kampen om å finna ut kva som er opp og kva som er ned. Ikkje anna å gjera enn å stå på.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.