tirsdag, september 25, 2007

Mat og blekk blir sopp

Det såg sikkert mistenkeleg ut. Innpakka i mørkeblå regnjakke og med hår som flagra i alle retningar. Frå ein som plukka intenst.
Matblekksopp. Ein veldig god sopp. Smeltar på tunga, som fløyel. Fin å blanda med fløyte, krydder og kvitløk til soppstuing. Har fått namnet sitt fordi den utviklar ei saft som liknar på blekk, viss den får stå for lenge.
Du får ikkje tak i den i skogen. Men på plenen til Varanger Kraft. Blant anna.
Er veldig glad i Varanger Kraft. Særleg på grunn av matblekksoppen deira.
I eit land kor alle trur at etande sopp veks i hermetikkboksar, så såg dette sikkert rart ut. Reknar med at dei fleste bilistane som for forbi den dagen glodde fælt på den rare figuren som sprang omkring på bakken.
For ordens skuld; Denne soppen gir ingen hallusinasjonar. Berre god smak.
Og; Ja. Dette har eg òg skreve om før.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, september 23, 2007

Poteter og ved

Ja, det var dei potetene, ja.
Like fint kvart år å grava dei opp. Stikka greipa i jorda, rista laus jord, og la ein skatt åpenbara seg.
Eg vaska nokon og la dei til utstilling på kjøkkenet. Reine kunstverket. Nestan synd å skjæra dei opp.
Og så var det å saga ved. Fin aktivitet det òg. Kjennest godt å førebu seg på kulde og vinter.
Høyra den rytmiske sangen frå saga.


Medan hestane beita i bakgrunnen, blei siste del av veden kløyvd av moderne utstyr. Og kasta inn til tørking. Alt dokumentert til minste detalj.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Familien Arsamakov får bli

Etter mange, mange år i uvisse, får dei endeleg bli.
Den tsjetjenske familien er blitt sendt fram og tilbake mellom Vadsø og interneringsleir i Oslo. Dei var på veg til å bli kasta ut og sendt til Russland. Men dette vart omgjort i siste augneblink. Så tilbake til Vadsø igjen, for å venta på seinare utkasting.
Så, endeleg, etter lang tids kamp frå familien og vener, kom regjeringa fram til at familiar med born, som hadde budd i eit lokalmiljø i fleire år, kunne få bli.
Og endeleg skulle denne avgjerda òg gjelda for Arsamakov-familien.
Det er aldri for seint å å bli menneskeleg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, september 14, 2007

Me har fått barn!


Så har det endeleg skjedd. Våre to første barn har kome til verda. To små kyllingar som kvitra og pila omkring. ei stolt hønemor og ein endå stoltare hanefar (akkurat slik det er elles i verda) passa på. Og eg passa på. Med svulmande farsfølelsar.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Fjellmat


Det er ikkje så mykje dei har å gle seg over desse to, lenger. Men god mat blir dei.
Den første fangsten for nabo og kamerat i haust.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, september 12, 2007

Mysterier på fjellet


Når ein er ute og trør i naturen, skal det ikkje så mykje til for at menneskeskapte inngrep blir mystiske. Som når det blir flytta på to steinar, og det ser ut som ei miniatyrkyrkje.
Eller to pinnar som stikk til vers og liknar på eit par...kaninøyrer eller noko slikt.
Ja, det var nå slikt eg gjekk og tenkte på, ein dag oppå fjellet.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, september 09, 2007

Mysteriet i skogen

Brått var den der framfor meg. Var på veg ned gjennom bratt ur og skog då ein delvis naturleg, delvis kulturell konstruksjon dukka opp. Ein slags liten innhegning forma av berg og forsterka med steinar som var lagt rundt, med opning i aust.
I området rett nord for Makkenes.
Men kva er det?
Laga av ungar? Kan eg ikkje tru. I alle fall ikkje at dagens ungar tar seg bryet med å dra opp i tett kratt og lempa stein.
Ei gammal dyrefelle? Njaii, konstruksjonen virka ikkje å vera så gammal, heller.
Ein gøymestad for elgjegarar? Men går det elg i denne bratte ura?
Vel. Dersom nokon meiner å vita kva dette er, hadde det vore fint om de ga beskjed.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, september 02, 2007

Fin dag på fjellet

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.