lørdag, januar 28, 2006

Dårleg kommunikasjon på kryss og tvers


Den stod der raud og fin. Som eit fyrtårn (eit ganske forskjellig, raudt fyrtårn i forhold til den vesle, blå dingsen på biletet). Kameraten min og eg såg på fyrtårnet med store auge. To små gutlarvar i ei lita, våt bygd på det mørke vestlandet.
Me hadde oppdaga at fotball og skulekorps ikkje var det einaste å driva på med om kveldane. Me kunne nemleg òg gå gatelangs. På den eine vegen det var mogleg å gå på. Gå til bygda som hadde ein brusautomat. Som var øydelagt.
Men den kvelden stod det eit nytt, raudt fyrtårn der.
Ein telefonkiosk.
Kameraten min og eg kjende hjarta våre hamra då me opna døra og steig inn i det aller heilagste.
Det var som om verda opna seg. Framfor oss hang telefonkatalogane for heile landet. Tenk: HEILE LANDET!
Me hadde lurt til oss nokre kroner. Og nå kunne me ringa, det vil seia tulleringa kor som helst over heile landet. Utan at nokon vaksne kunne ta oss.
Det var nestan for godt til å vera sant.

Omlag 30 år seinare sit eg her i Vadsø med ein ny dings oppi øyret. Ein slik blåtann håndsfri. Sonen min fnys av at eg ikkje kallar den blue-tooth-hands-free.
I alle fall kan eg nå ha mobilen i lomma eller ein annan stad. Og håndsfrien på øyret medan eg snakkar med folk. Utan bruk av ledningar.
Det blinkar eit blått lys på den. Den får meg til å sjå ut som eit vandrande juletre, der eg går stolt omkring med det blinkande lyset i øyret.
Dessutan: Eg kan trykka på ein knapp på håndsfrien, så seier det "bip", så kan eg seia namnet på den eg skal ringa til, OG SÅ RINGER TELEFONEN TIL AKKURAT DEN PERSONEN!
Problemet er berre at eg må lesa inn namnet med rett tonefall. Elles brukar eg endå lenger tid på lesinga enn på å tasta inn nummeret på vanleg måte.

Elles har eg oppdaga eit såkalla ip-firma som tilbyr gratis telefonringing frå pc-en til fasttelefonar.
Nå har eg forska på å kobla saman håndsfrien og pc-en. Slik at eg kan gå omkring i huset og ringa gratis med ein blinkande, blå dings i øyret og ein summande pc i hjørnet. Via ein blåtann-usb-penn (endå ein dings eg har).
Men dette siste fekk eg ikkje til. Same kor mykje eg herja og herja.

Det kjennest berusande med all teknologien. Men det endar som regel med frustrasjon. Fordi eg ikkje får det til.
Og det blir det jo dårleg kommunikasjon av.

Tilbake til telefonkiosken (som for lenge sidan er riven bort) for omlag tretti år sidan på det mørke, våte vestlandet.
Me, gutlarvane bestemte oss for å ringa til nokon. Ringa så langt det absolutt var mogleg å koma.
Etter litt forsking i telefonkatalogane fann me ut at Kautokeino; Det måtte vera det fjernaste me kunne ringa.
Me fann fram til eit namn. Og eit nummer. Stappa på nokre kroner. Og eg slo nummeret med ein skjelvande finger.
Det ringte. Kunne eg høyra.
-Hallo, sa det i telefonen.
Eg kaldsvetta. Kameraten min, som ikkje snakka, men som stod tett ved sida og prøvde å lytta i telefonrøyret, han var minst like nervøs.
-...H-hallo stotra eg til slutt fram.
-Ja, hallo, svara det i telefonen.

Det heile blei for sterkt. Me kasta telefonrøyret tilbake på plass og storma ut av kiosken.
Sprang ein kilometer eller to. Så rusla me vidare bortover den våte, mørke vegen.
Kommunikasjonen gjekk ikkje så bra den gong heller.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, januar 21, 2006

Kaldt, ja...


Her kjem eit lite tverrsnitt av dagen i dag.
Og den startar kaldt.
Dei fleste har vel fått med seg at det er mange minusgrader for tida. Her i Vadsø omlag minus 20 grader. Og med ein del vind blir det visst effektive dobbelt så mange i minus.
Så mykje at sjøen frys til is innerst i bukta.

Lite hjelp i den elektriske belysninga frå byen då.
Og ikkje så mykje hjelp i at sola har kome tilbake.
Kong Vinter har fått siste ord. Enn så lenge.

