lørdag, mai 27, 2006

Lys, draumefangar, ei blå nise og litt vår


I vinter ein gong skreiv eg om korleis det var å vakna til utsikten frå soveromsvindauget (i denne artikkelen). Det vil sei at det stort sett var svart og mørkt.
Dei av dykk som har innsikt i arktiske lysforhold forstår vel at det nå er stikk motsatt. Det er lyst heile tida. Midnattsola har byrja å fungera. Det gjer måsen endå meir vill. Og for oss tobeinte (.....vel, nå har forsåvidt måsen òg to bein...)blir det stort sett endå meir umogleg å sova.

Så slik ser det altså ut frå soverommet rundt midnatt nå. Den tynne, raude gardina klarer på ingen måte å halda lyset ute.
Men i dette huset får me litt hjelp. Det rare er nemleg at ei lita, blå nise alltid byrjar å symja rundt i rommet rundt leggetid. Inntil ho blir fanga opp av ein draumefangar oppi hjørnet.

Vakna opp om morgonen. Til lyden,...ja av eit par måsar, sjølvsagt. Men òg til den mest liflige sommarlyden me kan høyra; Lyden av naboen sin plenklippar.
Og nå sit me ute i hagen. Det er sol! Fleire varmegrader enn sist. Naboen driv framleis og klipper plenen. Flittig kar. Fjorden er vakker og lys.
Me prøver igjen. På litt vår.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, mai 25, 2006

Den grå perioden


Dette er den psykologisk kaldaste perioden i heile året. Mai-juni med fem grader, kald, kald austavind og eit tjukt, grått skylag.

Og eg står ved vindauget med, ja nettopp, kaffekoppen og berre ser på det heile. Ikkje anna å gjera.

"Skogen", som eg planta for ti år sidan i hagen, veit godt at det berre er å drøya lengst mogleg med å visa fram nokre grøne blad. Såpass har den forstått desse ti åra. Ein spurv prøver å setja seg på ein av dei tynne greinene. Men finn ut at det er best å venta i minst ti år til.

Og oppe i ein telefonstolpe sit det ein måse og remjar som vanleg. Så det går gjennom marg og bein.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mai 13, 2006

O fryd, o glede...


Yupp, yupp.
Slik går nå dagane her...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, mai 08, 2006

På an igjen. I longs med stil


.........og DER måtte jaggu meg stillongsen på igjen.
Har lenge gått og svetta i ullstillongsen i alle varmegradene dei siste vekene.
Og akkurat i det eg, med stor ærefrykt tok den av, gjekk ut i naturen med berre legghåra innafor buksa, så sank temperaturen brått som ein struts i fritt fall. Eller noko slikt.
Faktisk så sprada eg ute i hagen i berre shortsen i deler av den siste varmedagen. Utan at legghåra reiste seg.
Og ein liten augneblink, berre ein liten ein, tenkte eg at slik kunne det bli resten av sommarhalvåret......

HA, HA, HAAAAAAAAAA!!!!!!
Nokon større idiot går det ikkje an å bli!

I dag var det berre å gøyma heile shortsen, plukka opp buksa, stillongsen, ullsokkane og alt som eigentleg høyrer med.

Jo, jo, men....

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, mai 01, 2006

Den raude flammen


Det virkar unekteleg som om flammen har spakna litt med åra. Blitt meir eit bluss. Men det fine er at blusset ikkje sloknar.
Eg kreka meg til 1. mai samlinga i dag. Snakka med ein kamerat på telefonen i går kveld. Han drakk whisky og høyrde på storslått, klassisk musikk. Og ville gjerne slå av ein prat med det same.
Eg fortalte som sant var at eg var blitt litt passiv i forhold til 1. mai.
-Du må dra, svara han.
-Det har aldri vore så viktig å dra på slike arrangement som nå.
Så eg drog.
Kan ikkje sei at eg følte meg så mykje klokare etter å ha vore der.
Men det er noko med stemninga. Når OmSåKor ljomar ut med "Virvelstevet";
"Som ei kaffekvern gjør du jobben din, hever lønna di, jobber overtid..."
Og når alle til slutt reiser seg og syng "Internasjonalen".

Det er all grunn til å vera pessimistisk i forhold til framtida.
Den største gleda vår er for tida å kjøpa. Kjøpa og kjøpa. På varer som ofte er laga av menneske som arbeider under slavekontraktar.
Desto billegare me får det, desto meir nøgde er me. Medan dei som produserer får endå mindre.
Me bur i eit land som er i krig. Me sender jagarfly til Afghanistan som slepper bomber ned over menneske. Og soldatar som mest sannsynleg har, eller kjem til å drepa afghanske menneske. På afghansk jord.
Og det er nestan ingen i landet som reagerer på det.
Ved neste Stortingsval ligg me an til å få ei regjering frå Framstegspartiet.
I verste fall betyr det eit samfunn styrt etter prinsippa hat, ekstrem egoisme og kaos. Styrt av ein gjeng stutumar som aldri kjem til å forstå ironien til Stutum.

Lengst framme i Samfunnssalen i Vadsø i dag sat byens gamle kommunistar.
Det er mykje eg kunne ha kritisert kommunistar for. Som då dei i stor grad forsvarte det tidlegare Sovjetsystemet.
Men eg har stor respekt for desse menneska. Som ofra svært mykje under krigen. Som opplevde å bli mistenkeleggjort og håna under den kalde krigen. Men som framleis har gløden i seg. Og som bidrar til at det raude blusset aldri kjem til å døy ut.

Difor kjennest det godt å reisa seg til slutt og synga med;
"Så samles vi på Valen, seiren vet vi at vi får..."

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.