torsdag, november 30, 2006

Dei gamle er eldst


Det er kulturuke i Vadsø.
Byens frivillige organisasjonar får presentert seg i stort og smått. Og det er mange som ser og høyrer på.
På Esbensengården, eit av få hus som ikkje blei øydelagt under krigen, som blir brukt som museum, var det presentasjon av byens musikkhistorie i kveld.
Ingolf Schanche og "Påle" Niska stod for ein del av underhaldninga med sang, fele og trekkspel.
Og mange glimrande historiar.
Som når dei stadig måtte avbryta konsertar på grunn av flyalarmar under krigen.
Eller når klarinett og fele hylte noko forferdeleg fordi dei brått blei kommandert til å spela den finske nasjonalsangen. Som ingen av musikarane kunne.
Eller at dei dreiv og spelte musikk under diverse brytestevne. For å overdøyva alle fiselydane frå brytarane.
Utruleg mykje musikalsk erfaring samla på ein kveld.
Og dei største sjarmtrolla av alle, var Ingolf og Påle.
Dei gamle er eldst.
(Ikkje rare kvaliteten på filmen, men kjenn på den stemninga...)

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, november 25, 2006

Vadsø i bilder


Det går i bilder i Vadsø for tida.
-Atelier Fri Strek har utstilling. Som varer til 2. desember.
-På Ekviperingen stiller Aksel "Påle" Niska ut sine landskapsmotiv.
-Kai Kristoffersen har fotoutstilling på Ekkerøy Grendehus.
-I Galleri Vadsø Torg (i gangen ved sida av Opticom) har Kari Velve og Bjarne Riesto utstilling.
-I Fylkeskommunens atelier i Dahlgården har den russike kunstnaren Evgeny Zimirev utstilling med teikningar frå Vadsø.
-Tomlebo Barnehage har utstilling ved Vadsø Bibliotek med tittelen "Ytrebyfjæra".
Bilda mine er frå Fri Strek si utstilling.
Og nå er det altså anledning til ein tilnærma "kunstlysløype". Det burde bli temmeleg berusande.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Small talk

Bilde: Hannah Bråten
Me sat rundt bordet ein morgon og småprata.
Inntil det brått blei stille.
Det kom ein engel forbi, som me pleier å seia.
Så kom det endå ein engel forbi.
Og endå ein.
Det blei med andre ord stille veldig lenge.
Inntil ein rundt bordet kom med dei befriande orda;
-Jaja. Ser ut til at United har vunne igjen...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Sofa; Det er farleg, det...

Dette er ein sofa. Eller det som er igjen av den.
Den står ute i gangen. I ein forvridd stilling. Og med eit stivna dødsflir. Som straff for det den har gjort.

Det heile skjedde for nokre veker sidan.
Eg sat sjølv på eit seminar og høyrde på eit foredrag om kvensk språk. Då det kom ei melding i telefonen.
Der stod det;
"Heia. Har nok knekt eit ribbein. Og klarer ikkje å snakka. Kan du ringa lege for meg?"

Det som altså hadde skjedd var at nabo og kamerat hadde lege på sofaen og slumra. Så hadde sofaen brått knekt av. Så naboen ramla ned på golvet. Oppå sofaputene.
Det var ikkje rare fallet. Og naboen tusla omkring etterpå. Etter ein time kjende han brått ein forferdeleg smerte, ramla i saman. Klarte så vidt å senda ei melding. Slett ikkje å snakka.

Men det var meir dramatikk.
Døra hans var låst. Og han visste ikkje om han klarte å reisa seg og låsa opp døra.
Så difor måtte det tilkallast ambulanse, politi OG brannbil. Visstnok ein prosedyre når ei dør må brytast opp.

Nabo og kamerat er ein hyggjeleg fyr. Difor kjem det slike meldingar som "heia", og "jaja, når har det visst skjedd noko her", uansett kor dramatisk det er.

Enden på det heile er i alle fall at naboen klarte å låsa opp døra før brannmannskapet fekk anledning til å hogga laus. Han kom seg til lege. Og han har gått omkring med knekt ribbein i lengre tid (sonen hans fortalte det på sin måte i barnehagen; "Pappa har mista et bein i hjertet!").
Og når han er fullstendig lega, skal han henta fram motorsaga. Og maltraktera sofaliket ute i gangen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.