søndag, februar 26, 2006

Varangertankar blir parodiert

Opplever den store æra å bli parodiert.
Faktisk ei svimlande ære når eg les den ein søndags føremiddag.

Så eg kan stolt fortelja at det finnes ein blogg som heiter "Varanger bensintankar", skriven av ein kar som står med kaffekoppen og ser på veret og Varangerfjorden. Medan han mimrar over den gamle mopeden sin. Og litt andre ting.
Såvidt eg forstår er det òg ein viss parodi på "bloggebroren" min, i Journal.
Og den nye parodi-bloggen er sjølvsagt skriven på (ganske bra) nynorsk. I god Varanger-tradisjon.
Meir moped-tankar, takk!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, februar 19, 2006

Endeleg på skihytta

Så var eg der endeleg i dag. På skihytta, omlag ei mil innanfor Vadsø.
Kunne gli oppover på nye ski. Har endeleg skifta etter femten år.
Framme på hytta kjøpte eg varm saft og greier.
Uheldigvis (og veldig typisk. Det er ikkje første gong det skjer) gløymde eg å setja i minnekort i kameraet. Så hendinga kunne ikkje visast fram.
Men eg svergar; Eg var der.
(Og namnet mitt finn de forresten i hytteboka).
Oh, yeah...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, februar 14, 2006

Mølje på Valentinsdagen

Hadde mølje på Påls i ettermiddag. Denne delikatessen av ein matrett; Kokt torsk, lever og rogn.
Det er sesong for dette nå i februar.
Samstundes har det opna ein ny fiskebutikk i Vadsø. Plassert like ved sida av Affas. Etter uhorveleg mange år utan eit slikt tilbod.
Så gjenstår det å sjå om folk her er villige til å betala det som det kostar ekstra å kjøpa fisk i ein butikk. I forhold til å ordna seg hos vener og kjente.
Kanskje ein del lukkeleg uvitande søringar (og der føler eg meg faktisk ikkje inkludert, sjølv om eg sikkert tar ein tur innom butikken av og til) i byen er villige til det.

Mat er i det heile eit interessant, sosialt fenomen. For her er det status å vera så nært opphavet som mogleg. Når ein har skote, fiska, dyrka og tilberedt
maten sjølv, så er det noko ekstra å servera den for andre. Eller når maten er henta hos nokon ein kjenner godt. Når ein kan skilta med å ha direkte tilgang til godsakene gjennom eit sosialt nettverk. Ja, då blir noko veldig høgtideleg over serveringa.

Uansett; Sjølv om møljemiddagen hos Påls ikkje var sånn direkte på nokon måte. Så smaka den godt......................................
Men kva har eigentleg denne mølja med Valentinsdagen å gjera? ...........................................................................
Nei, sei det...........................

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, februar 11, 2006

Blå kveld

Den Blå Timen kjem i overgangen mellom ettermiddag og kveld. Den badar alt i blått.
Snøen. Fjorden. Nokre steinstøtter som stirrer utover den same fjorden.
Og ein og annan bil på veg heim for å gi menneska helg i det blå landet.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, februar 05, 2006

På ski i minus 15


Å dra innover fjellet nord for Vadsø gir ein heilt spesiell terapi. Sjølv i minus 15. Den monotone lyden av ski og stavar i snøen. Den kalde lufta som fyller lungene. Det flate, rolege terrenget. Og sjølvsagt alle fargane.
Ja, det kan henda at det er ein viss blanding av roleg terapi og litt stress. Etter å halda eit visst tempo, sjølv om kroppen ikkje er som den var. Det merkar eg mest på at sonen min fyk av gårde og forsvinn før eg har fått byrja på turen. Han byrjar å bli ein halvtime raskare enn meg.
Det stressar jo litt. Men mest terapi er det, uansett.
Ettermiddagssola ga litt ekstra skyv i ryggen. Og terrenget skifta etterkvart til bjørkeskog nede i dalane.
Prikken over i-en pleier å vera å koma til skihytta, litt over ei mil inne på fjellet. Varma seg litt ved peisen. Kjøpa litt kaffe og vafler. Slå av ein drøs viss det er nokre kjente.
Ja...litt stress pleier det å vera når eg nærmar meg skihytta òg. For der pleier det å sitja folk ute i solveggen. Og kikka på skigåarar som er på veg. Og då nyttar det ikkje å lunta opp den siste bakken. Det gjeld det å spurta litt ekstra.
Men denne gong slapp eg det. Var som vanleg seint ute. Skihytta var stengt før eg kom opp.

Så då var det berre å snu. Sjå Thomaselvdalen. Laga av elva som har skore det flate landskapet i to. Gjort det litt meir spanande. Og sjå fjorden. Som alltid er like spanande.
Det byrja å mørkna. Susa nedover dei siste bakkane med sånn passeleg sikt.
Nede ved skistadioen hadde sonen min venta i ein halvtime igjen. Men tok seg tid til å ta bilete av ein sliten, nøgd og godt innpakka skigåar.

...og her er ein video som fortel om turen (ta høgde for ein del ujamn kameraføring)

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, februar 01, 2006

Og nå: Litt musikkreklame...


Daap har lagt ut nokre nylaga demo-ar på nettsida si.
Dette er den gregorianske og for anledningen finskspråklege hymnen "Jesus Christus Uhriks Meille" og den norske salmen og folketonen "Overmåte full av nåde".
Og snart kjem det ein cd.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.