søndag, april 30, 2006

Om utepils, nord og sør, og diverse


Har tatt min første utepils i helga. Og det er veldig tidleg så langt nord! Så tidleg at det nestan er til å bli nervøs av. For at tanken om evig vår straks skal brytast av nye snøbyger. Dei normalt pessimistiske reknar med at det snøar igjen rundt den 17.
Eigentleg er vel det med utepils eit sørnorsk fenomen. Folk i det nordlegaste har sett det på fjernsyn, eller dratt sørover og tatt utepilsen på Aker Brygge og andre stader.
Her nord er det meir slik at me nærast skottar litt engsteleg rett opp for å sjå om det dett eit snøflak ned i pilsglaset.

Det er i grunnen rart at folk i nord på død og liv skal gjera akkurat slik dei gjer i sør.
Når ungane skal eta is på 17. mai, har dei gjerne lua godt trødd ned over hovudet, medan dei held isen med tjukke polvottar.
Og når skulekorpsa marsjerer omkring, gjer dei det som regel i ein isnande vind.
Nokre korpsungar ved kysten opplevde ein 17. mai at leppene deira fraus fast i munnstykka på blåseinstrumenta. Metall, fuktige lepper og minusgrader høyrer jo som kjent dårleg saman. Ho som spela tuba fekk dessutan hornet fullt av snø, slik at det berre kom gurglelydar ut av instrumentet.

På den andre sida er det ikkje så mange som stiller spørsmål ved at ein skal vera nødt til å marsjera gatelangs under slike værforhold. Det er nå slik det er.

Og til orientering; Det er framleis 10 plussgrader og "sommar" her nord.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Min plass

Har "min eigen" plass ein stad utanfor Vadsø. Som det er fint å søka sånn av og til.
Strengt tatt er den vel ikkje min. Men eg likar nå å tenkja at den er det.
På veg ned frå vegen går ein forbi eit gammalt steingjerde. Og litt rusten, tysk piggtråd frå krigen.
Masse gammal historie som ropar etter merksemda mi, men som ikkje får den.

Heilt nede er det å setja seg ned. Og sjå på fjorden.
På ein skarv som solar seg i vårveret.
Det er ofte masse liv å sjå ut på fjorden frå denne utkikkstaden nå på våren. Kval, niser...
Denne gong blei det med skarven. Og sjøen som mala ein roleg laurdagsrytme.

Og på videosida mi er fjorden filma igjen (Tittel: "Varangerfjorden in April 2006").

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, april 22, 2006

Endeleg vår!


Slik kan våren vera i Vadsø. Blå og klar. Måsen har byrja å remja om natta. Det er jo eit sikkert teikn. Stemninga tar seg opp. Gradene stig mot 7-8 pluss. Småtittingen kosar seg i pyttane.

Det heile gir oss ein god unnskyldning for å dra ut på Vadsøya. For fyrste gong i år. Med store og små.
Minstemann på tre år har fått seg ny sykkel. Den må pløyast gjennom diverse snøfonner som ennå ikkje har smelta ute på øya. Men det betyr ikkje så mykje for ein treåring som ikkje veit at snøen forlengst er borte lenger sør.

Om ei lita stund blir det sannsynlegvis grått og kaldt igjen. Kansje til og med nye snøbyger. Når Isen i Kvitsjøen smeltar og sender haugevis med kald skodde mot oss.
Men det bryr oss ikkje akkurat nå. Det gjeld å nyta dei åtte gradene og den blå himmelen for alt det er verdt. Og feira det heile med å grilla og eta nok ei av Gilde sine mistenkelege kjøttvarer...
Livet er godt...


...og i denne videoen kan du få heile teksten repetert.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, april 18, 2006

Rockelivet er ikkje som før

Før i tida brukte rockestjernene å kasta fjernsynet ut av hotellvindauget. Eller dei kunne knusa toalettet til støv. Det var nærast ein folkesport. Så vanleg at hotellet automatisk la dette inn i rekninga når stjernene kom.
Mykje har skjedd sidan den tid. Og når me, eit undergrunnsband, verdsberømt i Vadsø, glade amatørar, kanskje tilhøyrande kategorien "småstjerner i sikte" (viss me tar litt i...) har delteke på festival i Kautokeino, så blir det litt mindre målestokk over sprella våre.
Det var rett nok eit fjernsyn der me var innkvartert. Men det var berre ein meter ned til bakken utanfor vindauget. Dessutan ei mjuk og fin snøfonn. Så det hadde ikkje vore store futten over å kasta fjernsynet ut der.
Eit øydelagt fjernsyn hadde dessutan kosta oss heile honoraret og meir til. Så det var ikkje snakk om.
Så me gjorde ikkje verre ting enn å søla to peanøtter på golvet. Utan å plukka dei opp etterpå!
Me humra lenge over påfunnet og syntes det var ganske vågalt.
Kanskje det har noko med innhaldet i musikken vår å gjera òg. Den er jo ganske forskjellig frå det dei omtalte rockemusikarane på 70 talet sang.
Men i alle fall; Før i tida var dei altså "tøffe" både på og utanfor scenen. I dag prøver me stort sett å vera tøffe kun på scenen. Og veldig snille sånn elles.
Ja, det er nå så...

(http://www.home.no/daap)

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, april 11, 2006

Salmar og alkohol i Kautokeino


Vadsøgruppa Daap skal spela på Buletjavri i Kautokeino, skjærtorsdag 13. april.
Musikken er opprocka salmar. Og på konsertstaden, Buletjavri serverer dei alkohol.
Dette har falt nokon tungt for brystet, og det har kome sterk kritikk mot kombinasjonen.
-Salmar på ein slik stad blir som å kasta det heilage til svin, uttalte leiaren i Menighetsrådet i Kautokeino til NRK Finnmark.
Konflikten har blitt presentert heile dagen i NRK Finnmark og NRK Sami Radio.

Det er ikkje til å unngå at det kan bli bråk når salmar blir dratt ut av bedehuset i læstadianske miljø.
Men når salmane er ein så viktig del av musikktradisjonen i Finnmark, fortener dei å bli tilført noko nytt og å bli presentert i nye miljø.
Difor kan det bli eit svært spennande kulturmøte på Buletjavri på skjærtorsdag.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, april 04, 2006

Kronerulling for familien Sautiev

Støttekonserten for den tsjetjenske familien Sautiev den 31. mars og seldt kunst har til nå samla inn 14.300 kroner. Det manglar då framleis litt på å få inn 22.000 kroner. Desse pengane skal brukast til å betala ein rettsanke til familien for å hindra deportasjon. Pengane må betalast innan 7. april.

Dette går altså til ein familie som har budd i Vadsø i fem år. Dei fryktar for sine liv dersom dei blir sendt ut av landet. Og ei gruppe i Vadsø ynskjer å gjera det som er mogleg for å hindra deportasjon.

Kontonummeret er; 1644.34.37693.
Send gjerne oppmodinga vidare i eigne bloggar.

Meir informasjon på http://beskyttdem.blogspot.com

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.