tirsdag, august 08, 2006

Varangerfestivalen i gang

Så brakar Varangerfestivalen i gang igjen, breddfull med gode musikarar.

Skuer såpass på eigen navle (det som kan skuast av den), at eg poengterer at Daap spelar i Festivalteltet laurdag 12. august kl. 22.

Dette blir samstundes avskjedskonsert for kongolesiske Lutanda Mayembe, som etterpå flyttar sørover.
Lutanda har i fleire år gjort mykje for musikklivet i Vadsø. Blant anna ved å blanda saman opprocka, nordiske salmar med kongolesisk musikk.
Dette blir òg siste runde for bassisten Arne Lindbach (noko som forresten inneber at Daap treng ein ny bassist).

Av andre, vil eg framheva at Verden i Varanger markerer seg laurdag 12. august kl. 11.30 i Festivalteltet.
Då får me gjenhøyr med kongolesiske Music Star, i samspel med punkgruppa Pike og blåsarar frå Vadsø Skolekorps.
Dette under leiing av musikaren Terje Isungset.

Sjå elles sidene til;
Daap
Verden i Varanger
Varangerfestivalen

1 Comments:

Blogger kysten said...

Hallo hallo, store tenkjar i Varanger! Korleis står det til med deg? Eg er innom sida di jevnleg, og no ventar eg spent på Varangertenkjarens refleksjonar rundt Varangerfesivalen:-)

16 august, 2006 17:13  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.