mandag, august 29, 2005

Radio revolusjon


Det har skjedd ein liten radio revolusjon i NRK Finnmark i dag.
Louise og Hannah var i sommar på haiketur og fekk utlånt ein mikrofon for å laga sitt eige radioprogram. Det første blei sendt i dag, og fleire kjem seinare.

Så vidt eg veit er det første gong at journalistane gir fullstendig slepp på mikrofonen og overlet nesten all programskaping til to glade "ikkje-journalistar".
(Eller er det andre som har gjort noko liknande?)
Det næraste eksempelet eg kjenner til, er Svensk fjernsyn som lånte ut kamera til forskjellige personar.

Sjølve programmet som desse to jentene har laga er av ein slik type som radiojournalistar flest har eit stort ynskje om å laga. Dra ut på tur, treffa folk, laga spennande skildringar og lydar.
Men ein del vil meina at det sjeldan blir tid eller råd til det. Og at journalistane i staden blir henvist til telefonintervju og avspeling av meir musikk, for å fylla sendeflata.

Dermed kan det sjå ut som om NRK Finnmark har gjort ein aldri så liten genistrek, viss dei har oppdaga den. For at glade "amatørar" lagar reportasjar blir sannsynlegvis mykje billegare. Samstundes som akkurat det perspektivet sikkert kan skremma ein del journalistar opp på barrikadane.

Men det er ein ting til; Sjølv om radiojournalistane blei sendt ut for å laga reportasje om ein liknande haiketur, ville resultatet neppe ha blitt det same. Du kan høyra det når ein radiojournalist snakkar. Det blir som regel stivt og tungt på ein måte. Same kor mykje dei prøver på det motsatte. For i all radio-opplæring, med tydeleg uttale, pusteteknikk og trykk på diverse konsonantar, er det noko som forsvinn; Spontanitet og naturleg veremåte.

Og det er akkurat det desse jentene har klart å få fram. Noko som gjer radioprogrammet deira så spesielt og bra (Programmet kunne faktisk ha blitt endå meir spontant, viss det ikkje var for at ein journalist redigerte opptaka).
Kanskje dei set standard for ein heilt ny, type radio? Ein radio revolusjon?

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, august 27, 2005

Avskjed på ein indiansk sommarkveld

Det er nokon som skal flytta igjen. Og som hadde avskjedsfest i Ytrebyfjæra.
Det er mykje som kunne blitt sagt om ho som drar. Ein ting er i alle fall at ho lagar så vanvittig god mat! Og det gjorde ho for anledningen i går kveld òg. Stemninga var elles prega av at me nok kjem til å sjå ho igjen.
Og så var det været. Må stadig venda tilbake til det temaet. Sluttar aldri å la meg overraska av værgudane. For i går kveld var det ein slik indiansk sommarkveld. Litt vind. Men varmt. Så ein kunne sitja ute i t-skjorta omtrent... I alle fall ved bålet. Ganske uvant på denne tida.
Vinden strauk mildt og roleg rundt oss. Det var litt musikk. Og ein avslappa atmosfære.
Så. Vakna i dag av eit brak. Kaffekanna hadde ramla ned og blitt knust ute på verandaen. Blitt tatt av vinden, som i mellomtida hadde auka på. Men som framleis var varm og mjuk.
............
......jajjjaja.........
....ja, så slik går nå dagane her....

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, august 24, 2005

Spectacular spectaculous!

Det veldig vekslande været, med kraftige, mørke tordenskyer, styrtande regnskyll og plutselege solgløtt gir slike spektakulære syn ein onsdags ettermiddag. Regnbogen strålte 180 grader. Så klar og stor var den, at kameraet ikkje klarte å fanga inn heile.
Men eit syn var den. For både menneske og dyr.
Same kor ein snudde seg, var himmelen spektakulær.
...Tittelen er forresten henta frå ein av mine favorittfilmar; Moulin Rouge. Spektakulær den òg...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, august 23, 2005

Grått vær, søte jordbær

Det regnar. Ganske grått og trist på alle måtar. Så jordbæra lyser opp. Sidan været ikkje har vore heilt optimalt i sommar, har dei kome ganske seint. Men det ser ut til at dei har hatt det heilt greit der under dekket. Det blir ikkje så mange. Og dei modnast sånn forskjellig. Seks-sju då. Tre-fire neste dag. Men det evige sommarlyset gjer sitt til at dei blir veldig smakfulle.
Reine festdagen kvar gong me kan servera jordbær og is til dessert. Medan dei andre gjer sitt beste for å modnast før vinteren trør til.
Og det er jo ikkje så verst å ha sine eigne jordbær på nokon og 70 grader nord.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, august 20, 2005