Men folk flest gler seg over det som er verdt å gle seg over.
Som å ha ein liten solkonsert. Med strykekvintetten Emsemble Nord. Som spela Webern og Schumann.

Til glede for eit opptint publikum på biblioteket.
Så heime igjen kunne me gå den kalde helga vel i møte. Fyra godt i ovnen. Og gjera minst mogleg.
God helg!

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, januar 18, 2006

Solfest


-Sola! Sola er her!
meldinga skapte liv i skuleungane. Dei rasa ut av klasserommet og ut på trappa.
Og der var ho. Kikka litt over fjella nokre minutt. Lyste litt ekstra på trøtte skulebygningar.

Det var med andre ord tid for fest. Solfest. Til å synga solsangen. Drikka gul saft. Eta solboller.

Og laga ei ekstra fin sol til å ha i klasserommet.
Ein av ungane satte best ord på kor godt det kjennest å få henne tilbake.
-Det er som å vera i live igjen, sa han. Og drakk litt meir solsaft.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, januar 16, 2006

Nordlyset kallar


Me hadde ein svært lat søndag i kjellarstova. Data og tv. Og slanging på sofaen. Fint nok det. Men lite opplysande.
Var på ettermiddagen ein tur på kaffebesøk. Så når me endeleg hadde fått sparka oss opp, kunne me konstatera at det var meir å oppdaga.
Gjekk ein tur og fann nordlyset som lokka og lura.

Det dansa i veg i beste rumba stil, medan karrige planter knirkande prøvde å følgja med så godt dei kunne.
Og måne, stjerner og ein mørk fjord observerte det heile med avmålt ro.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, januar 14, 2006

Økologisk propaganda


Har ein kasse bak huset. Nokon lurer kanskje på kva den er til.
Og då kan eg fortelja at spennande, det er den. Inni kassen sydar og kokar det. Reine evolusjonen er i gang der.
Den er nemleg del av eit strengt økologisk regime som blir halden i huset.
Mykje av søppelet blir brukt som brensel. Og matavfall går opp i kassen.
Den ser kanskje ikkje så fin ut. Men det er faktisk ein Rolls Royce...ja, i alle fall ein Mercedes innan kompostproduksjon.
Den er godt isolert med isoporplater innvendig, slik at den held seg varm og god heile vinteren. Og set fart i komposteringa.
Til våren reknar eg med at alt matavfallet er blitt til god gjødseljord som kan leggjast ut på potetåkeren.
Dermed er huset i ein slags økologisk balanse.
Slik likar eg å sjå det i alle fall.

Og sidan eg er så opptatt av dette, tenkte eg det var lurt å påverka elevane mine litt. Innføra litt økologisk propaganda i dei unge hjernene.
Så eg tok dei med heim ein dag for å sjå på den herlege kassen.
Hadde forklart dei godt på førehand korleis kompostering skulle gjennomførast. kva som er fordelen med det. Om økologisk balanse og det heile. Dei hadde tatt med seg litt rester frå matpakkar sjølv òg for å bidra til balansen.

Så stod me rundt kompostkassen. To vaksne og 29 forventningsfulle 6. klassingar stod tett rundt kassen og venta spent på å sjå kva som var oppi då lokket skulle til å opnast.

Nå har det seg slik at det finnes to slags kompost. Etter det eg veit. Den som luktar ganske kraftig og den som ikkje luktar noko særleg.
Det er akkurat som dårleg ånde. Når munnen er mykje lukka får det utvikla seg bakteriar som ikkje luktar så godt.
Og i denne kompostkassen hadde eg ikkje vore så nøye med å ordna lufting. Hadde berre kasta matavfallet oppi etterkvart og latt det stå til.

Så når lokket blei opna, med ein haug nysgjerrige barnehovud tett over opninga, kom det eit gedigent
-OOOOOÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!!
Dei nysgjerrige andleta vrengte seg over i forferdelege grimasar og brått spredte dei seg utover i ein imponerande vifteform. Minst hundre meter sprang dei raskaste innan dei rekna med å vera på trygg avstand.

Så dermed var heile opplegget mitt spolert.
29 av framtida sin håpefulle generasjon uttrykte høgtideleg at dei ALDRI skulle bli nokon kompostprodusentar.
Slukøra lukka eg igjen lokket på kompostkassen min...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, januar 08, 2006

Mens me ventar...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.