Rockelivet er ikkje som før

Mykje har skjedd sidan den tid. Og når me, eit undergrunnsband, verdsberømt i Vadsø, glade amatørar, kanskje tilhøyrande kategorien "småstjerner i sikte" (viss me tar litt i...) har delteke på festival i Kautokeino, så blir det litt mindre målestokk over sprella våre.
Det var rett nok eit fjernsyn der me var innkvartert. Men det var berre ein meter ned til bakken utanfor vindauget. Dessutan ei mjuk og fin snøfonn. Så det hadde ikkje vore store futten over å kasta fjernsynet ut der.
Eit øydelagt fjernsyn hadde dessutan kosta oss heile honoraret og meir til. Så det var ikkje snakk om.
Så me gjorde ikkje verre ting enn å søla to peanøtter på golvet. Utan å plukka dei opp etterpå!
Me humra lenge over påfunnet og syntes det var ganske vågalt.
Kanskje det har noko med innhaldet i musikken vår å gjera òg. Den er jo ganske forskjellig frå det dei omtalte rockemusikarane på 70 talet sang.
Men i alle fall; Før i tida var dei altså "tøffe" både på og utanfor scenen. I dag prøver me stort sett å vera tøffe kun på scenen. Og veldig snille sånn elles.
Ja, det er nå så...

3 Comments:
Varanger bensintankar har også betraktningar rundt denne hendinga samt et nokre skarpare billete :0)
Ja, kor får du det frå? Gode bilete og god lyd.
Takk for det.
Det bilete knipsa eg sjølv med "instamatik'en" (mobilen) har et par til også.
Takk for god konsert!
Legg inn en kommentar
<< Home