torsdag, mars 30, 2006

Støttekonsert

Fredag 31. mars kl. 19 blir det støttekonsert i Kinosalen for den tsjetjenske familien Sautiev.
Penganen frå billettinntektene og sal av lokal kunst går til utgifter med å anka ei rettsavgjerd om å utvisa familien.

I alt sju artistgrupper og fleire kunstnarar har på kort varsel stilt opp med gratis musikk og biletkunst.
I tillegg er det mogleg å gi pengar direkte til konto 1644 34 37693.

Arrangør er ei støttegruppe for dei tsjetjenske familiane i Vadsø. Med i støttegruppa er blant andre ordførar Hauk Johnson.
Meir informasjon om tsjetjenarane finn de på nettsida Beskyttdem.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, mars 16, 2006

Folk og fe i Finnmark

Har hatt ei innhaldsrik veke. Det starta med eit nytt, kulturelt innslag. Poeten Lars som framførte eigne dikt, akkompagnert av Harald og Morten. Folket som høyrde på viste å setja pris på tilbodet. Musikken fekk så godt fram stemninga i orda til Lars. Går ennå og nynner på den siste setninga hans; "Medan du sov, medan du sov..."
Foto: Trond Alfred Holm

Dagen etter, i ein slitt bustad sat ein alvorstung gjeng. Ein tsjetjensk familie har tapt rettssaka mot staten. Det betyr at politiet kan vera på døra kva tid som helst og henta dei. Senda dei ut av landet.
Dei fryktar for sine eigne liv. Er fortvila over kva som skal skje med borna. Angsten og det uvisse har gjort dei nærast apatiske.
Sonen deira sat i sofaen og såg på skiskyting. Jubla stille og forsiktig når Bjørndalen gjekk først over mål. I respekt for dei alvorlege vaksne som sat rundt bordet.
Saman med dei sat nokre norske vener som vil prøva å hjelpa. Blant dei ordføraren i kommunen. Venene vil prøva å få til ein innsamlingsaksjon og støttekonsert. Samla inn pengar til å anka saka deira.
Kjende meg overvelda. Over at familien klarer å halda motet oppe. Over ho som står slik på for å hjelpa dei. Over ordføraren og andre som engasjerer seg.

Lenger inne i fjorden. Eit gammalt par bur der, stille og fredeleg. Har ein liten flokk villsauer. Nokre høner og ein hund. Bur i ein av dei få, gamle gardane som ikkje blei brent under krigen. Garden er arva. Dei jobbar litt utanfor garden når dei vil. Elles har dei nestan ingen utgifter. Mat hentar dei ute i fjorden. I skogen. Eller slakter heime. Nestan upåverka av maset elles i verda.
Det står teikna over heile andletet til mannen i huset. Med krittkvitt skjegg. Og fredelege furer.
Oppe på Navarsvannet var ein gjeng skuleungar og fiska. Dei fekk heile dagen til rådvelde. Det bles ein iskald vind tvers over vatnet. Men det brydde ikkje ungane. Dei låg langflate time etter time. Stirra ned i isholet. Fekk opp ein og annan piggfisk på nokre få centimeter. Var så oppglødde.
Aldri keisamt med verken folk eller fe i Finnmark.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, mars 03, 2006

Kvinneleg logikk til sjøs


Var på Hurtigruta om dagen. Det er ganske flott. Få seg ein tur over fjorden til Kirkenes. Innta ein betre frukost. Kikka på turistane.
Under frukosten kom dette kvinnelege spørsmålet;
-Styrbord, er det til høgre eller venstre?
Og som den vante sjømann svara eg at det er til høgre. For baugen, vel og merka.
-Å, ja, men då hadde eg rett, konstaterte ho letta.
-Ja, kven var det som hadde feil då, spurte eg.
-Nei, eg sat nå berre og diskuterte med meg sjølv, svara ho.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.