Om utepils, nord og sør, og diverse
Har tatt min første utepils i helga. Og det er veldig tidleg så langt nord! Så tidleg at det nestan er til å bli nervøs av. For at tanken om evig vår straks skal brytast av nye snøbyger. Dei normalt pessimistiske reknar med at det snøar igjen rundt den 17.
Eigentleg er vel det med utepils eit sørnorsk fenomen. Folk i det nordlegaste har sett det på fjernsyn, eller dratt sørover og tatt utepilsen på Aker Brygge og andre stader.
Her nord er det meir slik at me nærast skottar litt engsteleg rett opp for å sjå om det dett eit snøflak ned i pilsglaset.
Det er i grunnen rart at folk i nord på død og liv skal gjera akkurat slik dei gjer i sør.
Når ungane skal eta is på 17. mai, har dei gjerne lua godt trødd ned over hovudet, medan dei held isen med tjukke polvottar.
Og når skulekorpsa marsjerer omkring, gjer dei det som regel i ein isnande vind.
Nokre korpsungar ved kysten opplevde ein 17. mai at leppene deira fraus fast i munnstykka på blåseinstrumenta. Metall, fuktige lepper og minusgrader høyrer jo som kjent dårleg saman. Ho som spela tuba fekk dessutan hornet fullt av snø, slik at det berre kom gurglelydar ut av instrumentet.
På den andre sida er det ikkje så mange som stiller spørsmål ved at ein skal vera nødt til å marsjera gatelangs under slike værforhold. Det er nå slik det er.
Og til orientering; Det er framleis 10 plussgrader og "sommar" her nord.
13 Comments:
Jeg slo deg med 2-3 uker.
Men du vet at her oppe i nord har vi bare en regel når det kommer til utepils. Hvis skummet på ølla fryser er det for tidlig... Fryser den ikke er det fritt fram.
Hei, Andre.
Ja, har aldri hatt noko til overs for is i ølet.
Nei. Men så lenge det ikke blir is der så er det varmt nok til å ta utepils? ikke sant?
Det er ikke bare i nord at man på død og liv skal ha utepils, selv om temperaturen ikke akkurat innbyr til det. Lurer på hva f.eks. en spanjol ville sagt om han så oss som satt på Solsiden i Trondheim forrige uke, med ullgenser under jakka, tepper rundt beina under en sånn varmelampe de setter opp for stakkarne, men like fullt med pilsen UTE. Og pizza, også ute, som ble kald på rekordtid... (En medvirkende årsak til denne selvpiningen var selvsagt et par nikotinslaver i gjengen, som tydeligvis ofrer mye for å få røyke og drikke samtidig)
Andrè;
Joo, men når ølet er varmare enn lufta, så blir det liksom litt rart.
Hei, Øyfrid;
Det er vel eit eksempel på at nordmenn er skikkelege friluftsfolk!
Det som VIRKELIG er interessant, er jo hvem av søringer og nordinger som klarer å strekke INNEpilsen lengst utover vintervåren.....
Det må vel bli den innerste krets av Pilsens Vener.
Me har ein annan pub i Vadsø der nokon kan gå av med sigeren i ein slik konkurranse, trur eg.
men eg må nå bare si at øl e godt! og Når det blir så varmt - så hold eg meg inne :-)
Hei, festlege söger om tuba og snö! hihi, eg spelte ein gong klarinett i skulekorpset og hugser alle desse fryse-detaljane, gurgle.. Skal du til riddu i aar? eller vert det kun Skiippagurra?
Hei, Ragnhild!
I alle fall til Skiippagurra. Skal spela der.
Enn du? Kjem du deg nordover med magen din?
(...og eg er veldig nøgd med at du kastar deg ut i nynorsken, Arne. Trur det er i ferd med å bli ein ny trend i byen.)
Beste varangertenker!
Du leser jo (potensiell) nynorsk som fanden leser bibelen.
Arne har bare skrevet på sin egen dialekt...
Å, fanden....
Legg inn en kommentar
<< Home