søndag, juli 31, 2005

Blå kyrkje i vinden

=presenning i vind
Har aldri heilt likt utsjånaden på kyrkja i Vadsø. Den er så grå og overdimensjonert, på ein måte.
Men dei siste dagane synes eg den har blitt ganske fin.
Og det er takka vera oppussing. Som inneber at ein god del av kyrkja er kledd inn med eit stillas og ein blå presenning.
Og når det i tillegg blåste opp til storm i kasta, så blei kyrkja ganske stilfull.
=Innkledd kyrkje

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, juli 30, 2005

Las Vegas i Vadsø

=tivoli
Synes du det er litt grått og kjedeleg i Vadsø for tida?
Ikkje fortvil. For nå har nemleg Las Vegas flytta seg hit. I alle fall for ei stund.
Ja, det blir nok saker...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, juli 29, 2005

Jazz i blåst og bles

=Rabarbra Jam
14 menneske bestemte seg for å ta ein tur til Bugøynes i helga. For å oppleva russisk jazz.
Transportmiddel: Sjarken til Geir.
"Sjarken til Geir" har jo etterkvart blitt eit begrep i Vadsø. Fiskaren som har gitt byens bohemar innsyn i sjarkens gleder.

På veg tvers over fjorden var det forresten ikkje alle som syntes at turen var så gledeleg. For sjøen byrja å bli grov.
Men fram kom me. Til Bugøynes. Det er ein liten stad som har ei interressant historie. Den får me ta ein annan gong. På finsk heiter den Pykeijä. Rart? Ikkje når ein veit at "p" blir uttalt tilnærma "b", "y" blir uttalt nærare "u", og "k" tilnærma "g". På engelsk heiter staden forresten Bogeynose.

Vel framme måtte det eit fellesmøte til. For utover kvelden bles det opp til storm i kasta. Bohemane blei raskt enige om å utsetja heimreisa til neste dag.
=Rådslagning i sjarken
Så var det å oppleva den russiske jazzen på loftet av ei egnebu. Smekke fullt med folk.
Den russiske gruppa heitte Rabarbra Jam. Og skapte svært god stemning. Evy og Harald stemte i med litt jam. Veldig kjekt. Vadsø-bohemane skapte liv med dans og hurrarop.
=I egnebua
Resten av natta foregjekk delvis i sjarken og delvis på små benker og sofaer i egnebua som me fekk låna på grunn av vår værfaste situasjon. Det vart ei interessant, artig og slitsam natt.

Neste dag var været akkurat det same. Regnet hølja ned. Det bles hundar og kattar.
Ny rådslagning. Og avgjerdsle om full evakuering. Ekstra stor drosjebil vart rekvivert. Som kom og redda ut slitne bohemar.
Den einaste som måtte bli igjen, var stakkars sjarkeigaren.
Håpar han kjem seg heim. Ein gong.
=Sjarken

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, juli 27, 2005

Utstilling i B-dehuset

=Galleri B-dehuset
I dette vesle huset på Ekkerøy, Galleri B-dehuset starta det ei kunstutstilling sist søndag. Den skal vara i tre veker.
=Glaskunst
Flott Finnmarkskunst kan sjåast og kjøpast i det som ein gong var eit bedehus, og som nå er eit galleri.
Ekkerøy er jo heller ikkje så dumt å stikka innom uansett. Med den enormt flotte sandstranda, museum og ikkje minst verdas beste fiskesuppe på sommarrestauranten Havhesten.
Men ikkje gløym kunsten på Galleri B-dehuset.
=Biletkunst

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juli 24, 2005

1000 i 100

=Midnattsol i Vardø
Det gjekk i 100 under 1000-årsmarkeringa i Vardø i helga.
Diverse utstillingar. Blant andre frå fotografen Morten Krogvold og lokale kunstnarar på Fryseriet.
Og ei vandrande forestilling i byen. Seint på kvelden, mot midnatt gjekk publikum frå stad til stad. Og fekk underhaldning frå blant andre lokale korfolk og musikarar. Russisk tradisjonsmusikk. Den russiske tenoren Philipp Zlotnikov. Opplesning ved Sverre ("Anthe") Porsanger. Joik ved Lill Therese Holm Varsi. Dans ved Stellaris DansTeater. Alt sydd saman av Ellen Zahl Jonassen i Teaterfarbrikken og perkusjonisten Terje Isungset.

