
Potetene kom opp av jorda forrige veke. Nokre av dei svære monster. Barn av settepoteter me fekk frå naboane. Som har fått dei frå Neiden. Fleire generasjonars potettilpasning til arktiske strok.

Samstundes føler eg trang til å stoppa litt. Og erkjenna at eg har kome til eit kritisk punkt i blogginga. For desse potetene minner meg om at eg har skreve om dei
før. I alle fall slektningane deira. Akkurat som eg har skreve om ein del andre ting òg før. For livet er slik at det gjentar seg. I august plukkar me multer. I september tar me opp poteter. Og slik går nå åra.
Men det spørs jo om det er nokon vits i å skriva om desse potetene kvart einaste år.
Eg kan jo fortelja at det òg er plukka av dei siste restene av jordbær frå hagen. Og litt solbær og rips. Men eg trur i grunnen at eg har skreve fleire artiklar om jordbær òg.
Og viss det ikkje kan skrivast om poteter og jordbær og andre ting som skjedde i fjor; Kva i all verda skal eg då skriva om?
7 Comments:
Nå tok du meg med til potetopptagingen i mitt barndoms Neiden (jupp, room217 er ekte Neidengutt), et foretak som samlet hele familien i et vanvittig potetfrotseri. Noe av det beste i verden er nykokte småpoteter, tatt opp av bakken timen før og servert alene med smør og skallet på. Ah...
Og jeg synes du skulle fortsette å tenke dine Varangertankar her på nettet, jeg liker å lese om hva som går for seg i nordsidens kulturliv, om Finnmark sett fra Vestlandet og dine observasjoner og konklusjoner under midnattsol og mørketid. Gi gass!
Du er ein naturens mann, du Hallvard. Du dyrkar mat og bryt land. Nesten som ein skulle tru det budde ein liten Isak Sellaanrå i deg. Håpar forresten at kompostbingen har bidratt til mykje god jord som potetane kan gro i.
Det må jo bety at det er nokre viktige potet-bånd mellom oss, Room 217.
Takk, Kysten.
Har ingenting imot å bli samanlikna med han Isak.
Jepp! For andre gong skal det snart tømmast kompost på potetåkeren.
Og kem ha liksom sagt at det ikkje kan skrivast om det som vart skreven om i fjor, liksom ..??
Husk at det e ikkje alle (særlig menn) som leve livan "sirkulært", for mange e livet en laaang strek, og då e det vondt å huske ka man gjor i fjor på deinnan tida-kanskje e bloggen din då ein påhusk ? Dessuten e det aldri så galt (med gjentak) at det ikkje e godt (overlæring) for nåkka !
Eg fann ut det same i år. Potna og båten, den første snøen, den siste soldagen, ting går igjen og igjen, med små variasjonar, særleg no om hausten, som om me freistar sirkla inn noko viktig. Det er berre å halda fram. Ein gong kjem det for ein dag, kva det eigentleg er det handlar om, når ein bloggar om pote.
For meg så går livet som ein slik lang strek, men med ein og annan kjapp loop, liksom.
Det er ei slik "å hupps! Har eg ikkje opplevd dette før"-oppleving.
Å leva med poteter, eller ikkje leva med poteter. Det er òg eit spørsmål.
...alle desse potetane, multene og bloggpostane som berre kom og gjekk,
ikkje visste eg at dei var sjølve livet...
Legg inn en kommentar
<< Home