lørdag, januar 28, 2006

Dårleg kommunikasjon på kryss og tvers


Den stod der raud og fin. Som eit fyrtårn (eit ganske forskjellig, raudt fyrtårn i forhold til den vesle, blå dingsen på biletet). Kameraten min og eg såg på fyrtårnet med store auge. To små gutlarvar i ei lita, våt bygd på det mørke vestlandet.
Me hadde oppdaga at fotball og skulekorps ikkje var det einaste å driva på med om kveldane. Me kunne nemleg òg gå gatelangs. På den eine vegen det var mogleg å gå på. Gå til bygda som hadde ein brusautomat. Som var øydelagt.
Men den kvelden stod det eit nytt, raudt fyrtårn der.
Ein telefonkiosk.
Kameraten min og eg kjende hjarta våre hamra då me opna døra og steig inn i det aller heilagste.
Det var som om verda opna seg. Framfor oss hang telefonkatalogane for heile landet. Tenk: HEILE LANDET!
Me hadde lurt til oss nokre kroner. Og nå kunne me ringa, det vil seia tulleringa kor som helst over heile landet. Utan at nokon vaksne kunne ta oss.
Det var nestan for godt til å vera sant.

Omlag 30 år seinare sit eg her i Vadsø med ein ny dings oppi øyret. Ein slik blåtann håndsfri. Sonen min fnys av at eg ikkje kallar den blue-tooth-hands-free.
I alle fall kan eg nå ha mobilen i lomma eller ein annan stad. Og håndsfrien på øyret medan eg snakkar med folk. Utan bruk av ledningar.
Det blinkar eit blått lys på den. Den får meg til å sjå ut som eit vandrande juletre, der eg går stolt omkring med det blinkande lyset i øyret.
Dessutan: Eg kan trykka på ein knapp på håndsfrien, så seier det "bip", så kan eg seia namnet på den eg skal ringa til, OG SÅ RINGER TELEFONEN TIL AKKURAT DEN PERSONEN!
Problemet er berre at eg må lesa inn namnet med rett tonefall. Elles brukar eg endå lenger tid på lesinga enn på å tasta inn nummeret på vanleg måte.

Elles har eg oppdaga eit såkalla ip-firma som tilbyr gratis telefonringing frå pc-en til fasttelefonar.
Nå har eg forska på å kobla saman håndsfrien og pc-en. Slik at eg kan gå omkring i huset og ringa gratis med ein blinkande, blå dings i øyret og ein summande pc i hjørnet. Via ein blåtann-usb-penn (endå ein dings eg har).
Men dette siste fekk eg ikkje til. Same kor mykje eg herja og herja.

Det kjennest berusande med all teknologien. Men det endar som regel med frustrasjon. Fordi eg ikkje får det til.
Og det blir det jo dårleg kommunikasjon av.

Tilbake til telefonkiosken (som for lenge sidan er riven bort) for omlag tretti år sidan på det mørke, våte vestlandet.
Me, gutlarvane bestemte oss for å ringa til nokon. Ringa så langt det absolutt var mogleg å koma.
Etter litt forsking i telefonkatalogane fann me ut at Kautokeino; Det måtte vera det fjernaste me kunne ringa.
Me fann fram til eit namn. Og eit nummer. Stappa på nokre kroner. Og eg slo nummeret med ein skjelvande finger.
Det ringte. Kunne eg høyra.
-Hallo, sa det i telefonen.
Eg kaldsvetta. Kameraten min, som ikkje snakka, men som stod tett ved sida og prøvde å lytta i telefonrøyret, han var minst like nervøs.
-...H-hallo stotra eg til slutt fram.
-Ja, hallo, svara det i telefonen.

Det heile blei for sterkt. Me kasta telefonrøyret tilbake på plass og storma ut av kiosken.
Sprang ein kilometer eller to. Så rusla me vidare bortover den våte, mørke vegen.
Kommunikasjonen gjekk ikkje så bra den gong heller.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.