Folk i Vardø kunne innrømma at dei hadde stått på knea i fleire veker og bedt om fint vær denne kvelden.
Og det fekk dei. Utover ettermiddagen braut skylaget opp. Under finalen lyste himmel og eit blikkstille hav i lilla. Ballongar steig sakte opp mot himmelen. Saman med joiken til Lill Therese. Så vakkert at kystfolket i Vardø trykka den 16 år gamle jenta til sitt bryst for alltid.

Vardøværingane var synleg rørte. Og stolte av seg sjølv og sin eigen historie.
Nokre i publikumet måtte ty til ein tirade av bannskap for å gi uttrykk for sin entusiasme etter forestillinga. Slik berre vardøværingar kan.
Og dei viste fram all sin gjestfridom og varme den helga. Fekk lyst til å flytta dit.
=kunst i Vardø

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, juli 21, 2005

1000 år i Vardø

Vardø markerer som tusenårsstad fredag kl. 23 og laurdag kl. 16. Byen er pussa opp og det blir ei vandrande forestilling, der publikum og musikarar blir ført rundt frå stad til stad i byen. Lokale korsangarar og landskjente musikarar, som perkusjonisten Terje Isungset set det saman til ei spanande oppleving. Det blir finske sangar, joik, opplesing og friske rytmar.
Så det er berre å koma. Det er i Vardø det skjer.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, juli 20, 2005

Torden, bading og planeten Mars

=Tordenskyer
Såg på filmen "The Passion of the Christ" i natt, og blei avbroten av flerrande lynglimt og tordenbrak. Det må jo berre ha vore eit teikn.
=Regnvåt asvalt
Det styrtregna medan tordenen buldra over himmelen.
Mektig.
=Oppklarning med vindauget ope
Like brått som det kom, like brått forsvann det utpå natta.
Skylaget braut opp, sola kom til. Drista meg til å opna vindauget for å få inn mest mogleg av væromslaget.
Og sola bana veg for ein strålande varm og lun dag i Ytrebyfjæra.
=Ytrebyfjæra
Med glade, badande barn i det kalde, friske, arktiske havet.
=Ytrebyfjæra og bading
Utpå natta igjen er det eit nytt lys å sjå. Ein skulle tru me har landa på planeten Mars. Når ein ser fjella på andre sida av fjorden som er bada i lyset frå midnattsola.
=Fjella frå Mars
Sommaren i Finnmark er i grunnen veldig spanande.
Ikkje ein dag og natt som er lik.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juli 17, 2005

Lysthus til begjær

=Lysthuset
Eg har fått meg lysthus!
Det inneber at eg kan sitja ute med pc-en både når det regnar og bles. Og det skiftande været i det siste, med temperaturskifte, sol, vind og regn om ein annan har ført til det store steget.

Å du og du så fint! Sit lunt og flott på eit reinskinn, nyt utsikten og frisk luft. Og arbeider med pc-en.
og tar imot middagsgjester.
Fredagskvelden kom Yngve og Geir til reinsdyrsteik.
=Lysthus sett utanfrå
Lysthuset sett utanfrå. Med svoltne middagsgjester
=Lysthus sett innanfrå
Lysthuset sett innanfrå. Varmegrill i bakgrunnen.
Grillen og bjørkeved ga varme seint på kvelden. Gjestene åt og drakk. Og røykte så mykje dei orka med godt samvit.
Og så gjekk dei heim. Ein gong på morgonen.
=Lysthus utan vegger
Lysthus utan vegger

I dag kom det kaffegjester. Først Louise. Sola skein. Det var varmt og godt.
Og det flotte med lysthuset er dette:
VEGGENE KAN RULLAST OPP SLIK AT SOLA KJEM INN!!!
Seinare kom Odd ein kort tur. Han satte seg, såg opp på lysthuset og sa;
-Ja, det hær så jo ikke så verst ut.
Så kom Geir med sønn. Og fekk middag. Laks.
Så, seint på kvelden, medan grillen var fyrt opp igjen, kom Boel på vitjing.

