Gode kombinasjonar

I Tana har det av og til vore enkelte rare kombinasjonar i næringslivet. Meiner å hugsa ei forretning i Skiippagurra som ei tid seldte noko slikt som lamper og gummistøvlar. Eller noko slikt.
Elles er det ein kar som driv ei forretning som heiter Tana Musikk og Maskin. Og som dermed har det mest berømte forretningsnamnet i heile Finnmark.
Kombinasjonen er forsåvidt ikkje så rar. Han er altså ein som driv med maskinar. Og i tillegg er han ein framifrå musikar, som i store delar av sitt liv har reist rundt i fylket og underhaldt folk.
Så kva er ikkje då meir naturleg enn at han slår saman sine to næringsvegar til ei forretning, til Tana Musikk og Maskin?
God kombinasjon, spør du meg.
3 Comments:
Nokonlunde det same som Kraftwerk, altså?
Det må vel vera kombinasjonen av ein kraftig tannlege.
Hehe..fantastisk bra navn. Det er mange slike ja, men bra å få det med på bloggen din, en perle, uten tvil:)
Legg inn en kommentar
<< Home