Lilla melankoli

Vakre er dei. Men akk, så melankolske. For straks Geitramsen dukkar opp, gir dei eit varsel om at sommaren er på hell. Og det er den definitivt nå.
Det har blitt litt kjølegare. Og snart er ferien slutt...
Jo, jo...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, august 14, 2005

Velsigna Varangerfestival

Er i augneblinken så glad for at Varangerfestivalen eksisterer.
Har opplevd den frå begge sider. Som gospelkonserten i kyrkja. Med Ytre Suløen. Den amerikanske solisten Tricia "Sister Teedy" Boutè. Og eit samansett kor frå Russland, Noreg og Liberia. Samarbeid på kryss og tvers som skapte ein elektrisk stemning i kyrkja.
Frå øvinga før konsert

Og så festivalteltet. Brass Bross saman med eit fyrverkeri av ein gjeng av med unge jenter frå Sør Afrika, som fekk det til å eksplodera i det arktiske publikumet.

Meir Afrika...og meir Varangerfestival...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, august 13, 2005

Festivalen går bra


Ville berre sånn snarast stikka innom og fortelja at det går flott med Varangerfestivalen.
Masse glade folk, fargar og god musikk.
Og tipsa om at laurdag opptrer Ytre Suløen saman med Festivalkoret i kyrkja kl. 17, medan Electric Arctic Rhythm Section spelar kl. 21.30 i Ricakjellaren. Sistnemnde med gitaristen Asbjørn Ruud frå Vadsø og MusikkiFinnmark i spissen.
Og nå skin sanneleg sola òg!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, august 10, 2005

Festival i byen

Nå er det festival i byen!
Varangerfestivalen.
Ein orgie i spennande og velklingande musikk, fire dagar til ende.
Sidan dei største artistane nok kjem til å selgja unna sine billettar, nyttar eg høvet til å framheva nokre av dei lokale innslaga:

Loose Ends; Drivande bluesgruppe frå Vadsø med nytt og eige eige materiale,
Whateverland; Skriv eigne låtar, har ein svært god rytmeseksjon.
Daap; som framfører opprocka, gamle salmar og folketonar, for første gong med "elektrisk" framføring.
Sistnemnde onsdag 10.8. kl. 24 i Rica-kjellaren, og 12.8. kl. 13 i Festivalteltet.

Øvrig program og tidspunkt kan de finna på denne sida;
http://www.varangerfestivalen.no

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, august 08, 2005

Garmarna til Vadsø

Sånn like før Varangerfestivalen brakar laus, vil eg gjerne reklamera for ein annan festival i Vadsø, som kjem ei stund seinare, i oktober.
Festivalen Polar Spectacle har nemleg klart å invitera hit den svenske folkrock-gruppa Garmarna.
Dette er ei gruppe som er større enn Gåte i Europa og USA. Faktisk har Gåte vore oppvarmingsband for Garmarna. I Trondheim.
Garmarna avsluttar òg akkurat ein turne i USA, før dei tar turen til Vadsø.

Garmarna spelar drivande, nordisk folkrock. Det er ei blanding av gnistrande villskap og forførande, mytologiske tonar. Berre vokalisten Emma Härdelin kan med si utstråling trollbinda publikumet fullstendig.
Gruppa har haldt på i femten år. Produsert ei mengd plater og turnert omkring, særleg Europa og USA.

Dersom du likar Gåte og Hedningarna, vil du definitivt lika Garmarna. Og få adskillig meir på kjøpet.

Meir om Polar Spectacle på;
http://www.polarspectacle.no
Meir om Garmarna, der du òg kan høyra eksempel på musikken deira;
http://www.garmarna.com

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, august 04, 2005

Puben reiser seg igjen


Etter Sokey`s død for ei tid sidan, har det verkeleg vore dødt i byen. Men nå vaknar dette lokalet til liv igjen. Med den klingande arbeidstittelen "Affas Kaffe".
Bak tittelen er Arnfinn. Og tittelen bør ikkje lura nokon til å tru at Arnfinn berre serverer kaffe. Her blir det alle rettar. Så vidt eg veit.
Og Arnfinn får hjelp frå gode vener og arbeider på spreng for å få lokalet ferdig til Varangerfestivalen.
Han håpar dessutan at drifta under Varangerfestivalen skal gi nok kapital til å kunna fortsetja etterpå.
Så han får blåst nytt liv i pub-aktivitetane igjen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.