tirsdag, juli 31, 2007

Varangerjomfrua

Var bortom Varangerjomfrua her om dagen. Eg og tvillingsjela hennar (!). Denne jomfrua skal ha blitt skremt av Stallo på andre sida av fjorden, hoppa ut i sjøen, byrja å symja, drukna på halvvegen, skylt i land her på nordsida og forsteina av Stallo. Ei anna historie går ut på at ho lengta slik etter kjærasten sin at ho byrja å symja, drukna på halvvegen og så vidare.
Uansett. Fin er ho.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, juli 26, 2007

Røyking på høgt nivå

Så var me i gang med røykinga. Laksen blei salta. og tørka etterpå...Vel tørkinga gløymde eg, og saltinga varte for lenge, slik at det blei saltaste laget.

Men røykeriet på garden er prøvd. Og fungerer veldig bra. Spennande fenomen. Lang avstand mellom ovn og røykehus gjer røyken kald. Men effektfull.
Så var det fest igjen. I lavvuen nede i fjæra (vårt lokale Sameting). Med eggerøre frå Hannah. Og meir vill grasløk frå bakken.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, juli 18, 2007

Vår første laks!

Dette blir nok ein "ut i naturen og heim å eta-tekst". Men denne gong er det med dei sterkaste emosjonar eg nokon gong har hatt i forhold til dette temaet. Kjende meg nemleg som eit barn i dag. Den første laksen har kome til gards! Laksegarnet har omsider kome ut. Og ved første sjekk, fann me denne 3-kilosen.

Geir hjalp til med den historiske hendinga.
Det har tatt tid. Garnet skulle ha vore ute for lenge sidan. Men det er mykje som til nå ikkje har klaffa. Vær og tid, blant anna.
Men nå.
Ewald og Geir var til god hjelp i går kveld med sin ekspertise i få alt ut (eg sat nå stort sett og såg på). Og eit døger seinare var det allereie klaff.

Lenge låg den som eit trofe på garden.
Innan den blei filetert.
Eindel av den går til røykeriet vårt.
Resten laga Geir fiskesuppe av.

Iblanda grasløk frå bakken.Så var det å eta.
Det er ikkje så lenge til laksegarn-sesongen er ferdig. Men me tar sikte på storfangstar og diverse matgilder i tida framover.

Og her kjem oppdateringane:

19.7.,
2. dag:

To laks, 3 og 5 kg. Stekt laks til middag, ein salta og lagt klar til røyking.

20.7.,
3. dag:

Ikkje så svære greier. Ein liten "russelaks", ein taratorsk" og ein rognkjeks med rogn. Filet av laksen i fryseboksen, kokt torsk til middag. Med stekt rogn.

Mandag 23.7.
4. dag:

Seint på kvelden. Hadde så vidt fått ut garnet igjen etter helga. Så plaska det. Og eit nytt fint, blodferskt eksemplar låg i garnet.


24.7.:
5. dag:

Nå kan me byrja å snakka. 10 laks. Ein av dei på 10 kg. Pluss eit par torsk og rognkjeks. Det gjekk til røyking og frysing.


25.7.:

To liberianarar var med. Opprømte over arktisk sjøliv. Var ute i liten båt for første gong i sitt liv. Og bidrog til 6 nye laksar. Og 2 torsk.

26.7.:
To laks.

27.7.:
To laks...og ein skarv.


...og resten av sesongen:
1 laks per dag.
Det blei nå ein del, til saman.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, juli 08, 2007

Knut Hamsuns Mysterier, tysk piggtråd og Døden med horn

Har satt i gong eit stortilt arbeid med å rydda eit skogområde på garden. Dermed dukkar det opp svært gammal historie.
Samstundes må det setjast av tid til studiar. Som inneber å lesa Mysterier av Knut Hamsun. Då er det greit å kombinera med å lasta Hamsun ned som lydbok frå nettet og leggja den inn i mobiltelefonen (den same telefonen som har tatt desse bileta).
Så der høyrde eg på Mysterier i øyretelefonane. Og drog opp det eine etter det andre i lyngen.
Gammalt jernskrap. Nagel redda Minutten frå å bli ydmyka på vertshuset.
Gjerdenetting som var grodd inn i ei bjørk. Eit nedgrodd steingjerde. Nagel blei svært amorøs under ein tur i skogen.
Drog opp ein haug med gammal, tysk piggtråd. Som seinare blei brukt av bonden i etterkrigsåra (tysk piggtråd har jo litt til felles med Hamsun, forresten). Nagel skifta stadig personlegdom. Og skapte forvirring i den vesle byen.
Så kom eg over hovudet til ei ku. Ei veldig dau ku.
Det blei for mykje på ein gong. Tysk piggtråd. Nagel. Hamsun. Kua. Så eg skrudde av lydboka. Avslutta arbeidet og gjekk heim.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Føling i fjæra

Det er ei stund sidan det skjedde nå. Men ved St. Hans var det altså tradisjonell føling i fjæra. Makkenesfjæra. Med eit umåteleg svært bål. Og veldig mykje god mat og drikke.
"Ja, det var nu det..."

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Båt og fisk


Har fått låna ein båt av Lars. Ein veldig fin trebåt. Etter turen frå Ytrebyen til Makkenes prøvde me på fiskelykka.
Det blei ikkje så mykje. To små uer.
Men uer er jo godt. Blei grilla i hagen. Dandert med brennesle (!) og grasløk. Vill grasløk plukka frå bakken vår.
Alt fortært på verandaen. Det var godt, ja.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.