...å, du slette tid!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, juli 12, 2005

Gode kombinasjonar

=musikk og maskin
I Tana har det av og til vore enkelte rare kombinasjonar i næringslivet. Meiner å hugsa ei forretning i Skiippagurra som ei tid seldte noko slikt som lamper og gummistøvlar. Eller noko slikt.
Elles er det ein kar som driv ei forretning som heiter Tana Musikk og Maskin. Og som dermed har det mest berømte forretningsnamnet i heile Finnmark.
Kombinasjonen er forsåvidt ikkje så rar. Han er altså ein som driv med maskinar. Og i tillegg er han ein framifrå musikar, som i store delar av sitt liv har reist rundt i fylket og underhaldt folk.
Så kva er ikkje då meir naturleg enn at han slår saman sine to næringsvegar til ei forretning, til Tana Musikk og Maskin?
God kombinasjon, spør du meg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juli 10, 2005

Laks, bål, musikk og marknad

=Laksefiske
Det var ein av desse helgane igjen. Ein av dei gode.
Som starta i Jakobselvdalen.
Den alltid driftige Geir inviterte Runar, Ragnhild og meg dit. Han hadde med eit digert lagstelt. Var klar for laksefiske. og sosialt samvær.
Geir hadde oppdaga ein diger laks som snusa på floga. Og nå skulle den takast.

Men først var det å setja opp teltet.
Øverst i Jakobselvdalen blei me møtt av skilt kor det stod "No Camping".
Då me bar teltet nedover, kom ein brysk hytteeigar og ropa det same;
-No camping, no camping!
Rart i grunnen, at dei snakkar så mykje engelsk oppover i Jakobselvdalen.
Men retten var på vår side. Ingen kan nekta oss å setja opp telt i Guds frie natur.
Så det gjorde me.
=Laksefiske
Nede i dalen stod ein einsleg laksefiskar. Han skjøna fint lite då han såg fire lukkelege menneske som kom bærande på god mat, drikke, gitar, toradar og tromme.
Men snart var han med i gjengen.

Geir stemte i med gitaren.
=Geir med gitaren
Folk heiv seg med i spel og sang. Nokon fiska innimellom.
Bålet brant i periodar godt.
=Bål
Og alle var lukkelege.

Neste dag drog nokon av oss til Langnesmarknaden i Tana.
Dette er ein marknad som har lang tradisjon, og som blir halden ein gong i året.
Over 4000 menneske pleier visst å koma innom.
Globebloggaren Ragnhild seldte sine hekla luer med blant anna gris og kyllingmotiv.
=Ragnhild
Grilla laks blei servert.
=Grilla laks
Det var musikk og dans.
=dans
Og nokon bada i Nord Europas største lakseelv, Tanaelva.
=Tanaelva
Eller gjekk barføtt i den mjuke sanda.
=Tanaelva sand
Tilbake til Geir og lagsteltet hans drog me til slutt for å finna ut om han hadde fått nokon laks i mellomtida.
Og det hadde visst vore ein sværing som beit på. Men så mista han den.
Fortalte han.
Innimellom andre historiar.
Så der sat me.
Vinden susa i bjørkeskogen. Myggen surra og stakk.
Og langt borte ein stad syntes me at me kunne høyra eit svakt rop;
-No camping, no camping!
=Bjørkeskog

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, juli 08, 2005

Heime

=Vadsø i sol
Er tilbake i Kvenbyen. Til sol. Og ein smule kjølegare luft.
Ikkje så langt ute kan det skimtast ei austleg skodde. I Vardø ser det ut til at dei er ramma av akkurat den. Og skodda skyv kaldluft framfor seg. Men ein skal ikkje langt innover fjorden, før det blir skikkeleg varmt.

