mandag, august 29, 2005

Radio revolusjon


Det har skjedd ein liten radio revolusjon i NRK Finnmark i dag.
Louise og Hannah var i sommar på haiketur og fekk utlånt ein mikrofon for å laga sitt eige radioprogram. Det første blei sendt i dag, og fleire kjem seinare.

Så vidt eg veit er det første gong at journalistane gir fullstendig slepp på mikrofonen og overlet nesten all programskaping til to glade "ikkje-journalistar".
(Eller er det andre som har gjort noko liknande?)
Det næraste eksempelet eg kjenner til, er Svensk fjernsyn som lånte ut kamera til forskjellige personar.

Sjølve programmet som desse to jentene har laga er av ein slik type som radiojournalistar flest har eit stort ynskje om å laga. Dra ut på tur, treffa folk, laga spennande skildringar og lydar.
Men ein del vil meina at det sjeldan blir tid eller råd til det. Og at journalistane i staden blir henvist til telefonintervju og avspeling av meir musikk, for å fylla sendeflata.

Dermed kan det sjå ut som om NRK Finnmark har gjort ein aldri så liten genistrek, viss dei har oppdaga den. For at glade "amatørar" lagar reportasjar blir sannsynlegvis mykje billegare. Samstundes som akkurat det perspektivet sikkert kan skremma ein del journalistar opp på barrikadane.

Men det er ein ting til; Sjølv om radiojournalistane blei sendt ut for å laga reportasje om ein liknande haiketur, ville resultatet neppe ha blitt det same. Du kan høyra det når ein radiojournalist snakkar. Det blir som regel stivt og tungt på ein måte. Same kor mykje dei prøver på det motsatte. For i all radio-opplæring, med tydeleg uttale, pusteteknikk og trykk på diverse konsonantar, er det noko som forsvinn; Spontanitet og naturleg veremåte.

Og det er akkurat det desse jentene har klart å få fram. Noko som gjer radioprogrammet deira så spesielt og bra (Programmet kunne faktisk ha blitt endå meir spontant, viss det ikkje var for at ein journalist redigerte opptaka).
Kanskje dei set standard for ein heilt ny, type radio? Ein radio revolusjon?

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Du sier: «Så vidt eg veit er det første gong at journalistane gir fullstendig slepp på mikrofonen og overlet nesten all programskaping til to glade "ikkje-journalistar". (Eller er det andre som har gjort noko liknande?)».

Jeg var med på nærradiorevolusjonen på 80-tallet. Da hadde vi i Trondheim ca ni radiokanaler som til sammen hadde ca to journalister bak mikrofonen. Resten var «glade "ikkje-journalistar"», som du så snilt uttrykker det.

Nå resulterte dette i skrekkelig mye møl, da - men innimellom kom det noen skikkelige gullkorn. Det er faktisk en del prosjekter jeg rett og slett er litt stolt av, når jeg nå tenker etter ...

30 august, 2005 09:35  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Ja. Eg var òg med i nærradio-boomen på 80 talet. Artig det. Og mange "ikkje-journalistar".
Men nærradioane (dei som overlevde) gjekk vel etterkvart inn i eit mønster dei òg.

30 august, 2005 11:29  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.