søndag, september 28, 2008

Stein på stein

Det blei drenert rundt huset i sommar. Det avdekka at det er mykje stein i jorda her. Det visste eg forsåvidt frå før. Har streva forferdeleg med å slå gjerdestolpar i den steinrike jorda, blant anna.
Så nå ligg det haugevis med stein rundt huset som må bort. Har så smått byrja på ryddinga. Tre tilhengarlass er fjerna, men mykje gjenstår.
Det med stein er i grunnen interessant, viss ein ser bort frå alt strevet med det. Ein gong for lenge sidan var det ingen Varangerhalvøy. Berre hav og sandbotn. Så kom istida. Og når isen forsvann, heva det seg eit nytt land; Varangerlandet, som bestod av sandstein, pressa saman av all isen. Oppover terrenget finn me mange strandsoner og steinmorener etterkvart som landet heva seg. Og nederst, når menneska busette seg, blei det laga jord. Mykje av jorda langs fjorden er laga av utlagt tang og tare. Så det er ikkje så rart at det er eit tynt jordsmonn her.
Samstundes som det blei danna sandstein under istida, drog isen med seg ein og annan stein sørfrå. Og medan eg plukka og løfta på steinen min, fann eg av og til nokosom ikkje kunne vera sandstein. Ein grøn her. Ein kvitspraglete der. Og så denne svarte. Som fekk æra av å bli med inn til pynt i huset. Akkurat nå sit den i vindaugskarmen og får med seg soga om steinen i Varanger.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, september 20, 2008

Hysefilet i måneskinn

Her kjem nok ein slik "ut i naturen og heim og et"-artikkel.
Det har vore så mange, fine dagar i det siste. Sol og stille vær. Skikkeleg slik indiansk sommar.
Me skulle ha middag. Hadde satt nokre rester ut i gangen. Den brukar å fungera fint som kjøleskap. Men så blei det varmt. Så varmt at flogene kom tilbake. Og middagen blei øydelagt.
Så kva gjer ein då? Jo, drar ut i båten.
Det blei ein fin fangst. Stor, feit og glinsande hyse beit på med ein gong. Hadde berre snøret ute tre gonger, innan det var meir enn nok til middag.
Og før eg visste ordet av det, hadde sola gått ned innover fjorden i vest. Medan månen hadde stige opp i aust. Det mørkna. Fort. Eg kom meg tilbake. Inn på kjøkkenet og skar filet. Fine, delikate stykker. Hyse er undervurdert, i grunnen. For steikt på panna blei den så fin.
Så var det middag. Igjen. Stekt hyse med salat frå hagen.
og ein måne som steig opp over fjorden.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, september 13, 2008

Sola er i hus

Det er viktig å få henne i hus, før vinter og mørke kjem. Så ho kan lysa opp på matbordet.
Var som vanleg i absolutt seinaste laget. Månadsskiftet august/september er normalt ikkje multetid. Men det gjekk. Sjølv om det var mykje overmodent, fann eg framleis nok av fine bær.
Så dermed er vinteren berga.
Kom ned igjen frå fjellet utpå kvelden. Det hadde mørkna. Men kone og fiskesuppe venta. Det var fyr i omnen. Og sjølvsagt blei det multer til dessert.
Har forresten laga eit interessant panoramabilete i noko nytt og revolusjonerande; "photosynth"-sida mi.
Og det heile er elles dokumentert i denne prisløna filmen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, september 06, 2008

Briller funnen i steinura



Fann desse brillene på veg ned frå ein fjelltur. Tenkte det var best å ta vare på dei.
Dei låg i steinura like nord for Makkenes.
Så viss du går og snublar og ikkje ser ein døyt for tida, finn du brillene hos meg.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Soga om bonden sitt sukkertøy

Dette er ei samling med sukkertøy som har ein svært høg verdi i Varanger. I eit område kor det etterkvart er fleire hestar enn folk. Og ikkje så mykje jord. Og slåtten berre kan gjennomførast ein gong i løpet av sommaren. Så kan ein slik rundball kosta 500 kroner. Difor kan alle som har grasetande dyr sjå med lange, våte auge etter kvar einaste rundball som ligg langs vegen. Så langt har det faktisk kome at nokon blei fråstjålen rundballar inne i Nesseby her om dagen.

