På ski i minus 15

Å dra innover fjellet nord for Vadsø gir ein heilt spesiell terapi. Sjølv i minus 15. Den monotone lyden av ski og stavar i snøen. Den kalde lufta som fyller lungene. Det flate, rolege terrenget. Og sjølvsagt alle fargane.
Ja, det kan henda at det er ein viss blanding av roleg terapi og litt stress. Etter å halda eit visst tempo, sjølv om kroppen ikkje er som den var. Det merkar eg mest på at sonen min fyk av gårde og forsvinn før eg har fått byrja på turen. Han byrjar å bli ein halvtime raskare enn meg.
Det stressar jo litt. Men mest terapi er det, uansett.


Ja...litt stress pleier det å vera når eg nærmar meg skihytta òg. For der pleier det å sitja folk ute i solveggen. Og kikka på skigåarar som er på veg. Og då nyttar det ikkje å lunta opp den siste bakken. Det gjeld det å spurta litt ekstra.
Men denne gong slapp eg det. Var som vanleg seint ute. Skihytta var stengt før eg kom opp.

Så då var det berre å snu. Sjå Thomaselvdalen. Laga av elva som har skore det flate landskapet i to. Gjort det litt meir spanande. Og sjå fjorden. Som alltid er like spanande.
Det byrja å mørkna. Susa nedover dei siste bakkane med sånn passeleg sikt.
Nede ved skistadioen hadde sonen min venta i ein halvtime igjen. Men tok seg tid til å ta bilete av ein sliten, nøgd og godt innpakka skigåar.

...og her er ein video som fortel om turen (ta høgde for ein del ujamn kameraføring)
6 Comments:
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Hmmm, dette skiterrenget så engentlig ut som det er skapt for meg. Slakke bakker som du forsåvidt får fart i fordi de er lange og ikke de bratte hengene hvor en må kjøre på kryss og tvers eller som jeg, ta av skiene, eller som våghalsene, sette utenfor og håpe at alt går bra. Kan det stemme?
Skulle jeg noengang vurdere å flytte til Finnmark vil dette være en ting for, sett at mine observasjoner stemmer. Har ikke gått på ski på...ti år?
VELDIG vakre bilder! Kjenner igjen ruta fra Vinika til Thomaselva. ;-) Favorittrasteplassen var alltid "isporten" - ga ly for vinden og et trolsk skue. Nå er det faktisk vinter "sørpå" også - vi bakser i snø og undrer oss... hvitt?! Sannelig unormalt normalt! ;-)
Høyrest ut som om de er passeleg modne for å flytta nordover igjen, Jubel og Othilie (?)
so fint so fint, flink er du til aa gaa paa ski ogsaa! herleg! eg skal kanskje byrja aa ta videoer ogsaa trur eg!
Det hadde vore tøft. Det er jo ganske enkelt å leggja ut på Putfile.
Legg inn en kommentar
<< Home