lørdag, mai 24, 2008

Hurra for 18. mai


Det har aldri gått særleg kjapt rundtomkring meg. Er ein av dei som gjerne hadde julestjerna oppe til over påske før i tida. Dette året flagga me for både 1. og 2. mai. Og 17. og 18. mai.
Det er noko med at når flagget først var oppe, og det flagra så fint i vinden. Med Varangerfjorden i bakgrunnen. Så var det så synd å ta det ned igjen. Så difor kunne me ropa "hurra for 18. mai". Det har me nemleg lov til i vårt eige kongerike.
Og sein, ja. Når eg først fortel om dette, så er me allereie i overgangen til juni (men flagget er nede nå, altså).

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Veden er på plass


Ja, den veden, ja. Nå er den på plass. Først var det å saga ned passeleg mengde trær oppe i skogen, like ovanfor garden. Nabo og eg i iherdig arbeid. Ved hjelp av ein ungdom borti vegen og skuteren hans blei den henta ned i påsken. Lasta over på traktortilhengaren. Køyrd til gards. Kappa og kløyvd. Lagt til tørk på pallar. Dekka til med presenning for å unngå fukt. Nå ligg den der og tørkar og godgjer seg. Innan den seint i haust blir lempa inn i skjåen. Så vil den til slutt putra i vedovnen. Ein gong komande vinter.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Det kan ta tid


Nokre gonger tar det tid.
Kanskje det er på grunn av månen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.