torsdag, mai 26, 2005

Borte

fjord og fjell
Det har vore ein strålande dag. Varmt og solfylt. Ungane på skulen tok lærebøkene med seg ut. Slapp å sitja inne i varmen ein del av dagen.
Samstundes har det vore ein ganske trist dag.

Ein av ungane er i dag sendt tilbake til Tsjetjenia saman med familien.
Verken lærarar eller klassen hans fekk anledning til å ta farvel med den ti år gamle guten. Berre ein kort beskjed frå Asylmottaket om at han var sendt bort. Politi på døra om morgonen, beskjed om å pakka sakene fort og transport ut til flyplassen.

For borna på skulen er det vanskeleg å forstå kvifor dette skjedde.
-Kvifor måtte dei gjera det, spurte dei.
Denne guten var godt etablert i byen. Hadde budd her i tre år. Snakka norsk som alle andre. Leika som alle andre. Og brått er han borte.

Snakka sjølv med han seinast i går.
Me sat ute, saman i friminuttet og kosa oss i sola. Han var blitt så stille dei siste vekene. Kanskje han merka kva som kom til å skje. Klappa han til slutt på skuldra og spurte om han var klar til time igjen. Han fulgte lydig med inn igjen. Og det vart altså ein av dei siste, norske skuletimane hans.
Håpar det går bra med han der borte.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Lover og regler og retningslinjer som praktiseres av Norges byråkrati virker alt for ofte helt tommme for menneskelige hensyn. Hver uke sendes det barn tilbake til uviss fremtid i land langt borte. Norge har en politikk som prøver å redusere antallet mennesker utenfra som kan få bli, jo lengre bort de kommer fra jo mindre ønskelige er de og disse barna er offer for denne politikken. Jeg betaler faktisk gjerne litt ekstra for at flere kan få bli her, at flere menneskelige hensyn skal kunne tas. Man må vel løpe til stemmeurnene til høsten, men hvem er den beste hesten i løpet med tanke på akkurat denne problemstillingen??

27 mai, 2005 11:09  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Det skulle ha vore ein humanisme-paragraf ein stad. Som bestemte at personar og familiar som hadde vore så og så lenge, og som hadde satt sitt preg på lokalmiljøet kunne få bli.
For med denne firkanta, byråkratiske prasisen me har nå, så er det veldig opprivande både for dei som blir utvist og for dei som blir igjen.

Men eg har i grunnen ingen tiltru til at det skal bli noko av.

28 mai, 2005 12:08  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.