tirsdag, september 25, 2007

Mat og blekk blir sopp

Det såg sikkert mistenkeleg ut. Innpakka i mørkeblå regnjakke og med hår som flagra i alle retningar. Frå ein som plukka intenst.
Matblekksopp. Ein veldig god sopp. Smeltar på tunga, som fløyel. Fin å blanda med fløyte, krydder og kvitløk til soppstuing. Har fått namnet sitt fordi den utviklar ei saft som liknar på blekk, viss den får stå for lenge.
Du får ikkje tak i den i skogen. Men på plenen til Varanger Kraft. Blant anna.
Er veldig glad i Varanger Kraft. Særleg på grunn av matblekksoppen deira.
I eit land kor alle trur at etande sopp veks i hermetikkboksar, så såg dette sikkert rart ut. Reknar med at dei fleste bilistane som for forbi den dagen glodde fælt på den rare figuren som sprang omkring på bakken.
For ordens skuld; Denne soppen gir ingen hallusinasjonar. Berre god smak.
Og; Ja. Dette har eg òg skreve om før.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.