søndag, august 27, 2006

Fine dagar

I landet kor det normale er det unormale. Blir det varme dagar langt ut i august. Som inneber rolege turar til fjells med elevane.
Litt multer blei det før det var for seint.
Deilege dessertar.
Og i hagen ventar kjøttfulle jordbær.
Og meir dessert.
Til dessertgenerasjonen.
Midt i veka tar nokon kontakt og inviterer ein gjeng til ei spontan kveldssamling i Ytrebyfjæra. Til drøs og grilling.
Brødrene med dei bibelske namna Jakob og Isak kosar seg enormt. Ved kanten mellom det våte og tørre element.
Og i helga bli invitert til ein hagefest hos Trond og Ane. Få servert lammelår med diverse.
Fine dagar.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, august 08, 2006

Varangerfestivalen i gang

Så brakar Varangerfestivalen i gang igjen, breddfull med gode musikarar.

Skuer såpass på eigen navle (det som kan skuast av den), at eg poengterer at Daap spelar i Festivalteltet laurdag 12. august kl. 22.

Dette blir samstundes avskjedskonsert for kongolesiske Lutanda Mayembe, som etterpå flyttar sørover.
Lutanda har i fleire år gjort mykje for musikklivet i Vadsø. Blant anna ved å blanda saman opprocka, nordiske salmar med kongolesisk musikk.
Dette blir òg siste runde for bassisten Arne Lindbach (noko som forresten inneber at Daap treng ein ny bassist).

Av andre, vil eg framheva at Verden i Varanger markerer seg laurdag 12. august kl. 11.30 i Festivalteltet.
Då får me gjenhøyr med kongolesiske Music Star, i samspel med punkgruppa Pike og blåsarar frå Vadsø Skolekorps.
Dette under leiing av musikaren Terje Isungset.

Sjå elles sidene til;
Daap
Verden i Varanger
Varangerfestivalen

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, august 06, 2006

Eit bilete blir til


Fint å sjå. Korleis eit bilete blir til. Og korleis kreativt arbeid skaper liv i huset.

Det ser så lett ut. Men veit at det skal ein del til.

Desse bileta, og ein heil del andre blir stilt ut på Fri Strek Atelier (2. etasje, Havnegata 8) i Vadsø, under heile Varangerfestivalen, frå onsdag 9. august klokka 11 til 19 til laurdag 12. august.
Mogleg å kjøpa bileta blir det òg.
Sjå elles i mine bilders univers.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, august 05, 2006

Fiskesuppe i det fri


På Ekkerøy kan det nytast noko så sjeldant som fiskesuppe. Laga av råvarer frå nærmiljøet. Fleire andre rettar har dei òg. Eine dagen kunne dei tilby to porsjonar med stekt røye. Fordi kokken hadde hatt seg ein fjelltur og fått litt fisk.
I restauranten er det hengt opp diverse fiskeredskap. Og drivved. Alt funne rundt omkring Ekkerøy, reknar eg med. På veggen er det skreve dikt av ein lokal lyrikar.
På vestsida store vindauge som tar inn heile den spektakulære utsikten på Ekkerøy. Det vil seia havet og himmelen.

På tide med dessert. Blåbærpai dandert med litt multer. Frå Ekkerøy.

Samstundes irriterer det meg. At denne restauranten er den einaste eg veit om i Varanger, som har direkte utsikt til det vakraste me har; Nettopp havet og himmelen. Som har lokale råvarer. Me har eit hav som bugnar av liv. Men få restaurantar som tar det i bruk.

Vadsø; Av folk frå omkringliggande tettstader karakterisert som "Byen bak de nedrullede gardiner".
Historikaren Einar Niemi fortalte ein gong at dette uttrykket fyrste gong blei brukt i samband med at Vadsø hadde siesta midt på dagen. Ein gong for lenge sidan. Og markerte dette med å dra ned rullegardinene framfor butikkdørene.
Seinare skal ein embetsmann (eller kva han var) ha samanlikna det festlege og livfulle Vardø med det stille og kjedelege Vadsø.
-Medan det er fest og fyr i Vardø, året rundt, sit dei bak nedrulla gardiner i Vadsø og kikkar på dei som vågar å gå ut på gata.
Ja, det var vel omtrent sånn denne embetsmannen uttrykte seg.
Seinare har dette festa seg som inntrykk blant mange. I Vadsø er folk skeptiske og tilbaketrukne. Men drar du til Vardø, er du kjent med heile byen i løpet av ein time. Der innleier alle med å spørja,
-Ka førr en hæstkuk e du? (Det betyr; Kven er du?)

Eg skal ikkje nøra meir opp under slike generaliseringar. Det kan jo vera berre tull, sånn eigentleg.
Men det er i alle fall ein ting som slår meg;
Ingen av utestadane i Vadsø har utsikt vendt mot havet. Eller rettare sagt fjorden.(Det er ein, på Hermetikken som har utsikt mot havna. Men der har dei visst så dyr husleige at ingen vil driva der.) Alle er vendt mot ei kjedeleg gate. Og på fleire av utestadene har dei trukke ned persienner eller gardiner framfor vindauga.
Ein blir på ein måte vendt innover. Mot mørke. Og mot trøtte andlet.

Difor er det så fint å ta turen til Ekkerøy. Til Havhesten. Ha hav og himmel rundt seg uansett om ein er inne eller ute.
Og nyta den siste....kaffekoppen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, august 01, 2006

Tivoli i det grå


Kvar gong det er grått og kaldt, kjem det eit tivoli og liver opp i byen.
I alle fall for ungane som kosar vettet av seg så lenge det varer.
Dei vaksne har sannsynlegvis ein litt større distanse til det heile.
Det er ikkje akkurat svære greiene. Og tivoliet ser meir og meir slitt ut for kvart år.
Dei som jobbar der, ser ikkje akkurat ut til å trivast dei heller. Ikkje ein gong over at ungane er begeistra. Det finnes sikkert meir spennande ting å gjera enn å trykka på knappen til ein karusell oppi eit grått høl i Gokk.
Dei livfulle fargane i tivoliet klarer ikkje å blåsa bort gråveret.
Difor kan ein sjå vaksne stå omkring på grusen, som myser opp i gråskodda, som angra på at dei ikkje tok med seg ei tjukk strikkelue, og som aller helst vil koma seg bort. Og heim til sofaen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Når røyken tar slutt

Kysten er ein spanande blogg som tar for seg det meste som skjer, nettopp, langs kysten.
Skreve av kystbaronen Helge.
Om somrane er han ofte i Vadsø. Har blant anna gitt ei glimrande beskriving av det lunefulle været i Vadsø i artikkelen Værkontraster i Finnmark.

Det folk langs kysten stort sett brukar tida på, er som kjent å drikka kaffe og å røyka.
Difor var det ei stor nyhende når Helge iverksatte total røykestopp. I artikkel etter artikkel har han gitt grundige avhandlingar om korleis det går. Dessutan har han spart alle pengane som elles ville gått opp i røyk og lagt dei i eit syltetøysglas.
Og det skal allereie vera eit svimlande beløp oppi der.

Men det finnes alltid ein og annan djevel som lurer i buskane. Og då Helge skulle ta turen til Vadsø, kom det ein kommentar i artikkelen frå ein av Helge sine "gode" kameratar;
"Forresten Helge, Kan du ikke stoppe i Finland på veien nordover å kjøpe noen sigaretter til gutta, ser du har cash å legge ut med...."
(Sjå "Verdens Røykfrie Dag")

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.