søndag, desember 30, 2007

Det humpar og går

Det er ikkje berre å overta eit småbruk med avgrensa kunnskapar, kombinert med full jobb og ganske dårleg tid. Så eg kan sjå tilbake på eit innhaldsrikt år, dette første småbruksåret.
Så her kjem ei beskriving av ei lang og pinefull ferd. Ganske lik Dantes skildring av reisa gjennom Helvete ("Den guddommelige komedien"). Men på eit meir praktisk plan.
Så, altså;
Det har vore ein del bål nede i fjæra, for å bli kvitt gammalt skrot. Og kvar gong har røyken gått feil veg; Rett opp i huset til ein av naboane. Som heldigvis er greie og tolmodige.
Tida har gått så fort. Og alltid har eg vorte for seint ute. Eit høylass har blitt hengande på hesja. Og langt, langt ut i mørketida fekk eg endeleg båten til land. For å få det til, måtte eg vassa ut. Drog først til ein sportsforretning for å få tak i vadarar. Det hadde dei sjølvsagt ikkje på denne tida av året. Og ikkje skjøna dei kva eg skulle med det. Men ein kamerat hjalp til og lånte meg ein tørrdrakt. Den kom godt med. For når eg byrja å vassa utover, måtte gjera det på full flo, når det var på det mørkaste, så merka eg at det var skikkeleg springflo, faktisk. Vatnet gjekk nestan opp til halsen. Eg tenkte med meg sjølv at dette er livsfarleg og heilt idiotisk. Og av alle idiotiske ting, så hadde eg tatt på meg sambuaren si kjempedyre reveskinnslue. Eg syntes jo det blei litt for kaldt å berre ha ei slik gummihette over hovudet. Vassa utover sjøen i bekmørke, midt på vinteren, i ganske kraftig vind, med sjø opp til halsen og ei reveskinnslue på hovudet. Men når eg fyrst hadde byrja turen utover, så var det på ein måte ingen veg tilbake. Og når eg kom fram og baska meg opp i båten, så var sjølvsagt reveskinnslua borte vekk.
Vel, vel. Båten kunne løysast og sigla fint inn til land i vinden og ligg nå trygt på land. Det siste stykket hjalp "tørrdrakt-kameraten" til med, dagen etter.
Det neste prosjektet mitt var å parkera traktoren i garasjen ved vegen. Men porten var laga etter eit finurleg system som innebar at den øverste delen subba bort i eksosrøyret, så det nestan knakk i to. Motorlyden vart straks ein slik traktor-harley-lyd. Og det vart utelukka å bruka varmeapparatet, sidan eksosen då berre bles inn. Etterkvart gjekk det akkurat å køyra traktoren inn og ut av garasjen, så lenge den nederste bjelken var fjerna. Inntil ein dag då det låg litt snø i overgangen. "Vroootsj", sa det, og taket skrella nærast av. Ein ny kamerat hjalp til med å byggja om garasjeporten (kva skulle eg gjort utan alle desse kameratane?), slik at det er blitt lettare å køyra inn og ut. Men traktortaket ligg framleis på halv åtte. Og motorlyden er framleis kjempetøff.
Grunnen til at eg ville parkera oppe ved garasjen, var at eg tenkte det ville vera lettare å starta øverst oppe når eg skulle rydda bort snø med traktorsnøskuffa. Bortsett frå at eg ein dag køyrde over nokre store isoporgreier som eg ikkje var merksam på. Dei viste seg å dekka over eit septikhol. Som resulterte i at det flaut med små isoporbitar nede i septiken. Dette oppdaga eg då septiken etterkvart gjekk tett (det kan jo vera ein samanheng). Så var det å dra til sportsforretningen igjen og kjøpa ein fiskehåv. Det var utanom sesongen for det òg, og dei på forretningen lurte på kva eg skulle bruka den til på denne tida av året. Eg fortalde det ikkje. Og så var det å hoppa ned i septiken og samla opp alle isoporbitane. Verda blir aldri den same etter den jobben.
Utpå seinvinteren bles det opp. Til storm. Me sat inne og høyrde ei forferdeleg buldring. Den kom frå trampolina som me ikkje hadde montert ned. Noko me skulle ha gjort for lenge sidan. Vinden hadde fått tak, og den velta tjue meter bortover, og landa ved hønsehuset. Mirakuløst nok blei nestan ingenting øydelagt. Bortsett frå sjølve trampolina og ein avslitt struamledning til hønsehuset.
Så det var nå det.
Nokre lurer kanskje på kva eg har på eit småbruk å gjera. Men det er jo visse framsteg òg dette året. Som det blir for keisamt å skriva om i ein blogg. Og alt kan ein ta lærdom av.
Godt nytt år.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Juletur

Har tatt ein liten tur igjen, til sørvestlandet.
Sjå meir i reisebloggen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, desember 22, 2007

Julelys hos naboen og oss

Det har vore ganske mørkt hos oss i lengre tid. Men til slutt ga me etter for presset. Og kjøpte litt sånn utejulelys.
Lenge dreiv me og beundra naboen sine dekorasjonar som lyste opp, omlag 500 meter der borte.
Å overgå naboen klarer me kanskje aldri. Men dette er jo ei byrjing. Og kven veit...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

New business in town

Ebenezer frå Liberia driv nå sin eigen forretning i Vadsø. Ved sida av Pleyms og Det Hvite Hus kan me finna spesialimportert ris, te, kaffe og alt mogleg krydder frå diverse himmelstrok.
På tide kan me seia. At slike forretningar kjem hos eit folk som trudde at salt og pepar var det einaste krydder som fantes.
Men i Vadsø har me lenge vore klar over kva tandoori er. Sidan ein annan driftig innvandrar i mange år har forsynt oss med indiske rettar frå restauranten Indigo. Og eigentleg har me blitt ganske verdsvante viser det seg. Ebenezer sjølv er ganske overraske ovver at det er mange nordmenn som viser interesse for varene hans.
Får håpa det går bra. Varme krydder kan vera fint å ha i den arktiske kulden.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, desember 01, 2007

Ut på tur

Er ein liten tur og testar gps-en.
Sjå korleis det går i reisebloggen min.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.