lørdag, august 30, 2008

Kva skjedde?


Alt har gått så fort at eg knapt rakk å pusta.
Men kva skjedde eigentleg?
.......jo, fekk planta litt salat og reddik i åkeren, tomat og agurk i drivhuset, men for seint, plukka opp hestedritt på jordet, og badet blei pussa opp, det blei fint, ei blanding av lys himmel og mørkeblått hav, satte ut laksegarn saman med naboen, fekk ein bra fangst til eige forbruk sjølv om det berre varte fjorten dagar, ein god del av laksen blei røyka i eige røykeri, byrja å mala huset utvendig, bort med den rare grønfargen, på plass med eggekvit, mykje betre om eg må seia det sjølv, og sprekker i murveggen blei plastra, så kom det pokkers regnet, så var det heller å mala inne, mykje kvitt der òg, kona mi drog sørpå, var saman med sonen sin der, sonen min kom på vitjing og hjalp til i arbeidet, sola kom tilbake, slo graset på tunet, malte meir av huset ute, stod på taket og malte, har aldri likt meg særleg oppe i høgden, og det var ut i båten og fiska, seien var borte, men det kom eindel torsk inn fjorden, noko av torsken blei røyka, veldig godt, det blei varmt innimellom, slappa litt av i fjæra, sonen min drog igjen, det var vemodig, fortsatte å mala både ute og inne, innstallerte eit badekar med løveføter, kona har ønska det heile livet sitt, så kom ho tilbake, og satte i mange gledeshyl, både fordi det var mala så mykje og fordi det var på plass eit badekar med løveføter, så kom foreldra mine på vitjing, dei hjalp til veldig mykje med malinga, veldig fint, dei har alltid vore slike arbeidsjern, så blei det drenert rundt kjellaren på grunn av frostsprengning i vinter, og heile muren blei lappa og slamma og nå er det heilt i orden, og det blei gravd ei grøft til straumledningen til garasjen, og laga ein liten parkeringsplass oppe ved garasjen, og eg for omkring og jobba og høyrde på lydbøker som eg lasta inn på mobiltelefonen, den eine boka etter den andre, og eg drog innimellom nokre snarturar til byen, lånte lydbøker, kjøpte maling, kjøpte diverse ting og tang som eg trong til arbeidet, skremte sikkert byfolket med møkkete og malingsflekkete klede, bondecaps og for ikkje å snakka om eit skjegg som berre grodde og grodde, så tok me oss tid til nokre konsertar på Varangerfestivalen, fint det, og .......
og heile tida gjekk eg og stressa over at eg ikkje kom i gang med slåtten. Eg hadde kjøpt meg ei rundballepresse og bestemt meg for å slå sjølv i år. Graset vaks, men eg måtte venta på ein pakkar, når dei andre bøndene var ferdige. Meir om det seinare.
Ja, og i byrjinga av sommaren var me nå ein liten tur rundtomkring i austfylket, men det kan lesast om ein annan stad.
Ja.
Det var vel det store og heile av sommaren i år.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.