Har pludra i hagen. Prøver å få det til å gro. Sat i hagen i går og fulgte med på nyhenda om bombeaksjonen i London. Har slektningar som er i området, men fekk vita at det går bra med dei.

Fekk dessutan høyra at ein tsjetsjensk familie var flytta tilbake til Vadsø. Tidlegare i sommar blei dei utvist. Så viser det seg at politiet ikkje får sendt dei til Russland med det første, på grunn av russisk byråkrati. Det burde norske styresmakter ha visst, før dei røska familien ut av Vadsø.
Uansett prøver fleire i lokalmiljøet å arbeida for at familien får bli i byen og landet.

Så verda er ikkje så stor. Det meste kjem tett innpå her i Ytrebyen.
=Vadsø i sol

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, juli 07, 2005

=Oslo = Hjelp til sjølvhjelp

=Oslo
Har gjort mi gode gjerning. Innimellom turistaktivitetar som shopping og restaurantbesøk, kjøpte eg eit blad i ei av Oslo-gatene.
=Oslo heiter bladet. Det handlar om dei mange heimlause i byen.
Og blir seldt på gata av folk som vanlegvis ville ha tigga for å få pengar.
Nå har nokon av dei fått ein meir meiningsfull måte å tena pengar på for ei stund. Dei kjøper bladet for 20 kroner og sel det for 40.

Han som seldte bladet til meg, ville ikkje selgja for mange blad, sa han. Var redd for at for mykje pengar ville føra til overforbruk av heroin.
Elles håpa han at eg ikkje berre kjøpte bladet for at eg skulle vera snill og medlidande.
Visste ikkje heilt kva eg skulle svara.

Men ei viktig årsak er at eg har blitt kjent med ein av initiativ-takarane til bladet.
Per Kristian er ein av dei som har stått på i lang tid og slitt for å få finansiert og verkeleggjort prosjektet.
Og i sommar lukkast det endeleg. Brei omtale i media har ført til at bladsalget har gått unna og eit nytt opplag er trykt.
Ikkje rart at han er stolt.
Godt at det ennå finnes idealistar i denne verda.
=Per Kristian

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, juli 06, 2005

Tigerstad utan tigrar

tiger
Merkeleg namn på ein hovudstad i grunn. For det er fint lite tigrar å sjå i Tigerstaden, bortsett frå denne, som ikkje er ekte ein gong.

For ein som bur langt nord er det fint å oppleva Oslo. Det er varmt og godt. Mykje å sjå på. Masse folk. I alle fasongar og fargar. Nærast så ein blir sliten av å få med seg alt.
Såpass kjekt er det at det måtte ha vore fint å ha hytte her, som ein eller annan har uttrykt ein gong.

Me var nokon som gjekk den vante turistløypa. Først oppover hovudpulsåra. Karl Johan. Innom diverse uterestaurantar. Såg og såg på alt folket. Så nedover mot Aker Brygge.
Det var då me blei klar over kontrastane i metropolen.
Då me kom ned til Aker Brygge, var det brått hektisk aktivitet nede ved kaien. To menneske hoppa ut i sjøen. Securitas-vakter viste bryskt bort nysgjerrige. Politiet kom til. Like etter ein politibåt. Så ein brannbil.
Etter det me forstod var det eit menneske i sjøen som alle prøvde å redda.
Like bortanfor sat ei mengd menneske og kosa seg med øl og reker langs kaien. Upåvirka av dramatikken ved sida av.

På veg tilbake støytte me på nigerianske prostituerte rundt kvart eit hjørne. Nærare Karl Johan igjen dukka det opp ein og annan naroman som tigga om småpengar, så høfleg som dei kunne.

