Mysteriet i skogen

I området rett nord for Makkenes.
Men kva er det?
Laga av ungar? Kan eg ikkje tru. I alle fall ikkje at dagens ungar tar seg bryet med å dra opp i tett kratt og lempa stein.
Ei gammal dyrefelle? Njaii, konstruksjonen virka ikkje å vera så gammal, heller.
Ein gøymestad for elgjegarar? Men går det elg i denne bratte ura?
Vel. Dersom nokon meiner å vita kva dette er, hadde det vore fint om de ga beskjed.
7 Comments:
nu kjenner æ ikke området der inne så godt, men kanskje det e en maskingevær post fra krigen. vender den mot sjøen?
Cru
Den er vendt nedover mot fjorden, ja.
Det er mogleg.
Høyrde i dag at det skal vera fleire slike konstruksjonar rundtom.
Men, veit ikkje...den virkar så ny, liksom...
Ser definitivt ut som ei maskingeværstilling, ja. Om ikkje frå krigen, kan hende noko heimevernet har raska i hop?
Det kan vere eit Cilla (skyteskår) for tidlegare reinjakt (men truleg ikkje gamal nok, reinen var jo villare då, og..). Eg vil helst tru det er ei innretning nytta i samband med falkoneringa på Varangerhalvøya - då treng den ikkje vere så gamal.
Det må vel vere noko samisk religiøst - det er jo så populært :) Eller ein kan tru det berre er noko kidsa har laga til, medan dei lekte butikk og venta på at tida då dei skulle byrje å røykje og gå med punkejakke skulle komme til dei.
Nja...Det er år og dag sidan villreinens glansdagar her, ja, kjikaren.
Falkoneringa?
Kanskje det er ein form for samepop for kidsa.
Ja, ok. maskingeværstilling høyrest jo sannsynleg ut, Lars. Sjølv om vegetasjonen gjer det lite oversiktleg der. Men det var kanskje ikkje så nøye kva dei skaut på.
Då de fanga falk på Varangerhalvøya ;-)
Du må da ha hørt om det...?
Nei, i grunnen ikkje.
Legg inn en kommentar
<< Home