Men altså. Mi soge om mitt sukkertøy er lang og pinefull. Som alltid.
Eg bestemte meg i år for å gjera alt sjølv. Dum som eg er. Fekk lånt meg ein gjødselspredar hos ein nabobonde. Fekk spredt godt med kunstgjødsel. Kjøpte ei brukt rundballepresse hos nokon inne i fjorden.
Men så måtte eg venta på å slå. For eg måtte låna ein pakkar, den maskinen som pakkar alt inn i plast. Andre bønder måtte jo trass alt få bli ferdig med sitt, og kunne ikkje ta omsyn til mitt hobbybruk.
Og graset vaks. Og eg venta og venta. Og graset byrja å frøa seg. Det var ikkje så heldig, etter som eg forstod. Og så var sommarferien ferdig. Og jobben krev jo sitt i oppstarten. Og så byrja det å regna. Og det var slett ikkje bra. Eg såg på værvarselet kvar time. Utpå seinsommaren var været meir ustabilt. Og natta meir fuktig. Uro og bekymring. Det knuga som ein verkande byll.

Den 24. august kom eg endeleg i gang. Og då snakkar me om ei tid når hausten er farleg nær.
Så. Byrja eg å slå. Har ein liten fingerslåmaskin som sannsynlegvis var blitt ganske sløv med åra. Måtte stoppa kvar femte meter og få laus gras som satte seg fast. Det gjekk ein time for kvar runde. Kona hjalp til, gjekk bak slåmaskinen og drog ut på gras, altså eg slo av maskinen kvar gong så ikkje fingrane forsvann (ja, det var kanskje i åtte timar). Alt i alt stod det vel på i over 15-16 timar. Då det var slått, såg heile jordet ut som ein skamklipt sau. Neste dag var det å rasa heim etter jobb og venda graset i strenger. Dagen etter det fekk eg ordna meg ein fridag frå jobben og montera den innkjøpte pressa. Den svære pressa fortona seg som eit monster som rulla og braka. Eg ringte og ringte han som hadde seldt pressa. Spurte og grov. Trudde aldri eg skulle få det til. Men det gjekk. Fascinerande å sjå korleis maskinen støvsugde bakken for gras og la ut bak seg ferdig pressa ballar som nokre egg. Eller kanskje noko anna.
Innemellom måtte eg demontera og montera pakkaren. Ballane kunne ikkje liggja for lenge utan plast før det gjekk varmgang i dei. Fascinerande det òg. Å sjå plasten som surra seg rundt, medan eg rygga rundballane bakover. I byrjinga trøbla eg. Plasten sleit seg stadig vekk av. Og det vart ganske ujamnt med plast rundt dei første.
Utpå natta var den jobben ferdig òg.
Den siste dagen kunne eg henta alle rundballane med klipa og plassera dei på tunet. Klare som vintermat.

Hah! Eg klarte det! Stod dødssliten og såg på verket. Så stolt og lukkeleg. I fjor fekk eg ikkje meir enn 12 rundballar. Denne gong hadde kunstgjødselen gjort det slik at eg stod med heile 30 rundballar.
Eg hadde klart det mot alle odds. Like dårlege odds som dei hadde på 60 talet då dei skulle landa på månen. At kona ga skryt hjalp òg på. Tenkte ei stund at eg kanskje hadde ein del å gå på ei tid framover, då eg kom inn og la beina på bordet.

Oppi alt dette er det ein ting eg tenkjer mest på. Og det er alle bøndene langs fjorden som hjalp til med råd og vink. Ingen av dei var overbærande over min manglande kunnskap. Men svarte tolmodig på alt eg lurte på. Og gratulerte meg med resultatet.
Så den enda nå lukkeleg denne soga. Om sukkertøyet mitt.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.