Me vart slitne av alt dette. Fann ut at det var på tide å rusla tilbake til der me skulle overnatta.
Bort frå sentrum av Tigerstaden. Kor det ikkje finnes nokon tigrar.
Karl Johan

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, juli 05, 2005

Ikkje køyr ombord på ferjo!

ferjo
Dette sitatet er henta frå den nordhordlandske revygruppa Salhusvinskvetten sin parodi på ein ferjebillettør. Av det tradisjonelle slaget.
Han som står brysk framfor ein lang kø av bilar og brøler;
-Ikkje køyr ombord på ferjo før eg seier køyr om bord på ferjo...KØYR OMBORD PÅ FERJO!!!

Ferja har vore like nødvendig og vanleg på Vestlandet som....tran. Fann ikkje noko betre eksempel å samanlikna det med.
Stresset for å rekka ferja, havna så langt bak i køen slik at ein må venta to timar på neste ferje. Lyden av ferjemotoren nede i salongen, blanda med lukta av olje, synet av trøtte reisande som stirrer tomt framfor seg og smaken av sur kaffe frå den vesle ferjekiosken.
Alt saman ligg i blodet på einkvar vestlending.
Er det rart at me har blitt som me har blitt?

Men etterkvart har det dukka opp ei redning; Bruer og undersjøiske tunnellar.
Lobbyistar og lokalpolitikarar har i fleire tiår ropa og herja for å få fast vegsamband til akkurat sitt lokalsamfunn.

Og nå er det på veg ein undersjøisk tunnell til Halsnøy òg. Det betyr at Sæbøvik og andre småstader, som forresten minner ein del om Skomakergata, vil mista ein del av uskulda si. Kanskje vil Politiet koma ein del oftare ut på øya òg (sjå forrige artikkel).
Men tunnellen vil innebera at folk kan gå tørrskodd til Oslo, om dei vil.

I mellomtida må dei stressa ei stund til for å rekka ferja. Og høyra ein og annan billettør som ropar;
-KØYR OMBORD PÅ FERJO!! KOM IGJEN, KOM IGJEN!!!!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juli 03, 2005

Åleine på fly

fly
Har ein sønn som har reist åleine med fly sidan han var temmeleg liten. Som sønn av to søringar busett i Finnmark, er han vant med å reisa åleine til onklar her og besteforeldre der.

For meg var det før heilt opprivande å sjå den vesle kroppen vandra åleine bortover flyplassen, på veg mot flyet. For han var det heller brysamt viss eg ynskte å følgja han inn i kabinen.
-Jaja, pappa. Det e greit. Gå nu, sa han lettare irritert.

Nå, i ein alder av snart 14 år vil han helst unngå å ha ein slik "reiser åleine"-lapp hengande rundt halsen. Han likar best å ordna seg sjølv. som den vante reisaren han er.

Ein sommarferie for han blir elles eit lappeteppe av overleveringar og reiseruter, for å tilpassa det til eks-ar, y-ar, slekt og vener.
Først drog han sørover til Lillehammer på stevne med friidrettsgruppa han er med i. Så overlevering til meg på Gardermoen. Så inn til Oslo. Overnatting hos kjente. Ut til Gardermoen igjen. Fly til Molde. Overnatting hos kjente. Hurtigruta til Bergen. Overnatting. Ned til besteforeldra. Overnatting eit par døgn. Så bil til Haugesund. Fly åleine til Oslo. Til onkel og tante. Så bil til Sørlandet. Så tilslutt fly åleine nordover igjen.

