lørdag, januar 14, 2006

Økologisk propaganda


Har ein kasse bak huset. Nokon lurer kanskje på kva den er til.
Og då kan eg fortelja at spennande, det er den. Inni kassen sydar og kokar det. Reine evolusjonen er i gang der.
Den er nemleg del av eit strengt økologisk regime som blir halden i huset.
Mykje av søppelet blir brukt som brensel. Og matavfall går opp i kassen.
Den ser kanskje ikkje så fin ut. Men det er faktisk ein Rolls Royce...ja, i alle fall ein Mercedes innan kompostproduksjon.
Den er godt isolert med isoporplater innvendig, slik at den held seg varm og god heile vinteren. Og set fart i komposteringa.
Til våren reknar eg med at alt matavfallet er blitt til god gjødseljord som kan leggjast ut på potetåkeren.
Dermed er huset i ein slags økologisk balanse.
Slik likar eg å sjå det i alle fall.

Og sidan eg er så opptatt av dette, tenkte eg det var lurt å påverka elevane mine litt. Innføra litt økologisk propaganda i dei unge hjernene.
Så eg tok dei med heim ein dag for å sjå på den herlege kassen.
Hadde forklart dei godt på førehand korleis kompostering skulle gjennomførast. kva som er fordelen med det. Om økologisk balanse og det heile. Dei hadde tatt med seg litt rester frå matpakkar sjølv òg for å bidra til balansen.

Så stod me rundt kompostkassen. To vaksne og 29 forventningsfulle 6. klassingar stod tett rundt kassen og venta spent på å sjå kva som var oppi då lokket skulle til å opnast.

Nå har det seg slik at det finnes to slags kompost. Etter det eg veit. Den som luktar ganske kraftig og den som ikkje luktar noko særleg.
Det er akkurat som dårleg ånde. Når munnen er mykje lukka får det utvikla seg bakteriar som ikkje luktar så godt.
Og i denne kompostkassen hadde eg ikkje vore så nøye med å ordna lufting. Hadde berre kasta matavfallet oppi etterkvart og latt det stå til.

Så når lokket blei opna, med ein haug nysgjerrige barnehovud tett over opninga, kom det eit gedigent
-OOOOOÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!!
Dei nysgjerrige andleta vrengte seg over i forferdelege grimasar og brått spredte dei seg utover i ein imponerande vifteform. Minst hundre meter sprang dei raskaste innan dei rekna med å vera på trygg avstand.

Så dermed var heile opplegget mitt spolert.
29 av framtida sin håpefulle generasjon uttrykte høgtideleg at dei ALDRI skulle bli nokon kompostprodusentar.
Slukøra lukka eg igjen lokket på kompostkassen min...

4 Comments:

Blogger Ragnhild said...

Uff da! (hihi) ;-)

15 januar, 2006 10:36  
Blogger kysten said...

Det er ikke enkelt å overbevise sarte luktesanser om kompostens fortreffelighet. Men det er hyggelig å se at den gamle bingen gjør nytte for seg, og igjen stor nytte for miljøet i den verden vi lever i.

16 januar, 2006 13:02  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Ja, du skal ha stor takk for bidraget ditt, Kysten.

16 januar, 2006 13:45  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

...og takk for din økologiske latter, Ragnhild.

16 januar, 2006 13:46  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.