lørdag, oktober 27, 2007

Vadsø skyline

Den er ganske fin på avstand, denne byen. Og takka vera den nedlagte sildoljefabrikken og Hurtigruta som kjem inn om morgonen, så blir det liksom litt skikkeleg bypreg over himmelsilhouetten.
Hurtigruta, ja. Ho har eg alltid lyst til å reise med når eg ser ho om morgonen. I staden for å dra på jobb, kunne me ha site på Hurtigruta og tatt ein finare frukost. Og liksom forsvunne litt frå det daglege.
Men, nei. Det blei nok jobb den dagen òg.
(Og som de ser, har eg fått meg nytt kamera. Nå blir det ikkje lenger berre blasse mobiltelefonbilete i bloggen. kameraet har ein kraftig zoom. Så eg nestan ser inn til frukostetande hurtigruteturistar).

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

På sykkel langs dødsvegen

Driv og syklar, sjølv om det har blitt farleg mørkt. Med diverse blinkande lys og refleksar har det gått fint til nå.
Fint er det òg å vera omslutta av mørket. Berre ha ei lita strime av ljos frå sykkellykta å orientera seg etter.
Men i haust er det altså lemmenår. Som resulterer i at det ligg strødd med flatklemte lemmenlik langs vegen. Som det reine mosaikkmønsteret. Dei fleste bilistar har sikkert eit distansert forhold til det. Men på sykkel blir det annleis. Stadig spring det ut eit lemmen framfor sykkelhjulet. Eg prøver å svinga unna. Men klarer det ikkje alltid. Slik at det kjem eit "skoiiiiik" under hjulet sånn av og til.
Så eg kjem litt nærare naturelementa på ein sykkel, ja.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Nemat får bli

I tre år har han hatt trusselen hengande over seg om å bli kasta ut.
Difor flytta han i sommar sørover. Såg han på fjernsyn då han deltok i protestmarsj frå Trondheim til Oslo med andre afghanarar.
Eg blei kjent med han på ein fest i Vadsø ein gong, der han spelte på ein to-strengs gitar. Han er altså ein musikkglad mann. Samstundes gjekk han med konstant redsel over at politiet skulle henta han og føra han ut av landet ein dag.
Så kom endeleg kontrabeskjeden; Han får opphaldsløyve.
Møtte ein gledesstrålande Nemat her om dagen, som var tilbake i Vadsø.
Og gitaren hadde han med seg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, oktober 10, 2007

didjeridoo og russisk electronica i tømmerhuset

Det er spesielle dagar på småbruket. I tømmerhuset kan det høyrast liflege tonar. Frå ein didjeridoo. Og russisk electronica frå ein mac. Og salmar. Og etterkvart afrikansk perkusjon. Med meir. Veldig masse forskjellige uttrykk som blir smelta saman til noko nytt og spanande.
Det er altså intense musikkøvingar.
Resultatet kan høyrast torsdag 11. oktober kl. 22 på Kolibri i Vadsø.
Arrangør er Verden i Varanger og krabbefestivalen.
Og artistane;
Zotora, Ed og Lys, Daap, Josef Bahie Dago og Jan Hofseth fra Vadsø.
Dessutan Ebenezer and The Liberaters.
Vel møtt!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.