Tok avskjed med han på flyplassen. Ein seanse me har blitt svært vante til.
Han fekk det som han ville. Slapp å ha "reiser åleine"-lappen.
Og eg haldt meg i skinnet.
Synes eg har blitt ganske tøff med åra, må eg sei.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, juli 02, 2005

Barndommens øy

Halsnøy
Er heime på barndommens øy. Halsnøy. Ei øy på Vestlandet som er vidt forskjellig frå Vadsø i Finnmark.
Medan det kan vera ei stor utfordring å få noko som helst til å veksa over knehøgde i hagane i Vadsø, er problemet det motsatte på Halsnøy; Å hindra det meste i å veksa for mykje. Viss det ikkje var for at bøndene slo graset her, ville øya raskt ha blitt ein einaste, stor urskog.
Einebærbuskane (eller "brakjen", som dei seier her) er på høgde med bjørkeskogen i Vadsø. Det veks og veks. Øya er berre ein eksplosjon i grøne planter om sommaren.

Øya er kjent for fleire ting. Sunnhordlandsdialekten med skarre-r, o-endingar og rare ord som "jysla" (veldig), "løyen" (morosam) og "badla" (rulletobakk).
Dessutan ein stad kor folk ordnar opp i det meste sjølv. Når politiet ein sjeldan gong er på veg over med ferja, går jungeltelegrafen og sms-trafikken heftig. Alle er varsla før politiet har trødd på land. Og på oppslagstavla, mellom bedehus-arrangement og bilar til salgs, kan det henga ein lapp kor det står;
-Purken på øyo. Parker bilen!
Sæbø
Dette er garden kor eg vaks opp. Der eg sprang mellom trea og leika cowboy og indianar. Eller jobba med å forhausta. Eller sprang ned til stranda for å bada.
Var til og med odelsgut på denne garden. Men sa frå meg odelsretten. Tenkje seg til.
Kanskje det var fordi forhaustinga, garden og alle plantene ga meg kraftig høysnue. kanskje det var lysta på å gjera noko heilt anna. Enn å forhausta resten av livet.

Det kjennest i alle fall veldig rart å vera her. Byrjar å nysa med ein gong. Det er nå ein ting. Og treff på enkelte gamle kjenningar. Som seier namnet mitt slik dei berre gjer her. Mange andre er heilt nye for meg. Var vel barn då eg flytte herifrå. Og er allereie i gifteklar alder nå.
Kjenner meg som ein framand. Det gjer eg vel eigentleg uansett kor eg er. Høyrer ikkje skikkeleg til verken her eller der.

Har med nokre ungar på turen. Og dei trivest. Dei spring omkring i det høge graset. Mellom trea. Ned til stranda. Hoppar uti sjøen som kjennest varm for finnmarkingar. Og gleda til ungane smittar over på ein melankolsk og høysnue-snufsete vaksen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Byen e Bergen...

Bryggen
Som barn syntes eg at Bergen var den mest fantastiske by å vitja. For der hadde dei så mykje spanande. Som Fløyen. Og Akvariet...
Ja, det var vel det eg syntes var det fantastiske. Å dra oppover det bratte fjellet i eit slags tog. Å sjå byen frå utsikten der oppe, og sjå i ein kikkert mot å legga på ei krone.
Og etterpå sjå pingvinar, sel og fisk i alle variantar. i Akvariet.
Stort for ein liten bonde i byen.

Nå har eg vore innom byen igjen. Etter lang tids fråver. Fekk med dei mest typiske stader. Fisketorget. Kjøpte reker og jordbær som me åt ved kaikanten. Stakk innom Tyskerbryggen.
Drog oppover Fløyen. I nokre meir moderne tog som var adskillig raskare enn dei eg kan hugsa. Kikkerten der oppe kosta nå ti kroner. Men virka like godt.
Vel nede føltes akvariet noko mindre enn det eg kan hugsa. Eller var det eg som var blitt større...
Kvelden blei avrunda med krig. Sonen min og eg skaut på kvarandre med slike laserpistolar inne i eit mørkt, labyrintisk rom. Akkurat det kan eg ikkje hugsa at dei hadde før.

Men Bergen er altså meir eller mindre akkurat som før. Husa står der dei alltid har stått. Bergensarane er sikkert like stolte som dei alltid har vore av Fisketorget, Fløyen, Bryggen og Akvariet.
Og eg kjenner meg framleis som ein liten bonde i byen, kvar gong eg er der...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.