søndag, september 24, 2006

Den underlege vestlending


Kjenner av og til på meg at folk rundtomkring klør seg i houvdet. Eller ristar på det. I undring over denne merkelege vestlendingen. Og alt han finn på uti hagen sin.
Som i dag. då det blei spadd i ein jordhaug.

Ei årsak til at ting kan virka underleg, er at eg kan vera forferdeleg treg. Har for eksempel hatt jordhaugen liggjande i lang, lang tid. Planen har vore å leggja litt jord rundt huset. Av ymse årsaker.
Men jorda har blitt liggjande i haugen. Inntil i dag.
I dag fekk eg det over meg. At nå skulle det skje. Så eg spadde i veg.
Og folk rundtomkring rista sannsynlegvis på hovudet. Over at det blir gravd i jorda så seint på året.

Når så jordgraviga var ferdig, så tenkte eg at;
-skitt au. Eg tar sjangsen på å hiva litt plenfrø over jorda òg. Det kan jo henda at det blir ein knallforsinka vinter i år.
I det eg byrja å hiva ut frøa, så fekk eg ei slik "ut-av-kroppen" oppleving. Eg såg meg sjølv utanfrå. Kor vanvittig dumt det såg ut. At ein kar hiv plenfrø i slutten av september. Og eg følte at minst tusen par auge stirra på meg frå diverse vindauge.

Og i kveld kom nådestøyten.
Medan eg sat ved vindauget og funderte litt, så kikka eg ut i mørket og bort på ein lyktestolpe.
Under lykta kunne eg tydeleg sjå eit vannrett, kvitt snødrev.
Det betyr at det definitivt ikkje blir noko forsinka vinter, nei.
Synes eg svakt kan høyra at folk rundtomkring sit og humrar over....kaffekoppen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, september 23, 2006

Markens grøde - og poteter som går igjen

Potetene kom opp av jorda forrige veke. Nokre av dei svære monster. Barn av settepoteter me fekk frå naboane. Som har fått dei frå Neiden. Fleire generasjonars potettilpasning til arktiske strok.
Samstundes føler eg trang til å stoppa litt. Og erkjenna at eg har kome til eit kritisk punkt i blogginga. For desse potetene minner meg om at eg har skreve om dei før. I alle fall slektningane deira. Akkurat som eg har skreve om ein del andre ting òg før. For livet er slik at det gjentar seg. I august plukkar me multer. I september tar me opp poteter. Og slik går nå åra.
Men det spørs jo om det er nokon vits i å skriva om desse potetene kvart einaste år.
Eg kan jo fortelja at det òg er plukka av dei siste restene av jordbær frå hagen. Og litt solbær og rips. Men eg trur i grunnen at eg har skreve fleire artiklar om jordbær òg.
Og viss det ikkje kan skrivast om poteter og jordbær og andre ting som skjedde i fjor; Kva i all verda skal eg då skriva om?

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, september 08, 2006

Tanadalens forbannelse


Køyrde Vadsø-Lakselv sist helg. På friidrettsstevne. Saman med den sporty sonen min og nokre andre, unge friidrettstalent.
Og vart offer for forbannelsen på ein del av køyraruta.
Mellom Tana og Karasjok er det rett nok ein del mil å køyra. Men i tillegg så opplever me den så uhorveleg lang.
Kanskje det delvis skuldast at terrenget ikkje er så variert. Eller at ein blir minna på kor langt det er igjen i kvar einaste mil.
Etter langt om lenge er det 10 mil igjen.....(køyre, køyre, køyre, køyre, køyre, køyre.....sååååååå,.......er........det..................ni mil, køyre, køyre....osv.
Men den næraste forklaringa er at det kviler ein forbannelse over vegstrekninga.
Mana fram av ein kar som ein gong fann ut at samtlege som køyrer mellom Tana og Karasjok skal kjeda seg nestan ihjel.
Det er så ein nestan håpar at det skal hoppa fram ein rein i vegen. Så det i alle fall blir litt underhaldning.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.