onsdag, juli 18, 2007

Vår første laks!

Dette blir nok ein "ut i naturen og heim å eta-tekst". Men denne gong er det med dei sterkaste emosjonar eg nokon gong har hatt i forhold til dette temaet. Kjende meg nemleg som eit barn i dag. Den første laksen har kome til gards! Laksegarnet har omsider kome ut. Og ved første sjekk, fann me denne 3-kilosen.

Geir hjalp til med den historiske hendinga.
Det har tatt tid. Garnet skulle ha vore ute for lenge sidan. Men det er mykje som til nå ikkje har klaffa. Vær og tid, blant anna.
Men nå.
Ewald og Geir var til god hjelp i går kveld med sin ekspertise i få alt ut (eg sat nå stort sett og såg på). Og eit døger seinare var det allereie klaff.

Lenge låg den som eit trofe på garden.
Innan den blei filetert.
Eindel av den går til røykeriet vårt.
Resten laga Geir fiskesuppe av.

Iblanda grasløk frå bakken.Så var det å eta.
Det er ikkje så lenge til laksegarn-sesongen er ferdig. Men me tar sikte på storfangstar og diverse matgilder i tida framover.

Og her kjem oppdateringane:

19.7.,
2. dag:

To laks, 3 og 5 kg. Stekt laks til middag, ein salta og lagt klar til røyking.

20.7.,
3. dag:

Ikkje så svære greier. Ein liten "russelaks", ein taratorsk" og ein rognkjeks med rogn. Filet av laksen i fryseboksen, kokt torsk til middag. Med stekt rogn.

Mandag 23.7.
4. dag:

Seint på kvelden. Hadde så vidt fått ut garnet igjen etter helga. Så plaska det. Og eit nytt fint, blodferskt eksemplar låg i garnet.


24.7.:
5. dag:

Nå kan me byrja å snakka. 10 laks. Ein av dei på 10 kg. Pluss eit par torsk og rognkjeks. Det gjekk til røyking og frysing.


25.7.:

To liberianarar var med. Opprømte over arktisk sjøliv. Var ute i liten båt for første gong i sitt liv. Og bidrog til 6 nye laksar. Og 2 torsk.

26.7.:
To laks.

27.7.:
To laks...og ein skarv.


...og resten av sesongen:
1 laks per dag.
Det blei nå ein del, til saman.

4 Comments:

Blogger Lars said...

Gratulerer!
Ventar i spenning på "båtlotten"...

18 juli, 2007 22:48  
Anonymous Anonym said...

...og at laksesuppa smakte utmerket kan jeg bekrefte

20 juli, 2007 15:58  
Blogger Ragnhild said...

wooow, so kjekt. Når eg ser slike fine bileter og filmer so lenger eg skikkeleg til Finnmark. Kanskje eg kjeme med teltet mitt ein gong og ligg attmed røykeriet ditt, hehe. Koooos deko kjempemykje og nyt livet akkurat som de pleier å gjera. De er veldig flinke til det. Helsa til Geir også. Kjempeklem frå Ragnhild og vetle Ýmir.

27 juli, 2007 23:36  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

-Det skal det nok bli ei råd med, Lars.
-Den er god, Runar.
-Takk, Ragnhild.

31 juli, 2007 22:45  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.