Store og små tankar inspirert av utsikten over Varangerfjorden
søndag, august 27, 2006
Fine dagar
I landet kor det normale er det unormale. Blir det varme dagar langt ut i august. Som inneber rolege turar til fjells med elevane. Litt multer blei det før det var for seint. Deilege dessertar. Og i hagen ventar kjøttfulle jordbær. Og meir dessert. Til dessertgenerasjonen. Midt i veka tar nokon kontakt og inviterer ein gjeng til ei spontan kveldssamling i Ytrebyfjæra. Til drøs og grilling. Brødrene med dei bibelske namna Jakob og Isak kosar seg enormt. Ved kanten mellom det våte og tørre element. Og i helga bli invitert til ein hagefest hos Trond og Ane. Få servert lammelår med diverse. Fine dagar.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home